Kven følgjer med på #metoo?

Kampanjen har raskt vorte eit globalt fenomen. Men det er vesentlege skilnader mellom kven som følgjer saka, både etter alder, kjønn og partipolitisk tilhøve.

STORE SKILNADER: Ei undersøking syner at så å seie alle SV-veljarar følgjer med på #metoo-saka, mot berre litt over halvparten av alle Frp-veljarar. Det er også fleire kvinner enn menn som følgjer saka, skriv Brita Ytre-Arne og Jan Fredrik Hovden ved Universitetet i Bergen. Foto: Grafikk: Endre M. Lilletvet / Kjelde: UiB / Fotogrunnlag: Scanpix og Shutterstock

  • Brita Ytre-Arne
    Førsteamanuensis, Institutt for informasjons- og medievitenskap, UiB
  • Jan Fredrik Hovden
    Professor, Institutt for informasjons- og medievitenskap, UiB
Publisert:

Emneknaggen #metoo oppstod i sosiale media i oktober i fjor, etter avsløringane av Hollywood-produsenten Harvey Weinsteins seksuelle trakassering av kvinner, som ei oppmoding om å avdekkje omfanget av dette som samfunnsproblem.

I Noreg har skodespelarar, legar, akademikarar, fagforeiningar og andre grupper hatt eigne opprop. Kampanjen har til dømes vorte kopla til avsløringar om ukulturen i TV 2 i november, saka om Ap-nestleiar Trond Giske frå midten av desember, og no seinast til avgangen til Unge Høgre-leiaren og manglande handtering av varsel i partia.

Ein kan, som med mange store saker i mediebiletet, undrast på om dette er ein tematikk som engasjerer folk flest, eller om dette noko først og fremst journalistar og deira like er opptekne av. For #metoo er dette spørsmålet påtrengjande, all den tid kampanjen har vorte drøfta som eit tidsskilje i samfunnet når det gjeld seksuell trakassering.

#METOO: 15. oktober 2017 foreslo skodespelar Alyssa Milano (midten) på Twitter at alle kvinner som har vorte seksuelt trakassert eller opplevd overgrep skulle skrive «me too» som ein status. Sidan gjekk emneknaggen viralt på sosiale medium. Foto: Carlo Allegri, Reuters / Scanpix

I MeCIn-prosjektet ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen arbeidar me med korleis nordmenn på ulike vis knyt seg til offentlegheita gjennom media og på andre måtar.

I november og desember gjennomførte me ei representativ spørjegransking til 2064 nordmenn. Eit av spørsmåla var kva nyheitssaker ein hadde følgd med på den siste tida, og #metoo var ei av 32 saker folk kunne velje, i tillegg til å kunne nemne eigne saker. Slik kan me nokså presist sjå kven som følgde saka, og korleis interessa skil seg frå andre saker i same tid.

Her må merkast at våre data vart samla inn før Giske-saka vart slegen stort opp, og slik sett før #metoo vart del av ei stor nasjonal politisk sak.

68 prosent av dei spurde sa at dei følgde med på #metoo. Det gjer den til ei av dei oftast følgde av sakene ein kunne velje mellom.

Om lag like mange følgde #metoo-saka som saka mot Erik Jensen, SSB-bråket, kommunesamanslåinga, uroa i Catalonia og den russiske innblandinga i den amerikanske valkampen. Berre situasjonen i Nord-Korea var følgd av tydeleg fleire.

Slik har #metoo engasjert svært mange. Den har også engasjert breitt. Saka er følgd av litt fleire kvinner enn menn, men samanlikna med mange andre saker er skiljet nokså lite.

SSB-bråket, regjeringsforhandlingane med sentrumspartia, Støres privatøkonomi og Nord-Korea er nokre av mange dømer på meir kjønnsdelte saker – men då i menns favør.

#metoo er heller ikkje tydeleg meir populær i Oslo enn i andre deler av landet. Derimot er den noko meir populær blant dei med høgare utdanning. At fleire høgt utdanna følgjer med på #metoo treng likevel ikkje å bety at dei er spesielt interesserte i temaet. Det kan òg spegle at det er ei gruppe med høgt nyheitsbruk (dei eldre er ei anna slik gruppe), som difor følgjer med på dei fleste store sakene.

Gjennom statistiske prosedyrar – i dette tilfellet regresjon – kan ein likevel til ein viss grad ta høgde for problemet med å forstå korleis slike skilje heng saman. Samanliknar me «like for like» – folk med om lag same nyheitsinteresse og elles like eigenskapar – trer dei sosiale skilja i interesse for saka tydlegare fram. Då ser me at kvinner har om lag dobbelt så stor sjanse som menn – med same nyheitsinteresse, same alder, same utdanning og så bortetter – til å følgje med på #metoo.

Interessa for #metoo står fram tydeleg sterkare hjå dei yngre, spesielt hjå tredveåringane, og tydeleg svakare hjå dei over seksti. Derimot er det ingen klår samanheng med kor mykje folk tener eller landsdelen dei bur i, og effekten av utdanning er òg svak.

Tala syner også at høgresida er minst interessert. Utover kjønn og alder, er det mest slåande den politiske profilen til dei #metoo-interesserte. Så å seie alle SV-veljarar følgjer med på saka, mot berre litt over halvparten av Frp-veljarane. Ap og Høgre plasserer seg i mellom desse, men etter same høgre-venstre akse.

At #metoo engasjerte sterkt blant venstresida allereie før saka mot Giske er nok ei av årsakene til at den er ekstra betent for dette partiet, og at liknande saker kanskje er mindre trugande for høgrepartia.

Dette må ikkje mistydast til at #metoo-saka er for spesielt interesserte.

Som allereie påpeikt, er #metoo ei av sakene flest var interesserte i, og interessa er breitt fordelt i befolkninga. Og om dei interesserte i #metoo har ein viss sosial profil, er dette ikkje spesielt for denne saka: Det gjeld alle nyheitssaker – og all mediebruk.

Me lever i same offentlegheit, men det er høgst ulikt kva saker som engasjerer oss.

Uansett er #metoo er ei sak som har engasjert breiare enn dei fleste.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg