Må eg miste ein av mine for at noko skal skje?

Det er ikkje sjølvsagt at me kjem trygt heim frå skulen.

Hanna Søraas Vasshus er finalist i talekonkurransen Ta ordet! Ho er frå Suldal og går på Stavanger katedralskole.
  • Hanna Søraas Vasshus
    Elev ved Stavanger katedralskole
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Mamma styrer bilen rundt ein sving. Frontlysa våre lyser oppover den smale, krunglete vegen. Det blir stille i bilen. For der framme ser me dei mørke bratte fjellsidene som trugar. Dei gedigne steinane kan sleppe taket og dundre ned i vegen når som helst. På nedsida av vegen stuper det fleire hundre meter rett ned i sjøen.

At eg skal kome meg trygt heim, er ikkje ei sjølvfølgje.

Min heimveg går gjennom Rødsliane, landets tredje verste veg. Vegen ligg i heimkommunen min, Suldal. Den største kommunen i Rogaland, og den kommunen som produserer mest straum i heile Noreg. Men me er ikkje så mange, me er i underkant av 4000 innbyggarar knytt saman av fleire vegar.

Langs riksveg 13 ligg strekket Rødsliane. Dei siste 20 åra har det blitt registrert 150 ras her, ifølgje aksjonistar. Det svarar til omtrent eit ras annan kvar månad. Men talet aukar. I løpet av berre det siste halvåret har det vore 13 steinras på strekket, frå fjellsida som heng over vegen. Men dette blir ikkje prioritert høgt nok.

Rødsliane er skuleveg for cirka halvparten av ungdomsskuleelevane i Suldal. Halvparten av elevane våre mellom 13 og 16 år blir kvar dag sendt ut på Noreg sin tredje farlegaste veg. Fleire gonger har desse elevane måtta køyre lange omvegar heim, eller ikkje kome seg på skulen på grunn av tidlegare ras eller nedstengingar. Både dei og foreldra lever med frykt kvar dag.

Får me litlesyster heim i dag? Er me ikkje like heldige med tidspunktet denne gongen? For om ein av desse gigantiske steinane treffer skulebussen, er håpet lite.

Hanna Søraas Vasshus under finalen i «Ta Ordet!» fredag 18. november.

Me ser at rasfaren er vesentleg større i dårleg vêr, tider med mykje nedbør eller når fjellet frys. Kanskje de nå tenker at vegen skulle blitt stengt dagar der rasfaren er så mykje større. Då passar det ufatteleg dårleg at denne vegen ligg på Vestlandet, der ein har om lag 200 nedbørsdagar i året. Skal me då stenge vegen 200 dagar i året?

Me har også varierande temperaturar om vinteren. Skal samfunnet vårt stoppe kvar gong gradestokken går under null? Nei, me må bruke vegen. Ungar skal på skulen og fritidsaktivitetar, heimesjukepleiarar og naudetatar må nå fram, og pappa må jo på jobb.

Vegen har i dag dårleg standard med stor skredfare, skriv Statens vegvesen. Både dei og politikarane ser faren med Rødsliane. Samtidig skjer det ingenting. Det er sjølvsagt at det må bli gjort prioriteringar, men liv må vere det viktigaste i desse vala.

Kvar gong eg får nyheitsvarsling om at eit nytt ras, vil eg alltid ha redsla for at nokon eg kjenner er teke av steinane. Samtidig veit eg at løysinga ligg klar, me treng ein tunnel!

Alt av teikningar og planar er ferdig greia ut og kunne blitt starta på i dag, men me får ikkje innvilga pengar til å starte og gjennomføre arbeidet. Prislappen på tunnelen vil kome på om lag 1,1 milliardar kroner. Dette høyrest kanskje ut som eit skyhøgt tal, men kor mykje er eigentleg eit liv verd? Kor mykje er litlesyster mi sitt liv verdt?

Kor mykje er eg verdt?

Må eg miste ein av mine for at noko skal skje? Dette er ikkje berre sentimentale ord, men faktiske realitetar. Eg er 17 år, eg vil ha ein trygg veg heim!

Publisert: