Er det ikkje nok å vere meg?

Vi skal vere best, men eg vil berre ha ein kvardag der det er sosialt akseptabelt å ikkje ville bli noko stort.

Publisert:

BEST OG AKSEPTERT: Det er stor skilnad på å vere best og å bli akseptert, men i vårt samfunn har det ein tendens til å henge altfor tett saman. Foto: MARIA HATLØ

Debattinnlegg

Emilie Larsen Evebø
Sandane

Vi vert kvar dag utsette for eit større og større press om å «bli nokon». Du skal gjere noko stort. Du skal gjere ein skilnad her i verda. Du skal i alle fall ikkje risikere å bli gløymt etter at du døyr. Ein skal helst vere best i idrett, på skulen, på jobb og heime. Notidas supermann kan ein vel kalle det, men er det verkeleg ikkje nok å vere deg lenger?

Prestasjonspresset aukar, og tilfella av psykiske lidingar, stress og utmatting blir vanlegare. Har det ein samanheng? Det trur eg. Det har lenge vore fokus på kroppspress. Fleire modellbransjar har no teke til seg å setje fokus på eit sunnare kroppsbilete. Kanskje det er på tide å setje lyset over på prestasjonspresset? «Generasjon prestasjon» er allereie eit godt planta uttrykk, men vi treng tiltak. Korfor, tenkjer du kanskje?

Forventningar. «Å, du som er så flink, du må jo bli advokat.» «Korleis går det på skulen då? Kun toppkarakterar håpar eg?» «Miljøkrisa ja, verda kjem jo til å gå under om de unge ikkje gjer noko med forbruket dykkar snart, all den unødvendige køyringa altså.» Kanskje ville eg eigentleg bli lastebilsjåfør? Kanskje har eg lesevanskar eller slit med motivasjonen? Kanskje er kvardagen min for hektisk til at eg rekk å sykle? Kanskje blir eg mobba og har store vanskar med å kome meg ut av huset? Det veit ofte ikkje dei som spør. Men spør gjer dei likevel.LYKKELI

Les også

- Jeg er lykkeligst alene

Dagane fyller seg opp. Eg har lange skuledagar, fylte med innleveringar, prøver og framføringar; der eg sjølvsagt skal få dei beste resultata. I tillegg bur eg kanskje på hybel, og sidan stipendet ikkje er høgare må eg ha ein jobb for å overleve. Ikkje minst skal eg jo vere godt trent, slik som venninnene mine, og så må eg jo vere sosial. Eg får òg høyre igjen og igjen kor viktig det er å leve berekraftig, ete sunt og halde det reint rundt meg.

Alt dette er så og seie umogeleg i seg sjølv, og så kjem prestasjonspresset oppå det heile. Anten det er andre eller eg sjølv som seier det, så er det ei konstant stemme som seier; «Få toppkarakterar. Ha god økonomi. Ver populær. Ha alt strøkent til ei kvar tid. Sjå best ut.» Summen vert for stor. Presset vert for stort. Alt vert for stort og alt blir til ingenting.

Kanskje har eg ikkje noka interesse for trening, og kanskje er det ikkje så viktig å ha gode karakterar; eg treng kanskje ikkje å vere best i klassen i derivasjon for å bli lastebilsjåfør. Men det er ikkje det som blir forventa av meg. Det er ikkje det som blir forventa av vår generasjon. For vi skal vere best. Men er det ikkje nok å følgje våre eigne ønske? Gjere som vi sjølve vil? Vere den vi er? Spør vi spørsmålet får vi nok «jo» til svar, men ser vi på røynda er det eigentlege svaret «nei, du skal ikkje bli noko tapar.»

Kanskje tenkjer du at «jo, det er jo å vere best eg vil.» Men det hadde kanskje ikkje vore det du ville dersom du levde i eit samfunn der du ikkje trengte å vere best for å bli akseptert. For det er stor skilnad på å vere best og å bli akseptert, men i vårt samfunn har det ein tendens til å henge altfor tett saman.

Med det stadige presset frå alle kantar blir det vanskeleg å slappe av når du har sjansen, for alt kvernar rundt i hovudet ditt då òg. Alle oppgåvene, alle resultata som ikkje var gode nok, og du får dårleg samvit for å sitje der utan å gjere noko. Du slit med å sove, for alle verdsproblema må løysast før du kan kvile auga. Du går rundt med ein konstant hovudverk; eit resultat av alle dei svirrande tankane. Og sjølvtilliten din synk til botnen av Marianegropa, for alle andre greier meir enn deg, du er ikkje god nok.

Energien blir tappa som frå ei vasskran. Det vert endå vanskelegare å utføre dei altfor mange oppgåvene. Humøret dalar. Du tek til å isolere deg. Du vert nedstemt, utbrent, og etter kvart einsam. Summen vert for stor. Du avslår igjen og igjen tilbod om å vere med vener. Du orkar rett og slett ikkje. Du er i dårleg humør og har altfor mykje å gjere. Angsten kjem etter kvart krypande, og du går i ei stadig frykt for den. Du fekk berre 5+ på matteprøva, og det kjennast som eit nederlag. Du har daglege mentale samanbrot. Kvardagen blir for tung.

Les også

Presset ødelegger meg

Spør du endå kvifor vi treng tiltak? Eg har med vilje sett dette på spissen, men for mange er dette faktisk tilfellet. Variantar av dette ser eg igjen både i meg sjølv, og i så og seie alle vennene mine. Og eg trur ikkje det vil snu med det første, tvert imot.

Eg vil ha ein kvardag der det er sosialt akseptabelt å ikkje ville bli noko stort. Der du kan bli lastebilsjåfør utan å bli sett på som ein tapar. Der du kan droppe ei trening for å sjå på Netflix, utan å få dårleg samvit. Eg vil ha ein kvardag der det er greit om du er dårleg i fotball, men det er òg greit å vere god. Ein kvardag der det er supert om nokre jobbar for å stoppe miljøkrisa, men du skal ikkje føle deg dårleg om du ikkje gir den største innsatsen. Eg vil ha ein kvardag der det er nok å vere meg.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg