Gi meg ei skur. Gi meg to.

Det er dommedag den dagen det sluttar å regne i Bergen.

BYEN E' BERGEN: I vekene framover publiserer BT tekstar om Vestlandets hovudstad. Først ut er Frode Grytten om regnet. Paul S. Amundsen

Frode Grytten
Forfatter

JA, REGN. Regnet, ja. Drypp. Dropp. Dryppeti-dropp. Regnet er byrjinga. Regnet er slutten. Regnet fell hardt over denne byen her, regnet som har dratt deg ned, ned, ned. Regnet er Stig Holmås. Regnet er Cecilie Løveid. Regnet er Store P. Regn. Regn. Regn. Regnet er Bergens evige byrådsleiar.

HØLJREGN. Pissregn. Plaskregn. Vanlig regn. Regnet er Tomas Espedal. Regnet er Erlend O. Nødtvedt. Faen. Faen. Zik. Zak. Faen. Faen. Tik. Tak. Det regnar i dag. Det dryp på tak. Kagjørdunodåeh? Regnet, baby! Vi lever inne i regnet. Vi har godtatt regnet. Greitt, greitt. Det er meldt regn. Det kjem til å regne.

REGNET KJEM. Det regnar. Det regnar framleis. Kor lenge skal det regne, eigentlig? Det var eit par soldagar i juli, men då var eg i Køben. Det regna der også. Hardt regn. Kaldt regn. Sommarregn. Bergen. Bergeners. Bergensarane har femti ord for regn. What? Jo, dei har det. Femti ord for regn. Hæ? Ikkje kødd . Musk. Dusk. Skur. Skyll. Styrt. Det var ikkje femti!

DAMER I REGN . Snottagutar i regn. Eg er regnmannen, eg regnar på deg. Regnet er ingen venn, gløm den driten der, men når regnet har vore vekke nokre veker: Gi meg ei skur. Gi meg to.

Les om serien «Byen é Bergen»:

Les også

Hjerte og hjerne.

REGNBY. Regndans. Regntid. Regnet treffer byen midtfjords med millionar av sting, som om himmelen forsøker å sy Bergen fast. Regn i lomma. Regn i veska. Regn oppe i ermet. Dette spegelbildet eg går rundt i. Eit Bergen oppe. Eit Bergen nede. Det finst eit fast Bergen, eit flytande Bergen. Eit Bergen eg vandrar rundt i, eit Bergen som speglar seg under meg, anten i fjorden eller i dei regnvåte gatene. Bøtter med regn. Hattar med regn. Ballett for ein regnvêrsdag.

TUSEN PARAPLYAR. Titusen paraplyar. Tjuetusen. Femtitusen. Som på kommando faldar ein skog av paraplyar seg ut. Regnet er Bergens stoltheit. Regnet er vårt våte hallelujah. Når regnar det mest i Bergen? Frå byrjinga av januar til slutten av desember! Regnbye. Regnboge. Regndrope. Regnskog.

REGNJAKKE. Den berømte blå regnjakka. Regnet er A-laget. Regnet er Hestar V75. Regnet er Vaularen. Regnet er stort. Tungt. Grått. Om det regnar kvar dag i ein bestemt periode, er det bare å gå for nedbørsrekord. Det regnar ikkje alltid i Bergen. Åje? Nei. Det regnar heile året i Bergen. Ein haust regna det sånn at folk ikkje gadd å ta av seg våtdrakta då dei kom heim. Regn, regn og meir regn. Tok meg sjølv i å smile ute i regnet. Slikt gjør ein ikkje. Jo, om ein er bergensar, så. Under skyene, under regnet. Våte junkiar i parken.

VÅTE FLOSSHATTAR I TOGET. Vått. Vått. Vått. Gå mann, slik det høljer ned. Tårer gjennom regn. Seriøst? Ja. Grine i regnet, liksom? Ja. Sentimentalist! Regnfull parkeringsplass med ein bil der det sit to elskande.

REGN ER KYSS. Regn er musikk. Regn er bare regn. Regn i Åsane. Regn i Fyllingen. Regn på Fløyen. Regn på Nesttun. Regn på Torgallmenningen. Regn på Bergen Kino. Men folk sit ikkje på benkar i regnet, slik dei gjør på film. Bare sjå neste gong det regnar. Bare på film. Bare på film. Ut frå kinoen, ut i regnet. Regnhund. Regnvenn. Regnsjekk. Førti millimeter nedbør siste døgn. Femti millimeter nedbør siste døgn. Seksti millimeter. Sytti millimeter. Hundre millimeter. Åjehelvete. Få det til å regne. Få det til å pøse. Splassj. Svissj. Svossj. Det regnar menn. Det regnar makrell.

DET REGNAR I HJARTET. Det regnar i hjernen. Det regnar i lungene. Det regnar i songane. Det regnar i diktsamlingane. Det regnar i krimromanane. Regnet er Gunnar S. Regnet er Gunnar V. Regnet er Gunnar B. Her kjem regnet igjen. Evig regn. Evig haust. Regn. Regn. Regn. Inn frå regnet. Inn i galskapen. Eg ringer fastlegen, eg har fått fuktskadar i milten. Øs. Pøs. Tøs. Kjøre gjennom regnet. Kjøre over Danmarksplass. Kjøre inne i eit akvarium.

SJØSTØVLAR. Oppbretta sydvestar. Blå lyn. Urinvegsinfeksjonar. Undervasskarate. Spar meg. Spar det til ein regnvêrsdag. I morgon, dåeeh? Vått ute. Vått inne. Vått telt. Våt sovepose. Skilsmisse når dei kjem heim. Februarregn. Aprilregn. Novemberregn. Vinterregn. Kven kan stoppe regnet? Ordføraren? Øs, Konrad, øs. Regnet stemmer ikkje Høgre, regnet trur ikkje på det private initiativ.

REGNET KJØRER KOLLEKTIVT. Regnet er det vi skal leve av etter olja. Ausregn. Striregn. Styrtregn. Yr. El. Og det regna på huset mitt. Og det regna på huset mitt heile sommaren. Og så er det lyden av regn. Regn på taket. Regn på Volvoen. Regn på fortauet. Eg orkar ikkje dette regnet på mi rute.

REGNET ER TYTING. Mas. Preik. Høflig. Irritert. Forbanna. Regnet er innevêr. Regnet er lesevêr. Etter regnet pustar Bergen lettare, som etter eit kyss. Det er ingen byar i Norge der det sluttar å regne så ofte som det gjør i Bergen. Regnet er Agnar Mykle. Regnet er Georg Johannesen. Regnet er The Aller Værste. Regnet er Razika. Det regnar i Bergen. Heile verda er invitert. Kliss. Klass. Regn! Regn! Gi oss regn!

VI ELSKAR REGN. Vi har tilgitt regnet. Vi har gjort regnet til vårt.Det er dommedag den dagen det sluttar å regne i Bergen.

Og innan du har lese heilt ned hit, har det garantert tatt til å regne igjen.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg