Eg berre lurte på noko

Dei som bestrid fakta frå klimaforskarar, har dei same syn på andre fagfolk?

Publisert Publisert

FAGMANN: Tømrarmeister Hallgeir Gjerdset har sett seg lei på at fakta vert trekt i tvil i klimadebatten. Foto: Privat

Debattinnlegg

  • Hallgeir Gjerdset
    Tømrar og styremedlem i Rauma SV
  1. Leserne mener

Eg er fagutdanna i yrket mitt, som er tømrar. Eg har svennebrev på 36. året og meisterbrev på 25. året. Eg tør hevde eg kan ein heil del om faget mitt.

Eg kan nok til å fnyse av eventuelle påstandar som ikkje held vatn, sett fram av folk som meiner dei kan mitt yrke betre enn meg fordi dei har sett noko på nettet.

Det eg derfor lurer på, er jo om dei folka som bestrid det som høgt og lenge utdanna klimaforskarar har kome fram til, også bestrid det som eg på mitt fagfelt seier?

Er dei som meiner at klimaendringar ikkje skjer, eller at mennesket ikkje har bidratt til det, også kapable til å dra alle typar fagfolk i tvil og nekte for det vi seier?

Eller er det akkurat dette med klima dei har problem med, fordi dei inst inne forstår at dei faktisk må gjere noko dei ikkje har lyst til; legge om livsstil? Eg berre lurte på dette, eg.

Innlegget vart først publisert på Facebook.

Publisert
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg