Eg trudde at barnet mitt skulle få eit vanleg liv

Har du tenkt på at barnet ditt plutseleg kan bli psykisk sjuk? Og at barnet ditt blir det som vaksen?

FORVENTNINGAR: Har du tenkt på at det vakre barnet ditt, som du trur skal vekse opp, få utdanning og jobb, kjærast og barn, reise til Syden, og som skal hjelpe deg når du blir eldre, at dette barnet ikkje skal evne å ta vare på seg sjølv? Illustrasjon: Shutterstock / NTB scanpix

Debattinnlegg

Anonym mor
Bergens-området

Det hadde ikkje eg, men no tenkjer eg på det store delar av tida. Verda mistar fargar og blir svartkvit, eg byrjar å orientere meg om kven som kan hjelpe det vaksne barnet mitt, trass i at barnet ikkje ser at det held på å miste fotfeste.

I starten ser eg ikkje galskapen, eg let meg overtyde om at opplevingar til det vaksne barnet er sanne, heilt til eg innser at mange av opplevingane ikkje har rot i verkelegheita. Heilt til eg ser at det vaksne barnet mitt er til fare for seg sjølv og andre.

Så blir du næraste pårørande. Du får eit val, fortsetje eller seie at dette klarar eg ikkje vere ein del av. Men det valet kan du ikkje ta akkurat no, du må først vere brannsløkkar og initiativtakar, du må ordne hjelp til det vaksne barnet ditt – sjølv om barnet ditt nektar for at det treng hjelp.

Ver så god: Dette er den nye kvardagen din, du må finne dei som kan trygge deg og hjelpe det vaksne barnet ditt.

Les også

Familien meiner psykisk sjukdom gjorde sonen til drapsmann. No samlar dei inn pengar til helseorganisasjon.

Du ber om samtale med fastlegen til det vaksne barnet ditt, sender mail til etatar i kommunen din, du tek imot bekymringsmeldingar frå naboar. Politiet blir kontakta av menneske som kjenner seg truga av det vaksne barnet ditt, dei er bekymra, det er kaos, og du veit ikkje kva du skal gjere.

Du prøver igjen å fortelje fastlegen til det vaksne barnet ditt at det treng hjelp. Legen meiner det kan vere tale om ei alvorleg sinnsliding, han roar deg og lovar å gjere noko – men det er før du går ut kontordøra.

Dagar blir til veker, veker blir til månadar, og du merkar at det vaksne barnet ikkje alltid veit kven du er. Du kjenner deg plutseleg redd i møte med det kjære barnet ditt, nokre gongar må du velje å ta vare på deg sjølv og forlate eit forvirra menneske.

Du fortset og leitar etter dei i hjelpetenesta som kan gjere ein forskjell, tida byrjar å bli knapp. No er politiet væpna når dei møter opp hjå det vaksne barnet ditt. Ambulanse og politi er nesten innom dagleg. Det vaksne barnet forstår ikkje kvifor dette skjer. Det kjenner seg truga og må forsvare seg, galskapen er tydeleg.

Les også

Pasient lå i belteseng i syv døgn

Det vaksne barnet ditt må låsast inne, det treng behandling i psykiatrien, men dei som har nøkkelen vegrar seg for å bruke den. Det blir månadar med runddans, inn – og snart ut igjen frå låste dører.

Slik skal det vere nokre månadar, personvernet står sterkt i samfunnet vårt, og det vaksne barnet ditt gjer krav på å sleppe, det manglar innsikt i eigen sjukdom. Det vaksne barnet ditt skal bli så djupt sinnslidande før det blir sett, at du skal miste trua på at det nokon gong vil bli det menneske du kjente før.

Har du tenkt på at du kan bli næraste pårørande til det vesle barnet ditt som du har fødd og amma? Eller som du trillar i vogna når du har pappaperm og som gir slik ei lukke, barnet som bringar med seg lyse framtidsdraumar?

Har du tenkt på at det vakre barnet ditt, som du trur skal vekse opp, få utdanning og jobb, kjærast og barn, reise til Syden, og som skal hjelpe deg når du blir eldre, at dette barnet ikkje skal evne å ta vare på seg sjølv?

Det vesle barnet ditt skal bli alvorleg sinnslidande, det skal bli meldt til politi for vald, det skal terrorisere eit lokalsamfunn, det skal i lang tid snurre rundt i ei forvirringstilstand – fordi det er nokre som ikkje vågar, nokre som ikkje tar ansvar – nokre som ikkje gjer jobben sin.

Det vesle, mjuke barnet ditt skal ikkje få den helsehjelpa det har krav på, men du veit det ikkje enno – framleis kan du stryke det vesle barnet ditt varsamt og tenkje at du skal verne det mot all vondskap.

BT veit kven innsendaren er, og ho har lagt fram dokumentasjon for historia ho fortel her.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg