EØS-avtalen er ei tvangstrøye

DEBATT: Ja-sida driv med skremselspropaganda.

OMSTRIDD: Avtalen vår med EU har svekkja rettane til norske arbeidsfolk, skriv innsendaren. ILLUSTRASJON: NTB SCANPIX

Debattinnlegg

Oddvar Skre
Hordaland Nei til EU

Innlegget til Ap-ordførar Eirik Haga i Vaksdal 29. januar, med tittelen «Slå ring om EØS-avtalen», er rein skremselspropaganda, og kunne like gjerne ha vore skrive av ein Høgre-politikar eller ein NHO-sjef.

Liknande spådomar om kor gale det ville gå dersom me sa nei til EU, blei også sett fram i 1994 av Thorbjørn Jagland og dåverande NHO-direktør Karl Glad, men utviklinga etter EU-avstemminga viste at dei tok skammeleg feil.

Eg vågar å påstå at ein av grunnane til at dei siste 25 åra har vore ein «fantastisk periode for å skapa arbeidsplassar på Vestlandet», som Haga uttrykkjer det, er at Norge har hatt ein viss grad av handlefridom utanfor EU. Men denne fridomen blir stadig mindre, noko som Eirik Haga ser ut til å sjå heilt bort frå. I sin noverande form er EØS-avtalen faktisk meir omfattande enn EU-avtalen som me sa nei til i 1994.

Les også

Les innlegget som innsendaren svarar på: «Slå ring om EØS-avtalen»

Anbodsreglane i EØS-avtalen og alle direktiva som er blitt tredd ned over hovudet på folk, har mellom anna ført til at ein stor del av dei offentlege tenestene er sett ut på anbod, med dårlegare kvalitet som resultat. Det er nok å nemna Veireno-skandalen i Oslo, Statens vegvesen, Jernbanepakke 4 og alle velferdsprofitørane i barnehage- og helseinstitusjonar av typen Aleris, som no har fritt spelerom på grunn av EØS. Vidare har vi svekking av faglege rettar, oppseiingsvern og arbeidsmiljø gjennom teneste-, vikarbyrå- og postdirektiva, og den frie flyten av transport, som har ført til kaos på vegane vinterstid. Alt dette gjer norske arbeidstakarar til lausarbeidarar, slik det alt er i store deler av Europa.

Haga nemner at Stortinget må stilla krav om faste tilsetjingar og ryddige løns- og arbeidsforhold. Men det er ikkje så lett når ein har regjeringar som ser det som sitt fremste mål, slik som Erna Solberg, å få Norge inn i EU. Og at den frie flyten av varer og tenester skal vera den fremste paragrafen i Grunnlova, og at det blir så lite debatt som råd i Stortinget om nye EU-direktiv før dei er vedtekne av EØS-komiteen.

Haga bør heller støtta fleire av fagforbunda sitt krav om å erstatta EØS-avtalen med ein utvida handelsavtale, etter mønster av den Canada har forhandla seg fram til med EU. Dette ville vera ei solidaritetshandling, men ved å stilla seg på EU si side, arbeider han for det motsette.

Har du meiningar? Send oss ein e-post. Følg BTmeninger på Facebook!

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg