Snakk med barna om kropp og seksualitet

Dei blir betre rusta til å seie nei og fortelje dersom noko ugreitt har skjedd.

For barn er det å sjå ulike kroppar ofte forbunde med læring, skriv innsendaren. Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

  • Mariann Enoksen
    Helsesjukepleiar og prosjektkoordinator, Etat for barn og familie, Bergen kommune
Publisert Publisert
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Både lærarar, helsesjukepleiarar og eksterne bidragsutøvarar underviser om seksuelle overgrep i større grad enn før. Dei fleste foreldre ønskjer at barn får kunnskap om seksuelle overgrep, visar ein ny rapport frå Redd Barna.

Likevel opplev vi som underviser om seksuelle overgrep at nokre foreldre uroar seg for kva barna lærer. Foreldre kan bekymre seg for at barna kan bli redde når dei lærer om seksuelle overgrep. Andre ønskjer at barna skal lære om seksuelle overgrep, men er kritiske til at barna treng å lære om seksualitet.

Dette er berre nokre av reaksjonane foreldre kan ha. Eg forstår godt at ein stiller spørsmål om kva barna lærer om kropp og seksualitet på skulen, og at det kan vera usikkerheit rundt kva barna treng å vite. Det er bra at foreldre stiller spørsmål om det.

Mariann Enoksen er prosjektkoordinator for førebyggande undervisning mot seksuelle overgrep i Etat for barn og familie. Foto: Privat

Barneåra har stor betydning for korleis ein utviklar seg seksuelt. Som barn blir vi født med ein seksualitet. Sjølv babyar kan oppleve gode berøringar som får det til å krible i kroppen. Seksualitet er noko anna for barn enn vaksne, og seksualiteten utviklar seg gjennom heile livet. Seksualitet hjå barn handlar mykje om nysgjerrigheit.

Korleis vi snakkar om kropp, kjønn og seksualitet med barna påverkar den seksuelle utviklinga deira, og kan påverke deira tankar og kjensler. Kva barna lærer på skulen om kropp og seksualitet er viktig. Men sannsynlegvis vil foreldre sine haldningar til kropp og seksualitet ha større innverknad på barna enn det dei får vite på skulen eller gjennom tv-program.

Les også

Mor: «Vi skal lære barna våre å si ifra om overgrep, ikke skremme dem»

Ei ny undersøking synte at nokre meiner at det å vise seg naken framføre barna sine til dømes på badet, er eit overgrep mot barna. Det fekk meg til å undre meg over korleis slike haldningar kan påverka barna.

Kva tankar får barn om kroppen sin dersom dei veks opp i ein heim der nakenheit er forbode, og kroppen er noko som skal gøymast vekk? For barn er det å sjå ulike kroppar ofte forbunde med læring. Dei ser at kroppane er ulike, når barn ser ulike kroppar stiller dei ofte spørsmål om kropp. Dei kan lure på kvifor nokre har hår rundt kjønnsorgana og andre ikkje. Dei kan spørje om kvifor brysta ser forskjellige ut, kvifor har nokre kvinner store bryst og nokre små?

Barn lurer på så mangt, og når vaksne svarer ærleg og opent på spørsmåla deira, då syner vi at det går an å snakke om kropp og seksualitet på ein heilt naturleg måte. Det er større sjanse for at barna vil fortelje dersom det skjer noko dei er usikre på og treng hjelp til, dersom dei har erfart at det går an å snakke om kropp på ein naturleg måte.

Når barn får kunnskap om kropp og seksualitet, er det lettare for dei å fortelje om det etterpå dersom noko ugreitt har skjedd. Biletet er frå Barnehuset i Bergen. Foto: Tor Høvik (arkiv)

For at barna skal få eit mest mogeleg naturleg forhold til eigen kropp, må vi ufarleggjere kropp og seksualitet. Vi bør snakke om kropp og seksualitet med barn frå dei er små.

Ein del foreldre er skeptiske til at barn får lære at det er normalt at barn utforskar eigne og andre barn sine kroppar, som det å ta på tissen. Det å utforske kroppane til kvarandre er heilt normalt for barn på same alder, så lenge dei ønskjer det og vil vera med på det.

Barn kan oppleve skam dersom dei får inntrykk av at dei har gjort noko gale med kroppen sin, skriv Mariann Enoksen. Foto: Alexandre Marchi, Colourbox (illustrasjonsfoto)

Når ein utforskar kroppen på eiga hand eller saman med andre, blir ein kjent med kroppen sin, på denne måten blir ein betre i stand til å setje grenser for seg sjølv og andre. Det å utforske kroppen sin er ein del av den seksuelle utviklinga. Barn kan oppleve skam dersom dei får inntrykk av at dei har gjort noko gale med kroppen sin.

Barn treng å vite at det aldri er lov å true, tvinge, overtale eller lure nokon til å gjere noko med eigen eller andre sin kropp, som dei sjølve ikkje vil. Det er også trygt for barn å lære at det aldri er greitt at vaksne har samleie eller gjer andre seksuelle handlingar med barn, og at det alltid er vaksne sitt ansvar dersom det skjer.

Når barn får kunnskap om kropp og seksualitet er dei betre rusta til å seie nei, det er også lettare for dei å fortelje om det etterpå dersom noko ugreitt har skjedd.

Kunnskap om kropp og seksualitet, og eit positivt forhold til seksualitet er viktig for at ein skal kjenne seg trygg, og sikre gode seksuelle handlingsmønster som ungdom og vaksen.

Publisert
  1. Seksualitet
  2. Overgrep
  3. Redd Barna
  4. Barnehage
  5. Barn

Les mer om dette temaet

  1. Ropstad bekymra over økning i barnevoldssaker

  2. Skal gjøre internett tryggere for unge: – Her har vi sovet i timen

  3. – Datteren vår gråt og ble redd etter skolens tegnefilm om overgrep

  4. Her er psykologens råd når mor mener hun er bedre enn far

  5. «Breddeidretten er dessverre godt tilrettelagt for overgrep»

  6. – Vi skal snakke sant til barn

BT anbefaler

Sjekk Branns krav­liste til ny sportssjef

Inntil Brann får ny sportssjef på plass har trener Kåre Ingebrigtsen et utvidet ansvar for kjøp og salg av spillere i…

LES SAKEN