Bustadsatsing i distrikta verkar

Satsingane har gitt optimisme i lokalsamfunnet.

VIL HA TILFLYTTARAR: Ullensvang har mål om å auke tilflyttinga, og erfarer at utleigetilbodet er viktig for til dømes unge tilflyttarar og prøvebuarar, skriv kronikkforfattarene. Foto: Scanpix

  • Mabel Johansen
    Regiondirektør, Husbanken vest
  • Steinar Fredheim
    Avdelingsleiar ved Distriktssenteret i Sogndal
Publisert:

Bustadmarknaden i norske distriktskommunar kan vere vanskeleg, og kjenneteikna av økonomisk risiko og frykt for tap, lite nybygging, låg sirkulasjon og eit einsidig tilbod. Ullensvang og Kvam er døme på kommunar som har teke grep som har gitt positive verknader for bustadmarknad og lokalsamfunn. Mange distriktskommunar erfarer at den lokale bustadsituasjonen hemjar rekruttering og tilflytting, trivsel og velferd for folk som bur på staden.

Bustadtilbodet er dårleg tilpassa endra behov og auka mangfald i befolkningsgrupper og busettingsønskje. God tilgang til og variasjon i bustadtilbodet er utfordrande i bustadmarknader med lite bustadbygging.

Det er likevel ikkje slik at bustadutvikling i små distriktskommunar er ei umogeleg oppgåve. Kommunar med ein aktiv og bevisst bustadpolitikk opplever at bustadsatsingar verkar positivt både på bustadmarknad og lokalsamfunn. Det viser studien «Samfunnsvirkninger av bustadpolitikk», frå forskingsinstituttet NOVA. Distriktssenteret er oppdragsgjevar, i samarbeid med Husbanken. Bustadtilbodet er vorte breiare og i betre balanse i kommunar som har tatt eit aktivt grep om bustadpolitikken. Studien ser også positive verknader for lokal samfunnsutvikling, mellom anna effektar for næringsutvikling, bu-attraktivitet og folkehelse.

Ullensvang og Kvam er to av ti case-kommunar i studien. Vi ser, som i dei andre kommunane, at den lokale bustadpolitikken blir brukt som verkemiddel for å styrke staders attraktivitet, leggje til rette for tilflytting og bidra til ønskt samfunnsutvikling på andre område.

Les også

Fortettingens skyggeside

Ullensvang meiner bustadsatsing har gjort kommunen meir attraktiv for folk som tenkjer på å flytte til kommunen. Fleire utleigebustader og ein betre tilgjengeleg leigemarknad har vore ein sentral del av satsinga. Kommunen har utarbeidd ein bustadpolitisk handlingsplan som på strategisk og operativt nivå har mål om å auke tilflyttinga, og erfarer at utleigetilbodet er viktig for til dømes unge tilflyttarar og prøvebuarar. Fleire tiltak er prøvde: betre samordning av bustadarbeidet, aktiv bustadrådgjeving, styrkt dialog og samarbeid med utbyggjarar, tilskot til opprusting av private bygg for utleige, opprusting av kommunale bustader, og justering av husleiger for kommunale bustader i den ordinære bustadmarknaden. Slik har Ullensvang kommune bidrege til å vitalisere og profesjonalisere ein liten, men viktig utleigemarknad. Her vil også andre kommunar finne mykje læring.

I Kvam herad er bustadmarknaden annleis og meir velfungerande. Økonomisk stimulering av utbygging har ikkje vore nødvendig og kommunen har prioritert andre tiltak. Bustadpolitikken er mellom anna nært knytt til kommunen si satsing på levande stader. Utvikling av kompakte tettstader med eit variert bustadtilbod i og nært sentrum er viktig også ut frå folkehelse-omsyn.

Kommunen har prioritert sykkel- og gangstiar mellom bustadområda og sentrum, nye bustadområde skal også planleggjast med gang- og sykkelavstand til sentrum og offentlege tenester. Satsinga i Kvam har etter kommunens vurdering bidrege til eit meir levande sentrum og auka livskvalitet for innbyggjarane.

Generelt ser vi at aktiv bustadpolitikk har ført til meir velfungerande bustadmarknader, med større variasjon av eige- og leigebustader, meir sirkulasjon i bustadmassen og fleire tilbod. Tiltaka handlar altså ikkje berre om nybygging, men også om ny bruk av eksisterande bygningar, kartleggje behov, målretta planlegging, betre kommunal forvaltning og profesjonalisering av små, men viktige utleigemarknader. Kommunen står ikkje nødvendigvis bak alle tiltaka, men tek aktivt grep og samarbeider med private aktørar.

Les også

Her er årets avling allerede solgt. Forbrukerne har kjøpt seg inn i gården og jobber sjølv på jordene.

Vi ser at satsingane har gitt optimisme i lokalsamfunnet, og at kommunar og utbyggjarar finn gode løysingar saman. Det er bra, både for kommuneøkonomien og for næringslivet. Vi ser også at bustadsatsing har gitt viktige lokale ringverknader. Positiv vilje til å støtte og drive fram initiativ har til dømes bidrege til at lokale aktørar har utvida verksemda med nye tilbod. I Ullensvang har til dømes oppjusteringa av kommunale husleiger gjort det meir interessant for private å leige ut. I andre kommunar har bustadsatsinga gjort rekrutteringsarbeidet hjå lokale verksemder enklare og meir føreseieleg.

Eit viktig kjenneteikn ved kommunane i analysen er at dei alle har kopla bustadpolitikken til anna plan- og utviklingsarbeid. Kommunen står fram som ein sentral endringsagent, som tek ei leiarrolle i bustad- og samfunnsutvikling. Bustadforsyningspolitikken gjev eit handlingsrom, dette må distriktskommunane utnytte. Det føreset samstundes evne til å sjå utover det bustadsosiale ansvaret og rammene for kva som er marknadsbasert bustadbygging. Det offentlege må ta initiativ og gå inn med tiltak i «tynne marknader». Det vil ikkje nødvendigvis seie bygging av bustader eller investeringar i tomter eller infrastruktur. Det handlar om strategiar, planar og forankring i kommunens leiing for å «sparke i gang marknadsmekanismar», eller fungere som bindeledd mellom bustadsøkjande, kommunen, entreprenørar og Husbanken.

Det er likevel ikkje slik at bustadsatsingar er ein tryllestav. Føresetnadene er ikkje like, alle kommunane kan ikkje nødvendigvis gjere dei same tiltaka. Noko er likevel felles for alle i studien. Det er avgjerande at kommunen har kunnskap og ressursar i eigen administrasjon, der nye initiativ blir møtte med velvilje. Vidare er støtta frå politisk leiing viktig, samt god dialog utover den kommunale organisasjonen.

Kommunar som lukkast kombinerer økonomisk stimulering, regulering og aktiv kommunikasjon. Saman med fleksibel, heilskapleg bruk av økonomiske virkemidlar, den kompetansen og legitimiteten som ulike former for statleg engasjement gjev, er dette viktige verktøy for vellukka bustadpolitikk i distriktskommunar.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg