Takk for 25 år

Kjære Gud, eg hatar å måtte fortelje deg dette. I dag meldte eg meg ut av statskyrkja.

IKKE VELKOMEN: Eg er ikkje velkomen hos familien din fordi eg elskar feil person. Dei meiner det einaste eg fortener er ein trøstepakke på kyrkjetrappa, vel å merke om eg er heldig nok til å finne den rette presten. Colourbox

Debattinnlegg

Sissel Furesund
Bergen

Den siste veka har det skjedd ting som har fått meg til å tvile på forholdet vårt. Først vil eg berre sei takk for dei siste 25 åra. Takk for at du har vore med meg. Både i medgang og motgang. Vi har vel hatt det ganske fint, har vi ikkje? Men eg må innrømme at eg tvilar på at det kjem til å vare. Familien din og eg kjem ikkje så godt overeins, noko som gjer at det ikkje kjem til å fungere i lengda.

Passar ikkje inn

Familien din meiner at det er ein del av meg som ikkje passar inn. Dei meiner det er nokre reglar vi må følgje, at eg og du ikkje bør ha eit forhold dersom eg vel å dele livet mitt med ein av same kjønn. Eg kunne respektert dette om det ikkje var for at familien din vel ut dei lovene dei likar best. Fleirtalet av familien din meiner at det er greitt å ete gris (3.Mos 11,2-13), og at kvinner brukar same klede som menn (5.Mos 22,5). Dei syns det er greitt å byggje hus utan rekkverk på taket, gifte seg sjølv om ein er skild eller ikkje er jomfru lenger (5.Mos 22, 8; 3.Mos 20,10; 5.Mos 22, 22). Familien din kan også godta at ein mann klipp av håret på sidene og stussar skjegget i kantane (3.Mos 19,27). Dei syns til og med at det er greitt å tenne opp eld eller arbeide på ein søndag (2.Mos 35,2-3).

Les også

I dag tar kirken avgjørelsen

Dei som bryt desse reglane, er inkludert i familien og invitert til å ta del i alt frå bryllaup til julefeiring, men ein som elskar ein av same kjønn får ikkje alltid lov til å vere ein del av denne familien. Familien din er nokre som fordømmer og stenger nokon ute fordi dei elskar. Nokre syns kanskje at desse lovene er reglar som ein kan og bør bryte i eit moderne samfunn, men eg er òg ein del av dette samfunnet. Når skal familien din forstå det? Eg er ikkje velkomen hos familien din fordi eg elskar feil person. Dei meiner det einaste eg fortener er ein trøstepakke på kyrkjetrappa, vel og merke om eg er heldig nok til å finne den rette presten.

Vil bli godtatt

Kjære Gud, eg hatar å måtte fortelje deg dette; I dag meldte eg meg ut av statskyrkja. Det er ikkje deg, det er tydeligvis meg. Eg vil vere ein del av ein familie som godtar meg for den eg er. Ein familie som godtar meg og den eg elskar. Paulus skriv «Kjærleiken er tolmodig, kjærleiken er velvillig, misunner ikkje, skryter ikkje, er ikkje hovmodig. Kjærleiken krenkjer ikkje, søkjer ikkje sitt eige, er ikkje oppfarande, gøymer ikkje på det vonde. Han gleder seg ikkje ved urett, men gleder seg ved sanninga. Alt held han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han (…) Så blir dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken.» (1.Kor 13, 4-7;13). Eg trur, og eg vonar, men eg trur mest av alt på kjærleiken.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg