Skuggeboksing om Vestlandet

Greier vestlandsfylka å bli samde om ein stor og slagkraftig region?

Publisert: Publisert:

REGIONREFORM: Jan Tore Sanner må ta lærdom av historien, skriv Torill S. Nyborg. Foto: Scanpix

Debattinnlegg

Torill Selsvold Nyborg
Leder, KrF Kvinner i Hordaland

Intensjonsavtalen som fylkesordførarane i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane nyleg underteikna kunne tyda på det, men blekket vart ikkje tørt før protestane kom frå Sogn og Fjordane. Skepsisen er stor i dette fylket: Sju av ti under tretti år er skeptiske til ein vestlandsregion. Det lovar ikkje godt.

No kan det sjå ut som det er politisk vilje både i Rogaland og Hordaland til å få vestlandsregionen på plass. Det vert ein stor og framtidsretta region som stiller sterkt med ein million innbyggjarar, ein femtedel av Norges befolkning.

Ein framtidig vestlandsregion vil ha solide kompetansemiljø med mange høgskular, fleire universitet, ei stor olje- og gassnæring, store maritime og marine klynger, masse kraft til kraftkrevjande industri og fleire universitetssjukehus. Nye E-39 vil føre til kortare avstandar. Bu- og arbeidsregionane vert større.

Les også

Rogaland snur om Vestlandet

Kommunereforma og regionreforma er to store demokratireformer. Meir oppgåver og makt skal flyttast frå sentrale styresmakter til kommunar og regionar. Dette var vi igjennom tidlegare på 2000-talet. Det var stort engasjement frå politikarar, forskarar, næringsliv og andre samfunnsaktørar. Bøker vart skrive, Gulatinget vart gjenoppliva, og vi trudde vi skulle få til ei regionalisering av Norge. Men kommunal- og regionalminister Åslaug Haga (Sp) leverte meldinga med beskjed om at ho skulle ta seg ein lang tur.

Likskapen mellom statsråd Jan Tore Sanner og dåverande statsråd Haga er slåande når det gjeld å ikkje seia noko om oppgåvene som regionaldemokratiet skal forvalta. Å diskutera regionar utan å vita kva oppgåver, makt og mynde staten skal delegera, er som skuggeboksing.

Vi må ta lærdom av historien. Sist regionreforma stranda, var Jens Stoltenberg statsminister og sa nei, sjølv om Ap hadde programfesta dette. Det heile enda med nokre småoppgåver til fylkeskommunen og eit gedigent politisk magaplask for dåverande regjering.

No er situasjonen slik at det er regjeringspartia H og Frp som skal leggja saka fram for Stortinget, og begge partia har programfesta nedlegging av fylkeskommunen. I tillegg har Jonas Gahr Støre sagt at kjem Ap i posisjon ved neste val, så skal reformane stansast.

Dette vert ikkje enkelt. Ei stor region- og demokratireform som landet treng, krev at partia på Stortinget arbeider seg saman gjennom godt politisk handtverk, og finn semje om det viktigaste. Det beste no er at Rogaland og Hordaland samlar seg og tek ei leiarrolle i arbeidet med regionalisering av Norge.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg