Atomvåpena trugar på ny

Så ustabil som verdsfreden er no, må ein ta med i rekninga at fleire enn Russland kan trykkja på den raude knappen.

Det er ikkje mangel på evne og vilje som gjer at ein ikkje har sett seg syn med å nedkjempa Putin-regimet militært. Det er frykta for atomvåpen, skriv Vidar Lehmann.
  • Vidar Lehmann
    Bergen
Publisert Publisert
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Den 18. juni i BT skriv Rögnvaldur Hannesson om krigen i Ukraina. I siste delen samanliknar han denne med andre historiske episodar, nærare bestemt andre verdskrigen.

Dette seier han at han finn morosamt. Nett det får stå for hans eiga rekning. Eit anna og viktigare punkt er at det ingen stad står eit ord om oksen i glasbutikken: atomvåpena. I 1945 sette dei punktum og utropsteikn for verdskrigen. Tre kvart hundreår seinare trugar slike våpen med å setja kolonteikn for den tredje, og kanskje berre nokre minuttar seinare eit definitivt punktum for det vi forstår med menneskeleg liv og sivilisasjon.

Så ustabil som verdsfreden no er, må ein ta med i rekninga at også andre aktørar enn berre eit tapande Russland kan vera den første til å trykkja på den raude knappen.

Les også

Norge utreder nytt atomberedskapsscenario

Vel vitande om alt dette utnyttar Putin-Russland no denne angsten som brekkstong og skalkeskjul for grove folkerettslege brot. Det er i hovudsak dette, og ikkje mangel på evne og vilje, som gjer at ein ikkje har sett seg syn med å nedkjempa Putin-regimet militært. Skulle ein nemna noko anna som kanskje òg er medverkande, måtte det vera at nyare historie inneheld fleire døme på at folkeretten både i aust og vest har måtta vika for supermakt-interesser.

Kanskje kunne det vera noko i at Russland etter Sovjet-tida stundom har kjent seg urettvist handsama av Vesten. På den andre sida: Bruk av masseøydeleggingsvåpen, særleg atomvåpen i ei verd som har så mange andre alvorlege utfordringar, vitnar sterkt om at det er fenomenet krig som er den sams erkefienden. At Putin-regimet fann dette mindre viktig enn eigeninteressene er tragisk.

Tida er overmogen for å revitalisera FN som verda sin øvste instans for fred og utvikling. Denne bodskapen har oss alle som adresse.

Publisert
  1. Atomvåpen
  2. Krig
  3. Krigen i Ukraina
  4. Russland
  5. FN

Les mer om dette temaet

  1. – Lett å forstå hvorfor Macron, Scholz og Draghi er i Ukraina

  2. – Her gjør de ikke noe halv­veis. Det er «all in».

  3. Solgte fredsprismedalje for over én milliard kroner

  4. – Nato må gi Putin et ultimatum

BT anbefaler

– Det vil ta tid før trafikken går som normalt

Innstilte flyruter, timelange flyplasskøer og passmangel – her får du siste nytt om reisesommeren 2022.

LES SAKEN