Abort – skal vi som samfunn bry oss om fosteret?
Anne Rokkan får snakke for seg sjølv. Det vil eg også.
- Kjellbjørg LundeSV

BT-kommentator Anne Rokkan skriv 16. juli: «Både juss og medisin kommer stort sett til kort når spørsmålet om abort og grenser skal behandles».
Ho har eit poeng. Når individ og samfunn tek stilling til viktige saker, gjeld det ikkje berre teknokratiske sider. Abortsaka er eit døme på dette. Etikk kjem i tillegg. Individets behov og rett skal vurderast, men også samfunnet sitt ansvar i verdibaserte, etiske og normdannande spørsmål.
Kommentaren ho svarar på: «Hvorfor skal egentlig voldtatte få unntak fra et abortforbud?»
Abortlova skal reviderast. Kommentatoren omtalar dilemma som individet, her kvinna, men også samfunnet har.
Rokkan har ikkje grunnlag for å hevde det følgjande: «Vi innbiller oss at vår evne til å føle kjærlighet for disse fostrene overgår deres egne mødres». Dette skriv ho med referanse til Joel Ystebø sitt forsvar av foster frå veke 1, underteikna, som tykkjer 22 veker går for langt, og seg sjølv, som «kjenner uro over å se bilder av senaborter».
Anne Rokkan får snakke for seg sjølv. Det vil eg også, som blant anna aktiv deltakar i kampen for sjølvbestemt abort. Eg er feminist, men ikkje som Rokkan tillegg meg og oss – «velmenende feminister», men altså feminist og også sosialist.
I hovudsak har eg same syn i abortspørsmålet som då vi vann fram med kravet om sjølvbestemt abort.
Abort fram til 12 veker handlar om kven som skal bestemme over fosteret, samfunnet eller individet. Fram til 12. veke gjeld abort eit foster som skal fjernast, ikkje eigenskapar ved fosteret, som i hovudsak gjeld ved seinabortar.
Årsakene til at kvinna ynskjer abort, kan vere dei same både tidleg og seint i svangerskapet. Men lovgivarane meinte at ved seinabortar måtte det vere kriterium for å få utført abort. Den verdimessige/etiske sida tilseier at fosteret får høgare rettsvern jo lengre ut i svangerskapet ein kjem.
Ei nemnd skal, på vegner av samfunnet, sjå til at kriteria blir etterlevde. Nesten alle seinabortar blir innvilga etter kvinna sitt ynskje, dei sakkunnige er som rettleiarar å rekne. Ein praksis som varetek både kvinna og samfunnet sine behov.
Kvinna er fosteret sitt beste vern. Likevel meiner eg at vi som samfunn ikkje kan individualisere og privatisere seinabortar. Dette er viktige etiske spørsmål. Samfunnet må bli samde om kriterium og ordningar som varetar heilskapen.
I dette tilsvaret til Rokkan er det ikkje rom for å gå inn på dei dilemmaa som seinabortar representerer. Forkjemparane for utviding av sjølvbestemt abort til både 18 og 22 veker har ikkje lagt fram gode forslag til løysing på dilemmaa.
Eg vonar det regjeringsoppnemnde utvalet kjem med godt grunngjevne forslag. Men vanskelege dilemma blir det nok i framtida også.