Bergenspolitikken treng meir sunt folkevett

DEBATT: Senterpartiet går ikkje inn i valkampen som medlem av nokon blokk, heller ikkje Hove si.

Publisert: Publisert:

SKUMME FLØYTEN: Vi vil heller at kommunen og ideelle organisasjonar skal drive velferda, enn at storkonsern skal skumme fløyten og overføre store offentlege subsidiar til private formuar, skriv innsendarane. Foto: Fred Ivar Utsi Klemetsen

Debattinnlegg

  • Ove Sverre Bjørdal
    Gruppeleiar i bystyret og 1. kandidat (Sp)
  • Steinulf Tungesvik
    2. vara til bystyret og 5. kandidat (Sp)

Harald V. Hove (H) deler i eit BT-innlegg 4. mai inn bergenspolitikken i to blokker: Ap, Sv, Mdg og Raudt på ei side, og Høgre, Venstre, KrF, Frp, Fnb, og Sp på den andre. Slik er det ikkje.

Koalisjonane i bergenspolitikken har gått på kryss og tvers, og i denne perioden er det Ap, KrF og Venstre som regjerer. Sp har ikkje vore i byråd sidan 2003, verken til venstre eller høgre. Hove framhevar eigedomsskatt og bompengar som saker Høgre no skal kjempe imot, og inviterer til blokksamarbeid om det.

Les også

Les innlegget som Sp-politikarane svarar på: «Bergen får en ny retning etter valget»

Ja vel? Det var Høgre som frå byrådsposisjon i 2015, saman med Frp, innførte eigedomsskatten att og heva den til historisk høgt nivå. Budsjettet vart støtta av KrF, Venstre og Byluftslisten. Høgre har stått i spissen for bompengefinansiert utbygging av bybane, veg og sykkelveg lokalt, og får som alle andre ta både æra og kjeften for det.

Ove Sverre Bjørdal Foto: Jan M. Lillebø

Erna Solberg er statsminister i den regjeringa som har auka bompengane aller mest, og fått innført den nye ytre bomringen i Bergen som no er viktigaste grunnlag for bompengelista.

Sp har i bystyret, saman med Ap, KrF, Venstre, SV, MDG og Raudt, kravd at staten aukar sin del av bybaneutbygginga frå dagens under 50 til 70 prosent. Dette har Ernas regjering avvist og peikt på at regjeringspartia i Stortinget har vedtatt 50 prosent. Sp er eit blokkuavhengig sentrumsparti.

Vi går derfor ikkje inn i valkampen som medlem av nokon blokk, heller ikkje Hove si. Vi vil fortsette vår kamp for rettferdig fordeling og utbygging av tilbod i heile Bergen kommune, også i utkantane. Vi vil ha meir næringsutvikling basert på norske ressursar.

Steinulf Tungesvik Foto: Privat

Vi vil heller at kommunen og ideelle organisasjonar skal drive velferda, enn at storkonsern skal skumme fløyten og overføre store offentlege subsidiar til private formuar – det er dyrt, det. Regjeringa Solberg sin politikk for sentralisering og skattelette for dei med høge inntekter, kombinert med høgare avgifter og bompengar for alle andre, er vi imot.

Hove har rett i at det må breie samarbeid til etter kommunevalet, denne gongen også. Sp er på frammarsj og vil stille krav om meir sunt folkevett inn i bergenspolitikken. Førebels kan vi ikkje sjå at verken Høgre eller Ap er der.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg