Skeiv framstilling av seminaret på NLA

Omtalen ber preg av propaganda.

Publisert: Publisert:

MISFORSTÅTT: Mange av dei som aksjonerte mot foredraget til Mike Davidson, kan ikkje ha fått med seg kva han sa og kva som faktisk føregjekk der, meiner innsendaren. Foto: Eirik Brekke

Debattinnlegg

Arve Brunvoll
Professor emeritus

Eg kvir meg for å skrive i avisene. Men kan hende det ville vore for feigt å la vere. I dei dramatiske oppslaga om eit seminar om «Seksualitet, kjønn og identitet», som vart halde på NLA Høgskolen denne veka, er det ein ting som vert tydeleg: Dei som ytrar seg i harde ordelag og fysiske aksjonar mot seminaret, ser ikkje ut til å vite kva som gjekk føre seg og kan snautt ha vore der.

Difor desse orda frå ein som var der.

Det stod ein stillfarande Mike Davidson på talarstolen og fortalde om sitt engasjement for homofile. Han gjorde det klårt at han ikkje hadde noko mot homofile, han dreiv ingen propaganda, og at han ikkje prøvde å påverke nokon til å omvende seg til ein bestemt praksis.

Han berre tok imot, utan vederlag, slike som kom til han på eige initiativ fordi dei ønskte å kome til rettes med seg sjølv og å få hjelp til å leve det livet dei sjølve ville.

Skal det ikkje vere lovleg i vårt samfunn å fortelje om slikt? Vi hyller Noreg som eit liberalt demokrati med meinings- og ytringsfridom. Det må vere lov å spørje dei som er påverkarar av opinionen, media, organisasjonar, grupper og einskildpersonar, kor brei vegen er frå ei praktisering av dei liberale verdiane til det motsette.

Når eit seminar som vert arrangert av to organisasjonar som leiger eit lokale på NLA, av somme kan verte framstilt som ein freistnad frå Høgskolen si side på å omvende sine homofile studentar, er det gjerne eit uttrykk for at ein ser større propagandaverdi i å ta bakaren enn smeden.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg