Skulebarn får ikkje lenger vere i båt

Dei strenge reglane vil ikkje gjere barna tryggare. Det motsette vil skje.

Publisert:

FIRKANTA: Krava til utstyr og kompetanse er blitt så høge at skular og barnehagar ikkje lenger kan ta med seg barn i båt, skriv innsendaren. Biletet er frå eit sjøvettkurs i Alvøen i Bergen. Reglene som innsenderen kritiserer, gjelder hovedsakelig båter som er større enn dem på bildet. Foto: Rune Meyer Berentsen (arkiv)

Debattinnlegg

Hans Lauvik
Fjell

Sjøfartsdirektoratet vil innskjerpa praksisen med bruk av båtar i skular, barnehagar og frivillige organisasjonar, som blir definert som næring. Krav til båtførarar og utstyr er då som for eit reiarlag. Men skular og barnehagar har ikkje økonomi til å oppfylla dei svært dyre og omfattande krava.

Mange foreldre beklagar dette sterkt. Ein stans i sjøaktivitetane vil auka dei sosiale forskjellane lokalt, når berre barn av ressurssterke foreldre med eigen båt kjem seg på sjøen. Ungane misser dessutan eit fantastisk aktivitetstilbod og ein uvurderleg læringsarena for sjøvett.

Krava som ein vil handheva, finst i «Forskrift om drift av fartøy som fører 12 eller færre passasjerar». Ein lærar, til dømes, som i stille ver innanskjers vil ta nokre skuleelevar med ein tur utpå sundet for å fiska, draga teiner eller læra sjøvett, står overfor svært strenge krav. Ho/han må ha fritidsskippersertifikat (120-130 timar), tryggleikskurs, kurs i passasjer- og krisehandtering, VHF-kurs og helseerklæring.

Krava til utstyr er endå meir utrulege. Båtar brukt i næring, store og små, må ifølgje forskrifta ha følgjande utstyr:

  • 2 stk. VHF og reservekraftkjelde for 6 timar
  • Oppdaterte kart og nautiske publikasjonar
  • Redningsflåte (!) med kapasitet til alle om bord
  • Eigna, CE-merka flyteutstyr med minst 100 N oppdrift til alle om bord
  • Livbøye med lys
  • Ein flytande kastering festa til 30 meter flytande line
  • Tre fallskjermlys og tre handbluss
  • Ei redningsgrind eller tilsvarande til å plukka folk opp av vatnet med

Krava til utstyr er reduserte for båtar med fart under 10 knop i beskytta farvatn i sommarhalvåret. Open båt som kan gå fortare enn 20 knop, skal ha ein vaksen pr. barn under 14 år om bord.

Sidan krava også gjeld frivillige organisasjonar, vil innskjerpinga dessutan vera ein kraftig brems i arbeidet med rydding av plast langs norske strender. På Barnehage.no kan ein lesa om kva konsekvensar innskjerpinga får for Strusshamn barnehage på Askøy.

I Kveldsnytt på NRK den 23. april i år snakka ein representant for Sjøfartsdirektoratet om kor viktig det er med tryggleik for barn på sjøen. Dette er vi alle samde i. Men eit behov for innskjerping må jo botna i eit reelt behov. Så – kor ofte døyr barn i ulykker med fritidsbåt i næringssamanheng?

Sjøfartsdirektoratet har ein eigen ulykkesstatistikk for dødsulykker med fritidsbåt. Den viser at i åra 2013 – juni 2018 omkom ingen barn i slike ulykker i næringssamanheng. Ein 13-åring omkom frå småbåt i 2016, men det skjedde i fritida. Elles var ein 19-åring den yngste som omkom i fritidsbåtulykker i nemnde periode. Dei aller fleste var menn i 50-åra.

Sjøfartsdirektoratet skriv då også at «Heldigvis er det forholdsvis sjeldent at barn omkommer i forbindelse med bruk av fritidsbåt.» Vi kan leggja til: Det skjer (nesten) aldri i næringssamanheng. Statistikk før 2013 vart ikkje funnen.
Det er litt av eit paradoks at eit statleg direktorat, som skal sikra trygg ferdsle til sjøs, set krav som effektivt hindrar praktisk opplæring i tryggleik på sjøen for barn og unge. Endå merkelegare er dette når grunngjevinga er å førebyggja ulykker som likevel ikkje skjer, eller som i alle fall ikkje har skjedd dei siste fem åra.

All fornuft tilseier at faren for ulykker på sjøen tvert om aukar når tusenvis av barn ikkje lenger får opplæring i sjøvett og sjømannskap – på sjøen! Her er det «learning by doing». Ein lærer ikkje å sykla ved å teikna syklar.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg