Eg gjennomførte eit år utan smarttelefon og kutta ut Facebook og Twitter for godt. Eg kjenner nesten att meg sjølv.

UT AV BOKHYLLA: Eg har lese eit par hundre bøker som har stått i hylla i årevis, skriv Roar Ulvestad. PRIVAT

Debattinnlegg

Roar Ulvestad
Bergen

No har eg aldri røykt, men eg veit av erfaring at det er lite som er meir irriterande enn folk som har slutta og skal blære seg med det i tide og utide. Med fare for å dette i same kategori av nyfrelste, vil eg kort dele nokre erfaringar med digital nikotin og EDb-røykjestopp.

Eg har som mange latt meg rive med av den digitale utviklinga, heilt frå då eg spelte dataspelet «snake «på Tandberg-maskiner i 1984. Den gong då EDB faktisk vart kalla EDB. Internett kom, og trass spådommar om å vere eit blaff, blei det ikkje berre verande, men utvikla seg til å bli eit nettverk med fangarmar inn i alle krokar i det offentlege og private liv.

Med verda i fingerspissane har vi late oss globalt forføre og vent oss til alle snarvegane som det digitale har gjeve oss. Endeleg kan vi vere globale borgarar og sofagrisar på same tid.

Med Facebook i suspekt front, har vi fått ein viltveksande jungel av sosiale medium, der vi finn avhengigheit for ein kvar smak, tilbøyelegheit og personlegdom. Streamingtenestene har for lengst knust lineær-tv og definerer dagleg musikkvanane for majoriteten av oss, og logaritmane jaktar vilt på kjøpekrafta vår.

Eg er nok ein av dei som har blitt forført av kor lett tilgangen har blitt, både til å eksponere seg sjølv og få input i bøtter og spann på små og store skjermar.

Det er mange måtar å rettferdiggjere seg sjølv på når strikken vert tøygd frå vane over i uvane. Ein av dei er at det er alltid nokon som er verre, akkurat som med rusbruk. Berre med Facebook, Twitter og Spotify var det rikeleg nok utfordringar for mi evne til å halde på med uavbrotne aktivitetar over tid.

Å følgje opp varslingar, sjekke mail, tvitre og kommentere tweetar, legge ut innlegg på Facebook og drøfte både dei og andre innlegg, medan eg høyrde på hundrevis av halve songar frå Spotify.

Alle desse skjermane som blinka forbi, lite visste eg at det var livet.

Med fare for å bli personleg, gjekk det for langt for min del. Når du høyrer frå dine næraste at du ikkje er den du ein gong var, er det på tide å stogge opp. Då er det berre å telje timane i døgeret, sjå på kva du helst vil, og prioritere deretter.

Det går berre heilt unntaksvis bra når menn skal multitaske, det veit alle. Lenge leve monotasking, denne gløymde aktivitet og antikvitet!

No spolar eg i skamrødmen sitt namn litt fram i historikken. Eg gjennomførte eit år utan smarttelefon. Samstundes kutta eg ut Facebook og Twitter for godt. Sjølvsagt ikkje utan abstinens, og det i seg sjølv er jo verkeleg eit symptom å ta alvorleg.

Det viste seg etter kvart at det einaste eg faktisk sakna, var Skyss-appen.

Kva førte det til? Eg har for det første lese eit par hundre bøker som har stått i hylla i årevis og fånyttes ropt «les meg, les meg!».

Eg kan arbeide konsentrert over tid utan å distrahere meg sjølv med å oppsøkje sosiale media, eller bli uroa av varslingar derifrå. Eg merka at eg fekk mindre uro i kropp og hovud, og at eg igjen kunne utforske dei kreative konsekvensane av å kjede seg.

I nyfrelst, analog ånd gjekk eg difor inn på finn.no, og kjøpte meg ein platespelar og nokre plater på Platekompaniet. Etter årevis med Spotify, der eg har høyrt dei første ti sekunda av tusenvis av songar, lyttar eg no til heile plater.

Med mindre tilgang ser eg at eg får meir input med kvalitet.

Eg kjenner nesten att meg sjølv, og det trur eg andre gjer og. Det er elles ufatteleg mange skattar på B-
sidene på LP-platene!

I mitt tilfelle er det ingen tvil om at «less is more». Kvantitet er ein trugsel mot kvalitet, og fritt tilgjenge gjer noko med evna til å leve seg inn.

No står berre att å dumpe HBO og Netflix. Då reknar eg med at eg tek til å sjå film att, og.

Har du meninger om saken eller en historie du vil dele? Send oss en e-post: debatt@bt.no!