Det finst spennande digitale moglegheiter for lydleg kommunikasjon på nettet, men dei vert utforska av heilt andre krefter enn NRK, P4 og RadioNorge. Det gjeld alle former for musikk og snakking på mobilen, ein veksande brukarkultur knytt til høyretelefonar, og utforsking av semantiske teknologiar knytt til lydgjenkjenning, tekst-tale-omsetjing og avansert profilering av brukarane.

DAB vart lansert omtrent samtidig som GSM-mobiltelefoni på 1990-talet. Innafor mobiltelefoni klarte til dømes Nokia og Ericsson raskt å utnytta potensialet, medan DAB ikkje kom seg ut av startblokkene. GSM-telefoni følgde den vanlege utvikla for vellukka innovasjon, slik Everett Rogers operasjonaliserar den. «Di større fordelen av å innarbeide innovasjonen opplevast, di raskare vil den bli tatt i bruk».

GSM har no ei dekning på så godt som 100 prosent av folkesetnaden, og den vert brukt til ringing, meldingar, e-post, web, appar og mykje meir. Etter mange års tvangsinnføring har DAB berre 47 prosent dekning, og berre 12 prosent av bileigarane oppgjev å ha DAB (Aftenposten, 21. juli 2014).

Nøgd med FM-radio

Folk hadde genuin interesse for mobiltelefonen, og dei siste 5— 10 åra har den formidable suksessen til Iphone og Ipad sett DAB-utviklinga i eit endå rarare lys. Innovatørane, som tidleg tek i bruk ny teknologi, har for lengst tatt i bruk nettradio, podcasting og andre audio-teknologiar, og brukar DAB reint tilfeldig.

Den jevne radiolyttar er nøgde med FM-radio og føler ikkje at det trengst nokon spesiell endring, men kjøper seg DAB fordi dei let seg påverka av den permanente lanseringskampanjen. Det er ikkje nokon naturleg interesse for DAB, og bruken aukar berre på grunn av hardt press frå politiske myndigheiter og den etablerte radiobransjen.

Etablert allereie på 1920-talet

Problemet for DAB er at det byggjar på ein teknologi som var etablert i Noreg allereie på 1920-talet. DAB tek berre eit lite skritt vidare frå FM (og AM), og det er difor ikkje utan vidare rasjonelt eller spennande for mediebrukarar å kjøpa eit DAB-apparat.

Folk tenkjer med god grunn at dette er ein utdatert teknologi

Eit sentralt problem for DAB er den tynne tekstlinja som rullar over displayet. Dersom du står ved DAB-apparatet i 15- 20 sekund får du til slutt sett kva låten heiter, mens same informasjon vert presentert i løpet av eit par sekund på smarttelefonar med 4G. Folk tenkjer med god grunn at dette er ein utdatert teknologi.

Eit anna faktum som gjer DAB til utdatert teknologi er at den ikkje kan koplast til internett. DAB har ingenting å gjera med streaming og nedlasting for å utveksla lyd, og brukar ingen av moglegheitene som Spotify, Last. FM eller andre internett-drivne lydmedium kan gjera. DAB-apparata i 2014 fungerer omtrent slik som eit AM-apparata gjorde i 1924. ## Heile radiobransjen er etternølare

Innovasjonsprosessen for DAB har gått føre seg på den måten Marshall McLuhan omtalte som «bakspegel-styring». Ein køyrer framover, men styrer ved å sjå i bakspegelen. Heile radiobransjen er faktisk etternølare etter innovasjonsforskar Everett Rogers sin definisjon.

Ein køyrer framover, men styrer ved å sjå i bakspegelen.

Referansepunktet ligg i fortida, seier han om etternølarane. DAB-sjefane forsøkjer å gjera DAB til ein berekraftige teknologi for tradisjonell radiodrift, i staden for å utforska den radikale fornyinga som kunne gått føre seg ved å fokusera på distruptiv teknologi, med ny, spennande funksjonalitetet som svekkjer dei dominerande aktørane.

Den bakspegel-styrte DAB-utviklinga illustrerer eit klassisk poeng frå innovasjonsforskar Clayton Christensen, nemleg at godt drivne firma med stor marknadsandel kan gjera store feil. I møte med disruptive teknologiar, slik som streaming, podcasting, YouTube og Spotify fungerer ikkje den vanlege driftsmodellen, men verksemda klarer likevel ikkje å skifta strategi.

Den trege majoriteten

Dilemmaet ligg i at det ikkje hjelper å høyra på brukarane som tilhøyrar den trege majoritet eller etternølarane, og heller ikkje å satsa på store, etablerte marknader. For å ha ein sjanse i framtida må firmaet satsa på produkt som gjev lågare marginar, og som har små marknader, seier Christensen.

Det er slik nye teknologiar vert utvikla til vellukka produkt, og mange store firma klarer ikkje å tilpassa seg til dette. Dilemmaet er endå større for statsdrivne institusjonar som NRK, der både journalistar og teknologar føler dei må ha flest mogeleg lyttarar heile tida.

Til slutt vil små gründer-verksemder ofte tippa den gamle etablerte bransjevinnaren ned frå pallen, for dei vert ekspertar på å bruka dei nye kommunikasjonsformene før dei store har klart å legga om driftsmodellen sin. Sjansen er difor stor for at meditert lyd (tidlegare kalla radio) vert til suksessfulle innovasjonar på måtar som radiobransjen ikkje forstår før det er for seint for dei.

DAB er kjempenyttig for dei etablerte radioinstitusjonane, men tydelegvis ganske overflødig for den jamne mediebrukar, og ifølgje styreleiar i Norsk Lokalradioforbund, Svein Larsen, direkte problematisk for lokalradioane.