Derfor er vaffelen viktig

Ikkje undervurder denne matretten!

Vaflar og kaffi symboliserer gjestfridom og fellesskap, meiner innsendaren.
  • Helga Eggebø
    Nordlandsforskning
Publisert Publisert
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Farmor og farfar hadde alltid vaffelrøre ståande klar i kjøleskapet. For meg og brørne mine, som budde i nabohuset, var det ein ståande invitasjon om å koma innom og få seg ein vaffel og eit eventyr av farmor.

Når me kom springande, sette ho straks støpselet i stikkontakten, og like etter var jarnet klart til bruk. Vaffeljarnet til farmor og farfar hadde ein farge av raudoransje lakk i midten som gjekk gradvis over i svart på sidene, og balanserte på benken på tre små svarte føter.

Farmor tok røra ut av kjøleskapet, rørte rundt eit par gonger og auste ei passe mengd opp i jarnet, kor røra tok den klassiske forma av fem spisse fine hjarte som hang saman. Ei vaffelplata, eller ei vaffelkaka, som farmor sa.

Den trygge, mjuke og freistande lukta av nysteikte vaflar oste opp frå det varme jarnet i møte med røra. Det lukta nysteikte vaflar i kjøkkenet. Det var lukta av ope hus, gjestfridom, omsorg og kjærleik som breidde seg i rommet.

Då eg jobba med forskingsrapporten «Aktivitet og fellesskap blant eldre – Erfaringar med sosial omsorg i Steigen og Tana/Deatnu», fatta eg interesse for vaflar. I arbeidet med dataanalysen vart det tydeleg at det å stella i stand kaffi og vaffel var det klart vanlegaste døme på tilrettelegging for aktivitet og fellesskap på dagsenter, omsorgsbustader og sjukeheimsavdelingar.

«Lukta av vaflar er ein invitasjon til å delta», skriv Helga Eggebø.

Men det er ikkje berre i helse- og omsorgstenesta at kaffi og vaffel er ein klassikar. På Nordlandsforskning er vaffel den sikraste metoden for å få folk til å møta opp på instituttmøte, og det slår ikkje feil som fredagskos i lunsjen. Når lukta av vaflar brer seg i gangane, kjem forskarane luskande ut av kontora sine og let seg kalla til samvær og fellesskap.

For ikkje å snakka om fotballkampar, fotballturneringar, basarar, skuleavslutningar, korpsseminar, valkampstand, dugnader, kyrkjekaffi og møter i all verdas lag og foreiningar. Det er vaffel det går i, det er vaffel for alle pengar, vaffel til folket. Til store og små, med sukker eller syltetøy på!

Kva er det vaflar eigentleg betyr for oss? undra eg og spurde ut kollegaene mine om kven som laga vaflar til dei, kva dei kalla vaflane og kva dei bruka å ha på. Farmor mi sa «vaffelkaka», på liknande vis som ei anna farmor frå Sørfold kalla det «vaffelkak».

Ein ven frå Hardanger seier «vaflo» i bestemt form eintal. Ein ven frå Helgeland plar servera vaflar med rømme og røykelaks. Søtt og salt i saleg kombinasjon, litt som den meir berømte tradisjonen med pølse i vaffel i Austfold.

Men sjølv om det er regionale variasjonar i kva ein kallar barnet og kva ein har på vaflane, så er mitt inntrykk at det likevel er nokså likt over heile landet.

Det er ikkje som lefsa, som kjem i tusenvis av familiære, lokale og regionale versjonar: potetlefse, tynnlefse, tjukklefse, mjuklefse, kling eller berre lefse. Baka med og utan potet, med og utan bakepulver, kjevla flat eller heva tjukk på takka, bretta og servert med og utan brunost og kanel.

Av andre alternativ til vaflane er lappar vanleg i Rogaland, svela ein klassikar på nordvestlandet, og i Tana er blodpannekaker av reinsdyrsblod eit alternativ med forankring i lokale mattradisjonar.

Vaffelen er ikkje som lefsa, som kjem i tusenvis av familiære, lokale og regionale versjonar, meiner innsendaren.

Er det ikkje noko veldig norsk med vaflane? Eit konsept som bind oss saman som éin nasjon, på tvers av regionale kulturskilnader? Men også så norsk at det kan verka veldig etnisk spesifikt på dei av oss som ser det norske frå sidelinja?

Eg har ikkje funne vitskapelege artiklar som handlar spesifikt om vaflar, men vaflane dukkar opp i forsking om sjark, sjømannskyrkje, frivilligheit og integrering. I integreringsprosessen er det viktig at nokon formidlar informasjon om korleis du fiksar biffen når du som forelder har fått beskjed om å stilla med vaffelrøre på skulearrangement.

I desse forskingssamanhengane blir vaflar nemnt som eit symbol på hygge, sosialt samvær, det å ta seg tid til andre, frivilligheit, norskheit, gjestfridom, fellesskap og folkelegheit. Folkelege politikarar har steikt sine vaflar.

Les også

To slags menneske kranglar om kaffi på arbeidsplassen min

Men ettersom vaffel og kaffi er så folkeleg, vanleg og lettvint, kan ein koma til å undervurdera kor viktig det er. Å laga vaflar på omsorgsbustaden krev ikkje så mykje ekstra utstyr, kompetanse eller bemanning. Det krev heller ikkje så mykje av dei som deltek.

Men det er ikkje banalt, ikkje uviktig. Lukta av vaflar er ein invitasjon til å delta, til å vera i lag. Det symboliserer fellesskap og gjestfridom og betyr at folk på omsorgsbustaden – nett som på Nordlandsforskning – gjerne får lyst til å koma ut av romma sine, vera i lag og slå av ein prat.

Innlegget vart først publisert på skribenten sin blogg.

Publisert
  1. Frivilligheit
  2. Norsk
  3. Frivillighet
  4. Vaffeljern
  5. Kaffe

Les mer om dette temaet

  1. Hvilken hage er byens beste? Nominer dine favoritter i ti nye kategorier!

  2. – Spørs om vi slipper inn på et konditori igjen

  3. Bergens Beste er tilbake: – Vi kan hjelpe hverandre med å oppdage nye perler

  4. – Då mora til Janelle blei dement, spurde alle det same spørsmålet

BT anbefaler

Brannvesenet er storfornøyde med kommunens nye tiltak

Kommunen har plassert ut en rekke offentlige griller og tilrettelagte bålplasser.

LES SAKEN