Rein maktarroganse

Mastestrida i Hardanger viste tydeleg at her er det makta som rår, ikkje dei betre argument.

MAKTA RÅR: Argumentasjonsklimaet i Hardanger-saka var elendig, skriv Gunnar Skirbekk. Her frå demonstrasjon mot mastane i januar. ARKIVFOTO: Rune Sævig

  • Gunnar Skirbekk
    Professor emeritus, filosofi, UiB
Publisert:

Gunnar Skirbekk

Debatten om mastene i Hardanger er lærerik og avslørande — eit pinleg døme på diskusjonsvegring og maktarroganse.Statnett, med konsernsjef Auke Lont, førte an i ordskiftet for fire-fem år tilbake. Han hadde to kron-argument:

  • Det vil bli forsyningsproblem for Bergensregionen ved kalde og tørre vintrar; derfor må det handlast raskt.
  • Sjøkablar er usikre; det vart ofte vist til ein sjøkabel i Oslofjorden - eit «meget godt eksempel», vart det sagt.

Skjulte fakta

Det ein ikkje sa, var at den yngste sjøkabelen i Oslofjorden var 29 år, og at ein på dette tidspunktet var i ferd med å leggje nye kablar i Oslofjorden. Det ein ikkje sa, var at ein hadde lagt ein sjøkabel på 58 mil frå Feda over Norskerenna til Nederland - eit prosjekt som vart framheva fordi det gav «forsyningssikkerhet».

Det ein heller ikkje sa, var at det samtidig med dette var forhandlingar på gang, for å leggje sjøkablar frå norskkysten til Storbritannia og kontinentet, jamfør North Sea Countries Offshore Grid, med avtale frå 2009. ## Fekk ikkje svar

Konsernsjef i Statnett la vekt på at sjøkabel var ei usikker løysing. Derfor vart han i BT 29.11.2009 spurt om Statnett hadde vurdert tilrådingane i «Sårbarheitsutvalet» (NOU 24/2000 / Willoch-utvalet), der det mellom anna blir vist til faren for terror og sabotasje, og for bortfall av elektrisk kraft. Eit rimeleg og relevant spørsmål, skulle ein tru. Men nei, Ikkje svar.

Ein månads tid seinare, 22.12.2009, nytt innlegg med same spørsmål. ikkje svar. Etter jul, 5.1.2010, e-post direkte til konsernsjefen: ikkje svar.

Kva gjer ein då? Ein kan gå til oppdragsgivar, til Olje- og energidepartementet. Den 25.1.2010 vart e-post send til 5 sentrale personar i departementet. Heller ikkje denne gongen fekk eg svar.

Kva så? Justisdepartementet har ansvar for at lover og forskrifter blir etterlevde, også for at innstillinga frå Willoch-utvalet blir etterlevd. Etter ei veke vart derfor e-post send til 8 sentrale personar i Justisdepartementet. Departementet blir bedi om å «innskjerpe at også denne etaten [Statnett] må ta NOU 24/2000 på alvor». Lenge var det tyst som i grava.

Men etter nær 11 månader, den 21. desember, 3 dagar før julekvelden, kom svarbrevet frå Det kongelege justis- og politidepartement - i sak på 2,5 linje. Der står det at «vi… vil ta problemstillingane… med i vårt vidare arbeid». - God dag mann økseskaft.

Godt nyttår

Det var ikkje det det var spørsmål om. Departementet var bedi om å «innskjerpe», overfor Statnett, at Statnett må ta innstillinga frå Willoch-utvalet på alvor. - God jul og godt nyttår. Men det vart ikkje eit godt år - sju månader og ein dag seinare small det. Også Justisdepartementet gjekk i lufta, med døde og såra.

Mastevedtaket stod ved lag utan at klimaendringar og sjøkablar til utlandet, vart vurderte

Sommaren 2010, pressa av debatten, vart det på politisk hald bestemt at mastesaka skulle vurderast på nytt. Då vart det (i BT 4.9.2010) framheva at ein no måtte vurdere klimaspørsmålet: om det er rimeleg å rekne med tørre og kalde vintrar i Bergensregionen, eller om det er rimeleg å rekne med eit våtare og varmare vêrlag i åra som kjem. Og då trengst det ekspertar på klima, ikkje berre ingeniørar og økonomar.

Dessutan, om vêret blir våtare og varmare, vil spørsmålet om eksport av straum melde seg med auka styrke. Men dersom ein går inn for krafteksport via likestraumskablar i Hardangerfjorden, bør ein samtidig vurdere om det er grunnlag for ein omformar frå likestraum til vekselstraum, på ein avsides og usjenert stad i ytre Hardanger. Det vart understreka at dersom desse problemstillingane ikkje blir vurderte, vil vedtaket som skal fattast, ikkje ha politisk legitimitet.

Men det skjedde ikkje. Det vart aldri gjort. Mastevedtaket stod ved lag utan at klimaendringar og sjøkablar til utlandet, med omformar på kysten, vart vurderte.

Makta som rår

Så, 15. januar 2013 kan Bergens Tidende opplyse at NorthConnect (eit svensk-norsk-britisk selskap) har søkt om konsesjon for å leggje ein sjøkabel frå Sima gjennom heile Hardangerfjorden over Nordsjøen og til Skottland. Den 26. august i år kunne Aftenposten opplyse at Eidfjord kommune og NorthConnect har inngått avtale om ein slik sjøkabel, frå Sima til Peterhead i Skottland.

Eksempla frå mastestrida i Hardanger viste tydeleg at her er det makta som rår, ikkje dei betre argument. Klimakrisa i naturen blir endå verre å takle når argumentasjonsklimaet er så elendig.