Ikkje berre teknologien som utfordrar oss

Kva er MDG si løysing for å sikre at effektiviteten vi vinn gjennom digitalisering kjem oss til gode?

LAUSARE TILKNYTING: Utan fagrørsla vil mange få lågare kjøpekraft, mindre fritid og ei dårlegare og lausare tilknyting til arbeidslivet, skriv innsendaren. NTB scanpix

Debattinnlegg

Vigdis Vestvik
Politisk nestleiar Bergen SV

MDG svarar på mitt innlegg «Digitaliser og døy» med innlegget «Automatiser mer, lev mer» i BT den 30. november. Det er flott, for det er ønskjeleg å få ein debatt kring dette viktige temaet.

Omstilling og effektivisering er kvardagen til mange arbeidstakarar i dag. Folk er oppteken av og fryktar aukande jobbstress, usikre jobbar, kamp om jobbar i framtida, globalisering og frihandel, og ikkje minst robotisering og automatisering.

For mange er denne utviklinga ei reell frykt, som vi må ta på alvor og styre. Digitalisering, automatisering og robotisering er ikkje eit gode om vi ikkje maktar å sikre at alle får nytte av den.

I dagens arbeidsliv har vi ikkje berre teknologien som utfordrar oss. Vi går frå å ha eit arbeidsliv med trygge, faste og heile stillingar til at innleige og midlertidigheit i større grad blir normalen. Og multinasjonale selskap opererer med formål om profitt til lågast pris og eit konstant effektiviseringskrav.

Maktfordelinga endrar seg når jobbar vert effektivisert vekk, og all rikdom vert samla på eigarane, oftast internasjonale som ikkje betalar skatt. Kva gjer det med eit samfunn når ulikskap i makt og rikdom aukar, og makta og rikdomen er fordelt på nokre få hender?

Kva er MDG si løysing for å sikre at overskotet kjem vanlege folk til gode? Korleis sikre at den effektiviteten vi vinn gjennom digitalisering kjem oss til gode gjennom auka fritid?

Det er berre fagrøyrsla, saman med eit progressivt skattesystem, som på ein effektivt måte har sørga for omfordeling av makt og rikdom. Utan fagrørsla vil mange sitje attende med lågare kjøpekraft, mindre fritid og ei dårlegare og lausare tilknyting til arbeidslivet.

Brukt rett, er det ikkje tvil om at digitalisering er eit gode. Vi kan få både betre tenester og spare utgifter, som vi kan bruke til både meir fritid eller utjamning. For med neste generasjons industriteknologi, digitalisering, robotisering og automatisering, er det ikkje lenger slik at industrien lever best der det er låge lønnskostnadar. Snarere gjer den nye teknologien det mogeleg at land som Noreg, med mykje kraft og høgkompetente arbeidstakarar, kan industrialiserast påny, som det står i vårt arbeidsprogram.

Politikarane må leggje til rette for å etablere arbeidsplassar slik at vi kan møte den teknologiske utviklinga. Vi kan mellom anna auke det statlege eigarskapet og bruke det aktivt for industriutvikling. Nye grøne arbeidsplassar kan byggjast i Noreg om staten går føre.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg