Jul, 84 dagar i året

Publisert:

Debattinnlegg

Krister Dyrkolbotn
Elev ved Knarvik vidaregåande skule

Du sit i bilen. I kveld er det sjølvaste julaftan. Og du har nettopp skrudd av radioen i eit forsøk på å boikotte den same fryktelege julemusikken som du har høyrd på i tre månader i strekk. Du kjenner at dersom det kjem enda ei Bing Crosby-låt, er det rett før du Mele Kalikki-Klikkar!

Dette skulle jo vere dagen du hadde gleda deg til. Den 24. dagen i advent. Dagen då den største sjokoladen i kalenderen skulle sprettast.

Dagen då akevitten skulle brukast som oralt glidemiddel i kampen mot pinnekjøtet. Dagen for utlevering av gåver du eigentleg ikkje hadde råd til, og sist, men ikkje minst, dagen då julestemninga endeleg skulle bli servert.

Les også

Vinskvetten, Bjarte Hjelmeland og Kurt Nilsen sørger for millioninntekter for utelivet i Bergen

Men ho kjem aldri, gjer ho? Du hugsar ho frå du var liten, men jula er ikkje det ho ein gong var. Jula har blitt eit varemerke, og dette merket sel godt.

Dagsavisen skreiv i fjor at me nordmenn kom til å bruke 51 milliardar på nettopp julefeiring. Ei undersøking Ipsos gjorde for DNB viser at kvar nordmann planlegg å bruke over 12.000 på årets julefeiring – ei auking på 10 prosent berre frå i fjor.

I månadsskiftet september-oktober rullast jula inn i norske butikkar. Kakemenn, julebrus og baby-Jesus. Kva er dette?

Frå 1. oktober er det 84 dagar til jul. Det er då ikkje rart ein jaktar på julestemninga utan hell, når me får jula trøkt ned i halsen ein fjerdedel av året, før jula i det heile har byrja!

Eg meiner ein bør tenkje kvalitet framfør kvantitet når det kjem til julefeiring.

Kva er jul for deg? For meg er det glede. Eg likar å tru at jula skal vere romantisk og koseleg. Det å kunne fyre opp i peisen ein kald vinterdag etter ein lang dag i bakken, lage seg ein kopp herleg kakao, kanskje med ein liten dose eggelikør øvst i glaset, for å så slå seg ned i sofaen med familien for å sjå «Hovmeistaren og grevinna», «Mikkes jul» eller «Tre nøtter til Askepott».

FOR LENGE: Allereie i månadsskiftet september-oktober rullast jula inn i norske butikkar. Kvifor skal me markere jul ein fjerdedel av året? spør Krister Dyrkolbotn. Foto: Tove Breistein

Les også

Julefilm på kino: «Last Christmas» er ingen ny juleklassiker

Dette er ei høgtid for refleksjon og samhald, der ein burde jekke ned alle krav og i det heile forventningar til kjøpepress og gåver, piska opp av ein industri som berre er ute etter ein ting: å tene meir pengar!

Så når du ser den pakka med kakemenn eller julebrusen på butikken, sjekk kva månad du faktisk er i. Gå forbi dersom det ikkje er desember! Avtal ei øvre grense som dykk kan bruke på gåver til kvarandre. Ei gåve handlar trass alt om tanken bak. Og prøv å ikkje ta det så alvorleg.

Heime hos meg har me vorte einige om å droppe finstasen på julekvelden. Me skal heller kaste på oss dei styggaste julegenserane me har, med matchande pysjbukser, og fokusere på å vere saman.

Dersom mange nok av oss gjer små ting som dette, lærer kanskje industrien at me ikkje ynskjer ei jul til 51 milliardar og som startar i september. Og kanskje me då vil finna tilbake til den etterlengta julestemninga?

Så la meg få teikne eit bilete, av deg. Du er i bilen på veg heim, og det er sjølvaste julaftan. Radioen er peila inn på Radio Haugaland 204, men når du høyrer julemusikken strøyme mot deg, kjenner du ikkje irritasjon, men glede over det som skal kome.

Jul.

Innlegget vart opphavleg halde som tale i finalen til «Ta ordet!», talekonkurransen for elevar i vidaregåande skule, som fann stad i Universitetsaulaen 8. november. Krister representerte Knarvik vidaregåande skule. Les òg to av dei andre finaletekstane:

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg