Det er openbert kva regjeringa ville med domstolsrapporten

Vi var sjølvsagt klar over ordlyden i mandatet frå regjeringa.

Publisert: Publisert:

PROBLEMATISK: Det er sterkt problematisk at Domstolkommisjonen ikkje hadde eit einaste medlem frå ein liten tingrett, og at kommisjonen fekk ein påskunda frist for delen om struktur, skriv Jenny Klinge (Sp). Foto: Privat

Debattinnlegg

Jenny Klinge
Justispolitisk talsperson, Sp

Ønskjer regjeringa å sentralisere domstolane eller ikkje? BTs Morten Myksvoll skriv på kommentarplass 08.10 at det ikkje er regjeringa som har gjort framlegg om å kutte i talet på tingrettar. Myksvoll viser vidare til at «statsminister Erna Solberg har sagt at domstolsrapporten er for dramatisk».

Ja, det har ho sikkert sagt, no som dei sterke reaksjonane dukka opp. Men det er viktig å ha med seg bakteppet for rapporten frå Domstolkommisjonen.

Det går tydeleg fram av mandatet kommisjonen fekk frå regjeringa kva føremålet var: «Det er i dag 63 alminnelige førsteinstansdomstoler, der mer enn en tredjedel er bemannet med to eller tre dømmende årsverk. I tillegg er det 34 jordskifteretter, nesten halvparten med ett eller to dømmende årsverk. Det er et behov for endringer i denne domstolsstrukturen.»

Medan Domstolkommisjonen arbeidde, uttalte då også Høgres justispolitiske talsperson, Peter Chr. Frølich, at det ikkje var tvil om at det ville koma nedleggingar av domstolar.

Derfor blir det litt komisk når den same Frølich skuldar oss i Senterpartiet for å konkludere mot massive nedleggingar dagen før vi hadde lese heile rapporten (då det kom ein lekkasje i Adresseavisen om framlegget frå kommisjonen).

For det første konkluderte han sjølv månadsvis før rapporten kom, for det andre var vi sjølvsagt klar over ordlyden i mandatet frå regjeringa og kva intensjon dei hadde med å bestille rapporten.

At H og Frp seinare har gått inn i ei fleirtalsregjering med to parti som er skeptiske til regjeringas plan, gjer jo naturleg nok at statsministeren ordlegg seg meir moderat no enn ho elles truleg ville gjort.

Vi i Sp meiner det er sterkt problematisk at Domstolkommisjonen ikkje hadde eit einaste medlem frå ein liten tingrett, og at regjeringa gav kommisjonen ein sterkt påskunda frist for den delen som gjeld struktur.

Dei gjekk frå å ville sjå heilskapen i domstolane, til å ønskje eit spesifikt framlegg om nedleggingar lenge før resten. Dette bestilte dei til rett etter kommune- og fylkestingsvalet, og lenge før neste stortingsval.

Det er jo strategisk lurt om dei ønskjer å bli kvitt domstolar, men særleg sympatisk – det er det ikkje.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg