Trening må inn i arbeidsdagen

Eg spelar hovudrolla i eige liv, og fastlegen min er ein fjern statist.

For Randi Førsund (48) har trening vore avgjerande for at ho no har kroppen ho drøymde om som 15-åring.
  • Randi Førsund
    Filmskapar, Førde i Sunnfjord
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Det nyttar ikkje med 16 vekers helvete med fokus på mat og trening. Det må bli ein del av kvardagen. Det nyttast betydelege midlar til forsking og enda meir spalteplass på korleis vi kan handtere fedme og inaktivitet, etter mitt syn den mest brutale pesten som stel og krev mest liv i 2023.

Om kvart hundreår har sin pest, trur eg fedme/inaktivitet er pest-vinnar i vår tid. Mykje kan gjerast av samfunnet, noko er samansett av ei rekke faktorar. Men vi må ta for oss heile sanninga. Resten av sanninga er at for mange av oss er for dårlege på disiplin og sjølvkontroll.

Les også

Kvinner blir pressa til å sjå ut som 14-åringar

I vår tid er vi tvers gjennom heile døgeret utsett for mogelegheiter som ikkje utan vidare er bra for oss. Vi ender ofte opp med dårlege val over tid. Det meste er nokre tastetrykk unna.

Før var vi naturleg fysisk aktive i kvardagen, i vår tid er vi i beste fall unaturleg fysisk aktive. For stadig fleire moderne menneske oppfattast det slik. Det er ikkje naturleg val over tid eller konkret tid på planen til å bevege seg.

Det er her det går gale. Vi har ikkje tid til å ikkje bevege oss. Eg trur løysinga må bli at arbeidsplassane tilbyr trening i arbeidstida, som del av arbeidsdagen. Gjerne i samarbeid med treningssenter, tilpassa beveglegheita til kvar enkelt arbeidstakar.

Les også

Disse damene trener alltid ute. Her er fem gode intervalløvelser uansett vær og vind.

Vi kan ha løpetimar før og/eller etter ordinær arbeidstid. Personlege trenarar kan assistere med styrketrening eller kva type trening som passar. Her bør ein vere allsidig så langt ein kan. Dessutan byggjer dette samhald blant arbeidstakarar og treningskollegaer.

Med sekstimars arbeidsdag er det tid for trening anten før eller etter, foreslår Randi Førsund.
Les også

Mer hjemmekontor og mindre reising – psykolog advarer

Viss ein går inn for sekstimars arbeidsdagar, kan trening bli lagt til. Slik at når ein kjem heim, er både trening og jobb i hamn. Så slepp ein tenke på framtidige sjukmeldingar der det kan unngåast.

For det meste av det som plagar oss og stel søvn, arbeidstid og livskvalitet, kjem av at vi er for lite aktive. Eg har sjølv erfaring med å integrere trening som del av arbeidskvardagen min.

Ein naturleg bonus er at eg som 48-åring har den kroppen eg drøymde om då eg var 15. Eg spelar hovudrolla i eige liv, og fastlegen min er ein fjern statist. Det er berre toppen av alle dei andre goda som ingen pengesum kan kjøpe.

Bør alle få tilbod om å trene i arbeidstida?

Publisert: