Voss sjukehus får påskjønning for å drive slankefabrikk. Slik må lesarar forstå BT si oppsummering av den nasjonale helse— og sjukehusplanen 21. november.

At BT ønskjer å bidra til polemisering og samfunnsdebatt om helse- og distriktspolitiske prioriteringar, er innanfor eit avismediums mandat. Bodskapen i denne artikkelen bruker derimot språklege verkemiddel som er med på å halde oppe fordomar mot ei allereie utsett pasientgruppe. I tillegg bidrar omgrep som «slankefabrikk» til å redusere ei krevjande behandlingsform med brei støtte i medisinsk forsking, til industri.

Flølo.Tone.Nygaard.jpg

Alvorleg fedme er i dag sett på som ein kronisk sjukdom som gir rett til helsehjelp i spesialisthelsetenesta. Sjukdomen har samansette årsaksforklaringar med sterk biologisk dominans. Kirurgisk behandling bidrar i dei fleste tilfelle til betydeleg betring på fleire individuelle helsemål med gunstige effektar også for folkehelse og samfunnsøkonomi. Behandlinga kan kurere alvorlege tilleggssjukdomar som Type 2 Diabetes og høgt blodtrykk, og bidrar til å redusere risikoen for tidleg død.Sykehusdebatten:

Men inngrepa er omfattande og kan medføre utilsikta biverknader og i nokre tilfelle alvorlege komplikasjonar. Grundig medisinsk kartlegging før og livslang oppfølging i spesialisthelsetenesta i etterkant er naudsynt. «Quick-fix til slank og vakker» burde for lengst vere ei avdød myte, men blir her næra og haldt levande av slagkraftig medieretorikk.

Vel kjende med komplekse årsaksforhold utan enkle løysingar ser vi det naudsynt å oppmode maktinstansar, her ei regionsavis med eit formelt samfunnsansvar og over 300.000 daglege lesarar, til å bidra med enkle helsefremjande grep:

Bruk eit språk som fremjar folkehelsa og hindrar ytterlegare stigmatisering av personar med fedme.

Beholder kirurger på vakt:

Bruk eit språk som anerkjenner ei behandlingsform med brei støtte i medisinsk— og helsefagleg forsking og som gir mange pasientar med fedme betydeleg betre helse, livskvalitet og livsvilkår.

Fedmekirurgi er eit helsehjelpstiltak for pasientar som lir av alvorleg fedme. Fedmekirurgi er ikkje slankefabrikk i tydinga skjønnhetsindustri på samleband.