– Vi må fjerne abortnemndene

Vi må stole på kvinner. Utvid sjølvbestemt abort.

HOLDT APPELL: Gynekolog Mette Løkeland markerte kvinnedagen med appell på Torgallmenningen. BÅRD BØE

Debattinnlegg

Mette Løkeland
Spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdomar, Betanien sykehus

Grunnlaget for all frihet må være rådighet over egen kropp og hva i den er. Det motsatte er en slaves tilstand. Vi elsker moderskapet, vi vil dets vel, men i fuld frivillighet og under vort eget ansvar».

Dette sa Katti Anker Møller, abortkampen si mor i 1915. For over 100 år sidan. Det er forstemmande at vi skal vera nødt til å gjenta dette på nytt og på nytt og på nytt etter 100 år.

Tilgang på abort er heilt nødvendig for å trygge kvinners helse og vi ser at rettane til kvinner er under press i fleire land i Europa og i USA. Når vår eiga regjering viser same tendensar og har samvittighet til å bruke vår helse og våre menneskerettighetar i sitt regjeringsspill kan vi ikkje la det passere.

Vi må slutte å forsvare ei lov som regjeringa plukker i frå kvarandre bit for bit. I staden må vi kjempe for den lova vi vil ha og for betre rettar. Vi må utvide sjølvbestemt abort og fjerne nemndene.

I 100 år har kvinner sin moral vorte mistenkeleggjort ved kvart forslag på å auke retten vår til å styre eigen fertilitet og ta abort. Kvinner har fått høyra at vi vert lausaktige dersom vi får tilgang til prevensjon (som om det er eit problem).

Og eit av hovedargumenta på 70-talet mot innføring av sjølvbestemt abort var at kvinner kom til å ta fleire abortar slik at aborttala kom til å auke. Det har ikkje skjedd. Aborttala har halde seg stabile i 40 år og har no aldri vore lågare.

Då vi innførte medikamentell abort på 2000-talet påsto motstandarane at no vart det så enkelt å ta abort at aborttala kom til å stige. Det har ikkje skjedd. Det som derimot skjedde var at kvinner tar abort tidlegare i svangerskapet slik at over 80% av alle abortar no vert utført før 9. veke og aborttala går ned.

Regjeringa og andre som ville fjerne § 2.3.c som gir rett til abort dersom fosteret kan få alvorleg sjukdom, prøvde å kaste skam på kvinner og familiar som har fått innvilga abort etter den paragrafen ved å kalla den Downsparagrafen.

Påstanden var at kvinnene sorterte menneske med Downs syndrom ut av samfunnet. Men det er ikkje slik at kvinner og familier lager eit sorteringssamfunn.

Det har aldri vore født fleire barn med Downs syndrom enn no og arbeidet med å gjera samfunnet til eit inkluderande og godt samfunn for alle starter ikkje i kvinner sine livmorer. Det starter med livet til dei som allereie er født og då kan ikkje Regjeringa kutte i pleiepengar osv til familiar med ekstra omsorgsoppgåver.

No er det dei få kvinnene som får utført fosterreduksjon som skal mistenkeleggjerast og tvingast til å gå i nemnd. Regjeringa meiner tydelegvis at dei ikkje er moralsk kompetente til å ta den avgjera sjølve. Dr. Salvesen som er ein av gynekologane som utfører fosterreduksjon har sagt at alle kjem til å få innvilga fosterreduksjon i nemnd fordi alle kvinnene som ber om det har gode grunnar.

Kvifor meiner han då at dei treng å gå i nemnd? Er det fordi han stoler meir på moralen til legane i nemnda? Det er akkurat den type argumentasjon kvinner vart møtt med på 70-talet og tidlegare.

Mannen til kvinna, foreldre, legar og nemndene skulle bestemme av di dersom kvinna fekk bestemme sjølv så kom ho til å ta så mange abortar og ikkje ta eit riktig moralsk ansvar for sin eigen fertilitet.

Når vi seier at vi vil utvide sjølvbestemt abort til lengre ut i svangerskapet påstår motstandarane at kvinner kjem til å ta fleire seinabortar. Men det har dei ingen belegg for. Når kvinner veit dei er gravide så tar dei abort så raskt dei kan. I Sverige eller England eller Nederland som tillet sjølvbestemt abort til seinare i svangerskapet så er det ikkje fleire som tar abort seint enn i Noreg.

I tillegg så vert så og seia alle abortar som i dag må gå i nemnd innvilga. I fjor var det berre 1 av 430 som fekk avslag både i primærnemnd og i klagenemnd av dei som begjærte abort opp til 18. veke. Det er av di kvinner som tar abort seint i svangerskapet har gode grunnar til det.

Like lite som kvinner tok fleire abortar etter 1978 då dei fekk sjølvbestemt abort og slapp å gå i nemnd så kjem dei til å ta fleire abortar dersom ein fjerner nemnd ved seinabort.

Kvinner har ein naturleg innbygd aukande sperre mot å ta abort etter som svangerskapet skrider fram. Det er difor ikkje noko grunn til å frykte at kvinner i aukande grad kjem til å ta abort seint i svangerskapet. Alle seinabortar er spesielle og dei som tar abort har gode grunnar.

Det veit vi som har site eller sit i abortnemnd. Kvifor må det vera ei øvre grense ved levedyktighet? Ein kan sjå for seg ei jente på 15 år som har vorte voldtatt av bestefar i fleire år vert gravid og ikkje vil vedkjenne seg gravditeten. Fyrst når graviditeten er synleg vert det oppdaga av ein lærar.

Ho er då 24 veker gravid, får panikk, får sterke psykiske reaksjonar, vil ikkje fortelje kva som har skjedd og det einaste ho seier er: «eg vil ikkje ha barn». Er det då riktig å tvinge ho til å gå gravid i 3 mnd til slik lova i dag gjer fordi ein ikkje kan ta abort etter at fosteret er levedyktig? Dette er spørsmål vi må stille oss.

Heldigvis er det også positive utviklingar rundt om i verda. New York har utvida retten til sjølvbestemt abort. Det same har alle dei statene i Australia som dei siste åra har gjennomgått og liberalisert abortlova si. Queensland var den siste staten som utvida i oktober 2018, og dei har no sjølvbestemt abort opp til 22 veker. New Zealand er også i ferd med å omgjere abortlova si for å betre kvinner sine rettar. Irland har endeleg fått sjølvbestemt abort og i Argentina er det stor kampvilje for sjølvbestemt abort.

Eg vil at vi i Noreg skal vera ein del av denne utviklinga.

Vi må stole på kvinner. Utvid sjølvbestemt abort og fjern nemndene.

Gratulerer med dagen!