Tidlegare rektor: Streik gjerne!

DEBATT: Desse elevane driv livsviktig politisk arbeid på høgt nivå.

SLAGORD: Over 3000 bergenselever droppet skolen for å markere klimakrisen forrige torsdag. «Alt fossilt må bli dyrt – gi pengane til folket» og «Ingen nye motorvegar eller rullebaner» var blant parolane før marsjen torsdag. I tillegg kom elevane utrustet med egne slagord. Ørjan Deisz

Erik Sølvberg
Stryn, tidlegare rektor i den vidaregåande skulen

Så godt som alle fylkeskommunane handterer visstnok elevane sine miljøstreikar som ulovleg fråvær. Hordaland gjer eit unntak dersom fråværet er ein konsekvens av eit pedagogisk opplegg.

Men er ikkje desse elevane akkurat kva den norske skulen så inderleg gjerne ønskjer at dei skal vere? Dei søkjer livsviktig kunnskap, dei skaffar seg innsikt i komplekse samanhengar. Dei brenn for noko, og tar ansvar.

Statsministeren snakkar ofte og gjerne om kunnskapsbasert politikk. Dei streikande elevane imponerer med sin kunnskap om miljø og klima, om samfunnsstruktur og politiske system. Eg vel å tru at det er innsikt, engasjement og fortviling som ligg til grunn når dei vel strategiar for sitt politiske arbeid.

TULLETE: Det er vanskeleg å fatte at dei skal stemplast som ulovleg fråverande når dei er så intenst nærverande i den viktigaste av alle saker, skriv Erik Sølvberg. Privat

Elevane har forstått at ein demonstrasjon etter skuletid knapt blir lagt merke til, og dei kan ikkje risikere at denne saka endå ein gong blir handsama som ei av mange andre etter ein godkjend dagsorden på eit partimøte. Den er for viktig, og tida er knapp.

Les også

Susanne Ulven Børsum (19): – Kom dere tilbake til skolebenken!

Elevane kjenner sitt samfunn: Dei må nå media, vekkje folk flest og riste dei politiske elitane. Som kjent er fråvær på grunn av politisk arbeid lovleg fråvær i fråværsordninga. Desse elevane driv livsviktig politisk arbeid på høgt nivå.

Og, eg gjentar, desse elevane er i høg grad på veg dit dei ifølgje skulens styrande dokument ideelt sett skal: Som gode samfunnsborgarar tar dei ansvar og handlar ut frå kunnskap, innsikt og engasjement.

Det er vanskeleg å fatte at dei skal stemplast som ulovleg fråverande når dei er så intenst nærverande i den viktigaste av alle saker!

Politisk redaktør i BT Frøy Gudbrandsen deler hver torsdag sine tanker om det som skjer i politikken og tipser om aktuelle kommentarer. Meld deg på nyhetsbrevet her!

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg