Vi må bu oss på framtidige flyktningstraumar

Gaza kan bli ubuande i for menneske alt i 2020.

TØRKE: Tørken i Syria førte til massemigrasjon av folk frå dei uttørka landområda inn til byane, skriv Vidar Lehmann. Scanpix

Debattinnlegg

Vidar Lehmann
Forfattar og professor emeritus i medisin. Har tenestegjort i ulike fredsoperasjonar i FN-regi.

Ei vanleg meining er at borgarkrigen i Syria skuldast hardstyret til regimet, religiøs fanatisme og etniske motsetnader. Fullt så enkelt er det kanskje ikkje. Som så ofte elles finst det òg underliggjande materielle problem.

Det amerikanske vitskapsakademiet har nyleg publisert ein omfattande studie av Colin P. Kelley og fire medarbeidarar. Her vart det lagt fram sterke haldepunkt for at tørken i Syria i åra 2007–2011 var medverkande årsak til konflikten. Jordbruksproduksjonen gjekk kraftig ned. Tørken førte òg til massemigrasjon av folk frå dei uttørka landområda inn til byane.

Vidar Lehmann.

Langvarige trendar i nedbør, temperatur og hav støtta av resultat frå klimamodellar tydde på at menneskeskapt påverknad på klimaet gjorde tørken så alvorleg som han vart. Denne forklåringa var 2–3 gonger meir sannsynleg enn at tørken berre skuldast naturleg variasjon. Konklusjonen vart at menneskeskapte endringar i klimasystemet hadde innverknad på den aktuelle konflikten i Syria. Stemmer det, kan vår vestlege teknomaterielle kultur tenkjast å ha ei viss medskuld i den noverande flyktningsituasjonen. Haldepunkt for menneskeskapt vassmangel i området kjem òg fram i andre publikasjonar. Eit oppslag 8. mars 2015 i The Guardian av avisa sin vitskapsredaktør, (tenk, det har dei!), hadde overskrifta «Why fresh water shortages will cause the next great global crisis». Mellom anna nemnde han at store område i Midtausten var «forørkna» på grunn av overforbruk av vatn andre stader, kombinert med mindre nedbør. Global temperaturauke kjem no i tillegg.

Den hellige revolusjonen:

Les også

IS tror de utkjemper en krig mot Vesten

Varierande grader av det same finn ein i heile den såkalla fruktbare halvmånen, frå landområda langs austkysten av Middelhavet, deler av Tyrkia, i Syria, deler av Iran og i Irak. Både vassmagasina og grunnvatnet har òg minka kraftig i Aust-Pakistan, Nord-India og tilgrensande Bangladesh.

Gaza står i ei særstilling. Ein fersk FN-rapport går ut på at Gazastripa alt i 2016 ikkje lenger har eige drikkande vatn. Årsaka er ikkje berre tørke, men at bomber og rakettar har øydelagt kloakksystema og tilskitna både overflatevatn og grunnvatn. I tillegg er vatnet tilblanda plantevernmidlar. Saman med mangel på elektrisitet, drivstoff og anna kan Gaza bli ubuande i for menneske alt i 2020. I dag bur 1,9 millionar på eit areal som er litt større enn ein middels norsk kommune.

I Egypt og Israel har grunnvatnet i lengre tid gått ned. Israel er no avhengig av å pumpa opp vatn frå djupe reservoar på Vestbreidda. Ein israelar brukar fire gonger så mykje vatn som ein palestinar, og nye busetjarar strøymer på.

BT mener:

Les også

Syria må ha en sterk regjering med legitimitet.

Kva skal ein tenkja og tru? Både historisk og i notida er vassmangel konfliktstoff. I så godt som alle dei nemnde landa er folkemengda aukande. Alvorlege og langvarige konfliktar fører først til lokal migrasjon, så til at folk rømmer landet. Misser dei heilt framtidstrua, kan flaumen av rømlingar oppfattast som ei folkevandring.

Vi må bu oss på framtidige flyktningstraumar. Kva vert det neste? Gaza?

Eit dilemma er meir påtrengjande enn før: Vi må bestemma oss om slike rømlingar er eit trugsmål eller om dei er medmenneske i naud. Begge deler har sin pris.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg