Plutseleg er eg aleine med seks toåringar. I morgon skal eg ta på meg bleie.

DEBATT: Når barnehagearbeidaren må på do.

Publisert:

ALEINE: I løpet av dei ti minutta eg er aleine med barnegruppa, ramlar eit barn ned frå ein stol , skriv Jenny Rømo. Foto: NTB Scanpix

Debattinnlegg

Jenny Rømo
Barnehagelærar og listekandidat for Rødt

– Eg beklagar, men eg må gå på do. Eg tenkte eg skulle klare å halde meg til eg var ferdig på jobb om 30 min, men det går ikkje.

Kollegaen min ser på meg med eit orsakande blikk. Eg er saman med fire born i toårsalderen. Dei kryp gjennom ein tunnel og treng støtte frå meg, fordi det er vanskeleg å vente på tur, og alle vil inn i tunnelen på same tid. Det er god stemning, men det veit eg kan snu fort, dersom eg ikkje er oppmerksam.

Kollegaen min er saman med to barn i same aldersgruppe. Begge er trøytte etter ein lang dag og treng å få vere i fred. Dei ligg på golvet med kvar sin bil, omgitt av kosedyr, dyne og smokk. Dei treng ro og trygge rammer, og det fekk dei av kollegaen min. Så måtte han på do.

I denne aldersgruppa kan mykje skje på kort tid. Så små born treng hjelp til å regulere kjensleregisteret sitt. Personalet i barnehagen jobbar beinhardt med dette kvar dag.

Ein gretten toåring kan bite venen sin til blods dersom hen ikkje får den leiken hen hadde tenkt seg, eller dytta venen. Konsekvenstenkinga er ikkje på plass, slik den er for oss som har levd lenger.

Vi vil gi barna god relasjonskompetanse. Det er det aller viktigaste vi gjer i barnehagen.

For kven vil ha ein kollega på sin eigen arbeidsplass som ikkje evnar å vente og ta omsyn til andre sine behov? Som eksploderer i andletet ditt om du har gløymt å legge på plass stiftemaskina du lånte i går, eller som dekker over sanninga for å redde seg sjølv?

BARNEHAGEKVARDAG: Jenny Rømo jobbar i Rosetårnet barnehage i Bergen. Foto: PRIVAT

Plutseleg er eg aleine med seks toåringar. Eg veit at dersom eg bevegar meg vekk frå gjengen som leikar i krypetunellen, så er leiken over, men eg må ha kontroll på dei to småtrøytte som kollegaen min gjekk ifrå.

I løpet av dei ti minutta eg er aleine med barnegruppa, ramlar eit barn ned frå ein stol. Eg rekk ikkje å få med meg at hen hadde gått opp der ein gong, før hen blir løfta gråtande opp på skuldra mi.

To andre barn byrjar å gråte, fordi dei høyrer gråten og blir redde. Og vips, har eg alle rundt føtene mine, knuffande på kvarandre, for alle treng hjelp til å kjenne seg trygge. Det vil eg gjerne gi dei, men det er fysisk umogeleg for meg å løfte opp seks born samstundes.

Les også

LES OGSÅ: Barnehagebarn? Bli der du er!

Eg veit at born treng å kome vekk frå det som stressar dei når dei er utrygge, så det vil ikkje nødvendigvis hjelpe at eg set meg ned på golvet. Eg kjenner dessutan at tolmodet mitt byrjar å slå sprekker.

Eg bestemmer meg difor for å setje dei i kvar sin Tripp trapp-stol, samstundes som at eg trøystar så godt eg kan. Eg blir letta då kollegaen min kjem inn døra.

– Beklagar igjen, seier han.

I morgon skal eg ta på meg bleie. Enn så lenge så har ikkje evolusjonen gitt oss større blærekapasitet, fire armar eller to hovuder.

Vi må ha ei grunnbemanning som bygger på realisme. Som varer heile barnehagedagen, som tek høgde for at eittåringar treng fleire vaksne enn treåringar, og at sjukefråvær ikkje er utrydda.

Kommunevalet står for døra. Eg oppfordrar alle til å stemme på eit parti som går inn for å gi ungane våre dei beste rammene. Som tek den gode barndomen på alvor, og som jobbar aktivt for eit godt og anstendig arbeidsliv.

Har du meninger? Send oss en e-post. Følg BTmeninger på Facebook!

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg