Nei til ølsal på bensinstasjonar!

DEBATT: Vil vi verkeleg ha alkohol side om side med diesel, kaffi, smågodt og rosinbollar?

UTSAL: Ølsal på bensinstasjonar og kioskar er ikkje vegen og gå. Her må folkehelsepolitikk trumfe næringspolitikk, meiner Kjersti Toppe (SV). Scanpix (arkiv)

Debattinnlegg

Kjersti Toppe
Stortingsrepresentant (Sp)

Bergens Tidende vil la bensinstasjonar og kioskar få selje øl.

Argumentet er likebehandling. Dei meiner det er urettferdig at berre daglegvarebransjen får lov å selje alkohol.

Nedgang i alkoholsal siste åra er eit bevis på at alkoholsal ikkje har nokon samanheng med tilgjengelegheit, ifølgje BT.

Det er nok feil.

Folkehelseinstituttet slår fast at blant dei mest effektive tiltaka for å redusere alkoholkonsumet og skadeomfanget, er høge alkoholprisar og å avgrense tilgjengelegheit.

Det er nettopp dette som har gjort Norges alkoholpolitikk så vellykka, til samanlikning med andre land med mykje større alkoholforbruk og alkoholskade i befolkninga.

At BT som Frp bagatelliserer forslaget sin verknad på kombinasjonen bilkøyring og alkohol, er også uforståeleg.

Les også

BT på leiarplass: «Bensinstasjonar bør få selje øl»

Nesten 4500 personar blei tatt for ruspåverka køyring i 2017.

At det er eit uheldig signal med ein miks av drivstoff og alkoholsal, kjem ein ikkje unna, sjølv om ein også køyrer bil til daglegvarebutikken.

Men det mest rørande er at BT meiner alkoholsal på bensinstasjonar er viktig for å redde distrikta.

Verkeleg?

KRITISK: Kjersti Toppe åtvarar mot øl på bensinstasjonen. Knut Egil Wang (arkiv)

Med denne regjeringa har politiet i distrikta forsvunne, tingrettar og trafikkstasjonar blir sentralisert og ambulansane når ikkje sine eigne responstider.

Viktige tenester, arbeidsplassar og tilbod forsvinn.

Men BT og Frp kjempar no saman om å krevje nærleik til alkoholutsalet. Det skal dei ha.

Det viktigaste først.

Sjølvsagt kan alkoholsal på bensinstasjon vere eit poeng i lokalsamfunn med lang avstand til daglegvarebutikk.

Men problemet er at ein ikkje kan tillate alkoholsal berre på bensinstasjonar og kioskar i distrikta.

Då må ein tillate det på kioskar overalt. Det inneber ei ekstrem liberalisering av utsalsplassar.

At Virke KBS (kiosk, bensin og servicehandel) med sine 2500 medlemsbedrifter ivrar for dette, er forståeleg.

Alkohol er ei stor, viktig og lukrativ varegruppe for dei å selje.

Men, vil vi verkeleg ha det slik, ølsal på kvar ein bensinstasjon og kiosk, saman med diesel, kaffi, smågodt og rosinbollar?

Alkohol er ei lovleg vare, men inga vanleg vare. Det er eit tverrpolitisk mål å redusere alkoholforbruket i samfunnet.

Då er ikkje ølsal på bensinstasjonar og kioskar vegen og gå.

Her må folkehelsepolitikk trumfe næringspolitikk.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg