Venstre hindrar landstraum til cruiseskip

Bergen hamn har fått endå eit avslag frå Enova om støtte til landstraum for cruiseskip. Venstre i regjering må bere ansvaret.

FEKK NEI: Dessverre er Bergen hamns prosjekt for å etablere tre ladepunkt for cruiseskip nok ein gong avvist. Ikkje fordi søknaden er for dårleg, men fordi støtteordninga i realiteten diskriminerer slike prosjekt, skriv innsendaren.

EIRIK BREKKE (Arkiv)
  • Lars-Henrik Paarup Michelsen
    Dagleg leiar i Norsk Klimastiftelse

Cruisetrafikken er i kraftig vekst. I Noregs største cruisehamn – Bergen – er det venta 334 cruiseanløp i 2018 og truleg endå fleire i 2019 og 2020. Det er brei semje om at utsleppa frå cruisenæringa må reduserast kraftig, både av omsyn til lokal luftforureining og klimaet.

At dei største skipa har eit energiforbruk som ein liten norsk kommune, blir eit stort problem når energien som vert brukt er fossil. Eit ufråvikeleg krav til skip som ligg til kai, bør vere at dei går over frå diesel- og oljeprodusert straum til fornybar landstraum.

Les også

Frode Bjerkestrand: «Den nye reiselivsdirektøren har en viktig oppgave: Å hindre at bransjen hans gjør permanent skade.»

Ein føresetnad for å kunne stille krav om bruk av landstraum, er at ein først får på plass ladeinfrastruktur på land. Bergen hamn kan i dag vise til ladepunkt for dei aller fleste skipstypar, men ikkje for cruiseskip. Årsaka er at Enovas landstraummidlar blir delt ut i ein konkurranse der alle landstraumprosjekt – store som små – må konkurrere mot kvarandre, og der investeringskostnad er ein avgjerande variabel i tildelingskriteriet.

Sidan landstraumanlegg for cruiseskip krev høgspent, og derfor er langt dyrare enn ladeinfrastruktur for ein fiskebåt eller eit offshorefartøy, er cruiseprosjekt dømt til å tape i konkurransen om offentleg støtte.

Derfor har fleire av oss foreslått at landstraumpotten bør innrettast annleis, til dømes ved å splitte han i to: ein for rimelege lågspentprosjekt, ein for kostbare høgspentprosjekt.

Les også

Landstrøm for cruisetrafikken blir tema i Stortingets spørretime

Då vi tok problemet opp med nasjonale politikarar i fjor haust, var responsen frå Venstre på Stortinget resolutt. I den etterfølgjande budsjettforhandlinga med Høgre og FrP fekk dei fleirtal for eit tilrådingsvedtak som svar på problemet: «Stortinget ber regjeringen sikre at Enovas mandat omfatter utbygging av landstraum for cruiseskip i kommunal eller privat regi.»

Bergens Tidende applauderte vedtaket i ein leiarartikkel 27. november – og gav velfortent ros til Venstre. «Alle som foretrekker ren luft har grunn til å juble for landstraum til Bergen havn», skreiv avisa.

Då Venstre like etterpå vart ein del av regjeringa, og attpåtil tok over Klima- og miljødepartementet med ansvar for Enova, var vi fleire som var sikker på at budsjettvedtaket ville bli følgt opp raskt. Første mogelegheit var å bruke årets tildelingsbrev frå Staten til Enova til å formidle vidare Stortingets intensjon. Då vi drøfta dette med statsråden og hans embetsverk på nyåret fekk vi stadfesta at dette var ein mogelegheit. Årets tildelingsbrev var enno ikkje sendt.

Les også

SV og Ap krever at Hurtigruten og cruisebåtene seiler på strøm inn norske turistfjorder

Dessverre gjekk det ikkje slik vi hadde trudd og håpa. 28. juni vart resultatet av Enovas siste landstraumkonkurranse offentleggjort. På Enovas nettsider kan ein lese at elleve nye prosjekt – frå Arendal i sør til Tromsø i nord – kan vente seg støtte til landstraum i denne runden.

Dessverre er Bergen hamns prosjekt for å etablere tre ladepunkt for cruiseskip nok ein gong avvist. Ikkje fordi søknaden er for dårleg, men fordi støtteordninga i realiteten diskriminerer slike prosjekt. Enova har samtidig varsla at kriteria for neste tildelingsrunde – som har søknadsfrist i september – vil vere uendra.

Om det er sommel i regjeringsapparatet som gjer at landstraum for cruiseskip er sett på vent, eller om det er Venstre som har gått vekk frå standpunktet dei hadde som opposisjonsparti for eit halvt år sidan, er uvisst.

For Bergens del er resultatet at eit av byens klimamål – å kunne tilby landstraum til alle skip innan 2020 – no svever i det blå. Ei forklaring frå regjeringa er på sin plass.

Få politisk redaktør Frøy Gudbrandsens nyhetsbrev hver onsdag ettermiddag. Meld deg på her.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg