Propaganda på Snapchat

Vi har eit ansvar for få elevar til å ikkje å tenkje at alt ein les på internettet nødvendigvis er sant.

Publisert: Publisert:

NYHETER PÅ MOBILEN: Vi må få born og unge til å forstå at påstandar kan vere falske, skriv lektor Robert Flatås. Foto: Bård Bøe

Debattinnlegg

Robert Flatås
Høgskolelektor i pedagogikk, NLA Høgskolen

På internettet finn du alt frå rasisme, helseråd, falske nyheiter, halshoggingar, pokerspel, sovande giraffar, matematikkoppgåver, bombeoppskrifter, sixpackråd og tips til korleis du kan leva til du er 120 år. Det er ikkje grenser for kva eit nysgjerrig og undrande menneske kan få svar på her, og forsking viser at ni av ti unge sjekker nyheiter på internett via smarttelefonen sin opptil fleire gongar dagleg (SIFO, 2016). Her får dei med seg utruleg mykje nytt frå sosiale medier som Twitter, Youtube, Facebook m.m., og dagens barn og unge er ganske gode på å spreie videoar med ulikt innhald.

Sosiale medier har blitt ein av dei viktigaste nyheitskjeldene for dei unge, for det er her det oftast dukkar opp nyheiter som dei unge er interessert i. Verda som dei lever i, blir stadig meir uoversiktleg, og det er ikkje til å leggja skjul på at grensene mellom journalistikk, reklame, netthets og underhalding blir stadig meir flytande. Nyheiter druknar nærast i popmusikk og reklame, ofte med tvilsame overgongar til det faktiske nyheitsinnhaldet.

Les også

Propaganda uten grenser

På kjende nettsamfunn som Facebook, Instagram, Snapchat og Youtube vert det dagleg distribuert usanningar og propaganda. Vi har det siste året sett at falske nyheiter, eller fake news har fått stadig større grobotn på nettet, ikkje minst gjennom den amerikanske valkampen mellom Hillary Clinton og Donald Trump. Desse sakene vert som regel publisert av nokon med ein politisk eller økonomisk agenda. Målet er å lure den som les det.

Ved at menneske står i fare for å bli lurt dagleg, trugar ikkje berre enkeltindividet, men også vårt samfunn og demokrati. Dette har gjeve oss som jobbar i skulen nye utfordringar. Ein kan spørje seg om vi er gode nok på å utvikle elevar til å bli kritisk tenkande til det dei får servert på smarttelefonen sin kvar dag, at dei ikkje tenkjer at alt ein les på nettet nødvendigvis er sant. Om vi gode nok opplæringsplanar i kommunane, trass i Opplæringslova §1-2 og læreplanverket som viser til at skulen skal stimulere elevane til å utvikle evne til kritisk tenking.

Kritisk tenking handlar om å forstå kva kunnskap er, og om å vere i stand til å vurdere sine eigne førestellingar om verda. Den beste måten for ein elev å lære det på, kan faktisk vere å tenke kritisk sjølv. Vi må difor framelske den undervisninga som får elevane til å spørje «kvifor» og ikkje «kva». Læraren dyrkar då fram kjeldekritiske elevar som veit å sortere mengder med informasjon frå kvarandre, og det blir rom for å utforske og finne fleire alternative løysingar på faglege emne. Vi må med andre ord gje elevane reiskapane dei treng for å møte vaksenlivet.

I framtida vil evnen til å vurdere kunnskapen ein vert servert, vere viktig ved alt vi gjer. Det har òg Ludvigsenutvalet, som har hatt som oppgåve å utrede «Elevane si læring i framtidas skule», trukke fram som eit viktig fokusområde.

Les også

Eit forsvar for fakta. Og faktasjekk.

I Finland har dei nyleg teke i bruk ny læreplan der kritisk tenking vert vektlagt framfor faktainnhald (Utbildningsstyrelsen: Läroplan för grundskolan. 1-6. klasse). I sommar vart nettportalen faktisk.no lansert i Noreg, der portalen skal faktasjekke det offentlege ordskiftet og avdekke falske nyhende som spreier seg i det norske samfunnet.

Vi må kunne tenkje kritisk for å kunne forstå, og skulen får ei endå viktigare rolle for å lære barn og unge å skilje mellom fakta og løgn på nett. God fagleg kunnskap kan då bli ein viktig motpol mot falske nyheiter, for det kan bli vanskeleg å leve i ei verd om vi ikkje har ei felles forståing av kva som er sant og ikkje sant.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg