Klima og naturvern er to sider av same sak

DEBATT: Må me øydelegga natur for å redda klimaet?

VINDTURBINAR: Om folk likar å sjå på vindturbinar eller ei, så veit me i alle fall med sikkerheit at eit overveldande fleirtal av våre medskapningar ikkje likar det. Dei stadig fleire inngrepa trugar eksistensgrunnlaget til stadig fleire artar, skriv innsenderane. Eirik Brekke

Debattinnlegg

  • Gabriel Fliflet
  • Synnøve Kvamme

BT sin kommentator Hans Mjelva gjer oss i Naturvernforbundet Hordaland eit lite spark, fordi me ikkje skjønar at me treng
fleire, store, nye vindkraftanlegg enn dei som alt finst eller er under planlegging. Men me trur at klima og naturvern er to sider av same sak, og at intakt natur er vår beste forsikring i møte med klimaendringane.

I mars kom FNs naturpanel med ei sterk åtvaring om at den dramatiske øydelegginga av den naturlege verda og masseutryddinga av artane på jorda er eit minst like alvorleg problem som global oppvarming. Ifølgje WWF sin siste rapport var det meir enn dobbelt så mange dyr på jorda for 40 år sidan. Noreg er ikkje noko unntak i denne utviklinga: kvar femte norske art står på raudlista over artar som står i fare for å døy ut, og øydelegging og oppstykking av naturen utgjer 87 prosent av grunnen til dette.

Les også

Hysterisk vindkraftmotstand

Om folk likar å sjå på vindturbinar eller ei, om ein likar å ha nettverk av anleggsvegar i naturen eller ikkje – så veit me i alle fall med sikkerheit at eit overveldande fleirtal av våre medskapningar ikkje likar det. Dei stadig fleire inngrepa trugar eksistensgrunnlaget til stadig fleire artar. Det spelar neppe noko rolle for artane om dei vert utrydda av klimaendringar eller naturøydelegging.

Me produserer allereie store mengder fornybar energi i Noreg, både frå hundrevis av vasskraftverk, men også frå 36 vindkraftverk som allereie er bygd ut. Ytterlegare 70 vindkraftverk har fått konsesjon av NVE.

Spørsmålet er altså ikkje om me skal ha vindkraft i Noreg eller ikkje, men kor grensa skal gå. Me meiner tida for lengst er inne for å ta i bruk klokare tiltak.

Les også

Jeg er en bestemor som er redd og sint

«Ikkje i min bakgard» er eit argument me naturvernarar stundom møter når me er kritiske til naturinngrep – men det er faktisk nettopp i «bakgarden» me ynskjer å sjå klimatiltak. Ikkje i form av gigantiske vindturbinar og kilometervis med anleggsvegar i den storslåtte fjell- og kystnaturen vår, men i form av kortreiste tiltak der me bur og
lever.

I Noreg har me eit enormt, unytta potensial for å bruka energien smartare og meir effektivt. Gjennom energieffektivisering kan me ifølgje Enova utløysa energi tilsvarande 40 nye Alta-kraftverk utan at me treng å setta ein spade i jorda, og utan at det går ut over folk sin komfort.

Les også

Ap-lag mot vindkraft i Stølsheimen

Ifølgje NVE kan termisk energi som jord- og bergvarme dekka alt oppvarming- og nedkjølingsbehov i Noreg, og viss me i tillegg moderniserer gamle vasskraftverk og bygger solceller- og solfangarar på hustak, vil me over-oppfylla behovet for fornybar energi til å fullelektrifisera Noreg – og i tillegg ha moglegheit til å halda fram med krafteksport som i dag. Skulle me ynska endå meir, kan me velja å satsa på å verta verdsleiande på flytande havvind.

Det manglar altså ikkje på alternativ til naturøydeleggande mastodontmøller – og det beste med dei er at dei spelar på lag med både naturen og klimaet.

Nylig inviterte BT til debatt om vindkraft. Du kan høre hele debatten i BTs nye lydapp, BT Lytt. Hvis du ikke har appen på telefonen din ennå, kan du laste den ned i AppStore eller Google Play. Appen er gratis å laste ned.