Elevane treng ein utdanna lærer
Vi får støtte av elevane, dei føresette og storsamfunnet. Men ikkje av arbeidsgjevaren.
- Grete MonsenKontaktperson grunnskule, Utdanningsforbundet Vestland

Dei siste åra har KS, lærarane sin arbeidsgjevar, uttalt at det er mange ulike yrkesgrupper som er kvalifiserte for å undervise i skulane.
Det er ikkje så farleg om ikkje alle lærarane har ei lærarutdanning. Tankegangen er heilt på høgd med at «alle har gått på ein skule, alle veit korleis ein skal handsame elevar».
I ei perfekt verd, med ein skule som har gode økonomiske rammer, og elevar som har like føresetnader for å meistre i skulekvardagen, ja, da hadde det kanskje gått bra. Men slik er det ikkje.
Kvar einaste klasse er ei eigen sosial eining der vi finn både professoren, den usikre, den engstelege, den tøffe og tøysekoppen. Klassen speglar samfunnet kring oss, berre i litt mindre omfang.
Elevane skal alle lære seg å fungere i dette mikrokosmoset vi kallar ein klasse, og då trengst det menneskekunnskap og god klasseleiing, som sosialiserer i det små for livet ute i det store. Ein som blir hanka inn frå gata, har neppe kunnskap om korleis ein skal få dette «samfunnet» til å bli eit trygt psykososialt miljø.
Hundretals avgjersler skal takast kvar dag, kvar time. Og alle desse avgjerslene skal ta vare på alle dei små menneska i dette litle samfunnet.
Hundre prosent klar for å streike inn i nytt skoleår
Det er eit tidkrevjande arbeid som òg krev både kunnskap og klokskap. Vi skal ta vare på den stille og den utagerande samstundes. Vi skal hente inn han som er «full av maur» når vi har stilleaktivitet.
Dette fordrar eit systematisk arbeid med klassemiljø.
Mange elevar går gjennom små og store kriser i skulelivet, der dei av ulike grunnar opplever seg krenka. Korleis handterer vi det, med respekt for kompleksiteten i situasjonen og den einskilde, samstundes som vi held fram med kjerneverksemda – undervisning og læring for alle?
Med utgangspunkt i forskingsbasert kunnskap får lærarstudenten dei verktøya han eller ho treng for både å sjå den einskilde eleven og å skape eit inkluderande læringsmiljø for elevane.
Læraren er ein fagleg og sosial lege, som diagnostiserer, skriv ut medisin og ser til at han verker. Læraren veit som legen at det beste helsearbeidet er det førebyggjande.
En streik på overtid
Det er alt dette og meir til som gjer oss til kompetente lærarar, og som gjer at dei føresette trygt kan sende barna sine til skulen.
Det er alt dette og meir til som gjer at vi krev at vår arbeidsgjevar KS anerkjenner vår komplekse kompetanse og gjev oss den løna vi fortener.
Innsikter som vert støtta av elevane, dei føresette og storsamfunnet. Men ikkje av dei som sit med det overordna ansvaret for kvalitet i tenestene, arbeidsgjevaren sjølv.