Gutane fekk si rette straff

Dei lærte at slike ugjerningar ikkje svarar seg.

Hendinga på ein byggeplass her i Loddefjord gjorde inntrykk på innsendaren. Han hugsar framleis alle detaljar, rundt 40 år seinare.
  • Leif Nyhammer
    Gulen
Publisert Publisert
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Etter å ha lese om fleire tilfelle av hærverk i det siste, går tankane mine attende til då eg dreiv som byggmeister i Bergen på 80-talet. Me var eit tømrarlag på seks–åtte ungdommar som bygde einebustader. Mesteparten av husa var sokalla Rødlandshus, som var ein populær hustype på den tida.

Vintrane kunne vere harde, og å reise opp hus i kulde og snø var ikkje eit ettertrakta arbeid. Me hadde ein haust nokre bustader som skulle byggast, og me gjorde ei avtale om å reise husa i oktober, for så å innreie og gjere dei ferdig om vinteren. Husa kunne stå å tørke ei tid.

Første huset sette me opp i Loddefjord i oktober. Huset var då tett med sutak og papp, asfaltplater på utvendige vegger og glas og utvendige dører montert.

Eg fekk rabatt på spikarkjøp dersom eg kjøpte eit visst tal spikarpakker om gongen. Spikarmaskinene var ikkje komen i bruk i dei dagar dette huset vart bygd. Eg kjøpte inn nok spikar til heile huset og sette det i ein kasse i kjellaren. Der kunne spikaren stå til me skulle arbeide vidare på huset.

I spikarkassen var det 13–15 pakker med spikar frå 1,5 cm til 15 cm lengd. Det var ikkje mange lange spikar i kassen, for dei vart brukt då me reiste opp huset, men det var mange pakker med det me på fagspråket kalla 1,5- og 2-toms spikar.

Ein dag mens huset stod og tørka, var eg innom huset og tok nokre mål. Då oppdaga eg at spikarkassen var tømt på golvet. Alle pakkane var tømt, og spikrane låg i ein haug – ei form for hærverk. Dei som skulle arbeide på huset, kunne ikkje gje seg til å sortere spikar etter kvart som dei skulle spikre. Då ville timeprisen verte dyr.

Alle pakkane var tømt, og spikrane låg i ein haug. «Eg var fortvila over hærverket», skriv Leif Nyhammer.

Eg var fortvila over hendinga og visste ikkje kva eg skulle gjere. Då eg kom utanfor huset, trefte eg to gutar. Eg spurde om dei visste kven som hadde vore inne i huset og utført rampestrekane. Dei hadde ikkje vore med på hærverket, men dei visste om to gutar som hadde det. Den eine budde i eit hus tett med, og dei peika på huset.

Eg tok turen opp til huset og trefte ein grei mann og far. Han sa at dersom det var hans gut, hans son, som hadde utført hærverket, skulle han ta seg ein prat med han og ordne opp. Eg gjekk min veg og tenkte lite på spikarhaugen nokre dagar.

Ei veke seinare la eg turen innom nybygget. Overraskinga var stor då eg såg at spikarhaugen var rydda opp, og all spikaren var komen i pakker og plassert i kassen. Eg tok då turen tilbake til huset med faren som hadde lova å ordne opp.

«Overraskinga var stor då eg såg at spikarhaugen var rydda opp, og all spikaren var komen i pakker».

Faren kunne fortelje at han hadde tatt sonen føre seg, og han hadde tilstått ugjerninga. Dei hadde vore to gutar om hærverket. Faren gav dei til straff at dei måtte sitte kveld etter kveld og sortere spikar i rette pakker. Gutane lærte nok at slike ugjerningar ikkje svarar seg.

Ein honnør til faren som let gutane få si rette straff.

Publisert