Menneske i naud treng ikkje ein omn frå Noreg

Sidan 1970-talet har Noreg sendt omnar til flyktningleirar. Dei vert ikkje brukt.

Publisert: Publisert:

KRISE: Norsk teknologibistand er utdatert, skriv Brita Fladvad Nielsen. Flyktningar har mange berekraftige omnar, men dei har ikkje brennstoff som passar i omnane. Foto: Kellie Ryan, TT / Scanpix

Debattinnlegg

Brita Fladvad Nielsen
PhD Design for det humanitære marked, NTNU

Eit par gonger i året får eg ein telefon eller ein e-post frå ein organisasjon som treng rådgjeving i korleis teknologi skal introduserast i ein humanitær «setting».

Kvar gong eg får ein slik førespurnad, har eg eit håp om at vi har endra norsk politikk rundt teknologi i bistand.

Kvar gong vert eg like oppgitt av å høyre at vi tenkjer kortsiktig, og ikkje nyttar erfaringane vi har gjort oss etter fleire tiår med same forsøk.

Som regel er det ein organisasjon som har fått midlar frå ein givar, Noreg eller eit anna vestleg land. Og som regel er det ein organisasjon som ikkje har jobba med energi før. Dei seier dei skal gje folk i Afrika betre omnar å lage mat med. Slik kan dei hindre avskoging, sidan matlaging i dei fleste afrikanske land blir gjort over open flamme.

Dette er ikkje noko nytt.

Vi har gitt ulike typar omnar til afrikanske flyktningleirar sidan 1970-talet, men dei vert ikkje brukt fordi dei ikkje har tilgang på passande brennstoff i nærleiken. Ingen vil jobbe langsiktig med å byggje opp eit system for slik tilgang og samtidig sikre næringslivet i områda.

Når eg får slike førespurnader, bruker eg å seie at energi i desse områda i 99 prosent av tilfella handlar om brennstofftilgang. Omnane treng flytande gass, etanol, sagmugg eller andre typar brensel som nokon i nærleiken må produsere til ein overkomeleg pris. Eit system for produksjon og tilførsel av brennstoff må til, og nokon må vere ansvarleg for dette og ha det som inntektskjelde. I tillegg må ein ha opplærte folk og tilgang på maskiner for å vedlikehalde teknologien.

Først når dette er på plass, og drivstoffet kostar lite nok til at folk kan kjøpe det, kan ein introdusere matlagingsteknologi.

Då får eg fort til svar at pengane som kjem frå Noreg, ikkje dekkjer ein slik prosess med å finne drivstoff. Pengane er òg tidsavgrensa og må brukast fort.

Organisasjonen spør meg deretter om eg ikkje trur at folk likevel treng ein omn, sjølv om ikkje alt dette er på plass.

Nei, svarar eg då, dei har masse berekraftige omnar, men dei har ikkje brennstoff som passar i omnane.

Folk i humanitær krise vel heller å putte den fine teknologien på ei hylle, og spare den i tilfelle dei kan selje den. Det er ikkje mogeleg å lage mat til familien på den uansett, med for dyr eller ingen brensel.

Etter at eg har sagt mitt, svarar organisasjonen at det er for mykje å tenkje på, og at dei vel å tru at den lokale marknaden og tilgang på brennstoff ikkje er så viktig når folk er i umiddelbar krise etter krig eller katastrofe.

Diverre medfører ikkje pengane frå Noreg noko ansvar for å byggje opp noko langsiktig. Vi jobbar med teknologibistand på same måte som for 50 år sidan, trass i at vi veit at denne typen teknologioverføring ikkje fungerer.

Så sender dei omnane til Afrika. Pengane er gitt til eit prosjekt som skal teste teknologi, ikkje for å sikre lokal og langsiktig berekraft.

Det er mogeleg å gjere det annleis. Organisasjonar som Gaia-prosjektet produserer drivstoff og tenester lokalt før omnar vore introdusert.

Diverre har ikkje Noreg valt slike løysningar, som krev lokal forankring og tillitsbygging. Diverre vel heller Noreg å fokusere sterkt på norsk teknologi og organisasjonar som ikkje er spesialiserte på drivstoffbruk, lokal berekraft og produksjon.

Det er trist å erfare.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg