Søksmålet styrkar demokratiet, Frølich

Eit demokrati er langt meir enn utøving av stemmeretten og vedtak i Stortinget.

SAKSØKJARANE: Klimasøksmålet er i gong i Oslo tingrett. Miljøorganisasjonane saksøkjer staten for oljeboring i Barentshavet. På biletet: Advokat Ketil Lund, Truls Gulowsen, leder i Greenpeace Norge, Ingrid Skjoldvær, leder i Natur og Ungdom, advokat Emanuel Feinberg og advokat Cathrine Hambro. Scanpix

Jørn Øyrehagen Sunde
Professor ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen

I BT 23.11 går stortingsrepresentant Peter C. Frølich (H) hardt ut om klimasøksmålet som er reist for Oslo tingrett. Litt enkelt sagt meiner Frølich at § 112 i Grunnlova ikkje gjev domstolane høve til å prøva forvaltningsvedtak eller lov på miljøretten sitt område. Noko anna vil ifølgje han føra til amerikanske tilstandar, at klimasøksmålet er eit teater, at denne typen søksmål kan tvinga fram politisering av dommarutnemninga, og at ein siger for miljøorganisasjonane vil redusera vårt demokrati.

Under arbeidet med å oppgradera den norske grunnlova i 2014, var det full semje i Lønningsutvalet om at den gamle miljøparagrafen i Grunnlova, § 110b, i for liten grad hadde vorte nytta i domstolane. Difor føreslo dei å leggja til eit eige tredje ledd for å sikra at domstolane var modige nok til å gje eit rettsleg vern for retten til eit miljø. Ser ein bort frå Framstegspartiet, var det semje om dette i både Stortinget sin Kontroll- og konstitusjonskomité og Stortinget om å vedta dette.

Les også

Grunnlovsbingo

Jussprofessor Jørn Øyrehagen Sunde meiner Peter C. Frølich (H) tar feil når han skriv at klimasøksmålet trugar demokratiet. Privat

I 2014 var det altså eit ønskje at ein skulle få fleire saker som klimasøksmålet. Dersom det no er politisk semje om noko anna, må ein byrja prosessen med å endra § 112. Å prøva å senda signal til domstolane gjennom media, er ein framgangsmåte som i dag vert nytta i land vi ikkje ønskjer å samanlikna oss med.
Eg er heilt samd med Frølich i at klimasøksmålet har eit politisk tilsnitt. Men å avskjera domstolane frå å handsama slike saker, vil vera å ta bort den kontroll som alltid skal vera med politikk. På lengre sikt vil det alltid føra til maktmisbruk.

Les også

Miljøaktivisme og angsten for juriststaten

For Frølich er det amerikanisering at domstolar handsamar saker med eit politisk tilsnitt. Men lat oss sjå hen til Tyskland. Landet har ein grunnlov som gjev borgarane langt fleire rettar enn den norske, og som i langt større grad reduserer politikarane sitt handlingsrom. Desse rettane vert handheva at ein konstitusjonsdomstol som nyt stor tillit, og som har bidrege til å styrkja det tyske demokratiet.

Eit demokrati er nemleg langt meir enn utøving av stemmeretten og vedtak i Stortinget. Demokrati vert sikra gjennom mange ulike prosessar som supplerer kvarandre. Ein slik supplerande prosess er domstolsprosessen når forvaltningsvedtak og lov vert utfordra. Gjennom den vert den meir reine politisk prosessen opna opp og argument og verdiar vist fram i konsentrert form. Det gjev borgarane innsyn, og er berre eigna til å styrkja demokratiet.

Det er i dag sjølvsagt at dette gjeld spørsmål om krenking av ytringsfridomen, eigedomsretten, eller av retten til kroppsleg integritet. Men ein må ikkje gløyma at dette er rettar som har fått sitt innhald gjennom å først verta grunnlovsfesta, for så å verta nytta i domstolane. Miljøretten er ikkje annleis.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg