Vi må vera litt mindre perfekte

DEBATT: Å trygge foreldra er ei viktig oppgåve for oss som helsesjukepleiarar, men av og til vert dei dessverre meir usikre i møte med oss.

Publisert: Publisert:

SENKE SKULDRENE: At mange går rundt og ikkje kjenner seg gode nok, er eit samfunnsproblem. La oss senke skuldrene og skamme oss litt mindre over alt vi ikkje får til, skriv innsendar. Foto: NTB scanpix/shutterstock

Debattinnlegg

Mariann Enoksen
Helsesjukepleiar Skulehelsetenesta i Årstad og Bergenshus byområde

Ei mor skreiv i BT 7. desember at ho ikkje klarte å beskytte dotter si mot helsesøster og helsedirektoratet sine anbefalingar. Mora kjente seg usikker og vart ikkje tryggare på helsestasjonen.

Å trygge foreldra er ei viktig oppgåve for helsesjukepleiarar, men av og til vert det dessverre slik at foreldra vert meir usikre i møte med oss. Uansett korleis ein er som forelder, har alle eit ønskje om å gjere det beste for barna sine. Alle treng å høyre at ein gjer noko bra, sjølv om ein ikkje får til alt.

Vi helsesjukepleiarar bruker mykje tid på oppfølging av barn med overvekt, det er forska lite
på effekten av arbeidet vi gjer. Vi arbeider etter offentlege retningslinjer, og forsøkjer å tilpasse anbefalingane og bruke fagleg skjønn.

For å få til gode samtalar, må vi forstå ein del om kultur og kommunikasjon, men sjølv med kunnskap og erfaring kan kommunikasjonen svikte. Velmeinte råd kan bli motteke som kritikk. Helseopplysning kan bli meldingar om at ein ikkje er god nok.

Les også

Jeg klarte ikke beskytte datteren min

Vi veg og målar barn, og nokre kan få tankar om at dei ikkje er gode nok fordi dei avvik frå normalen, foreldre og barn kan kjenne på forventningar og press om endring.

Dersom barnet er overvektig, og det kjem fram opplysningar som tyder på at familien ikkje har tilstrekkelege kunnskapar til å snu overvekta på eiga hand, er vi som helsepersonell pliktige til å gje barn og unge helsehjelp.

Ofte brukar vi tida vår på å snakke med foreldre som ikkje er klare for å gjere noko med vektproblema. Til dømes kan det vera foreldre som ikkje har vore lenge i landet, dei strevar med språket og alle reglane her.

Les også

Vi må unngå for stort fokus på vekt

Eg har møtt mødrer som er aleine med omsorga for mange barn, som ikkje kan lese, og som aldri har gått på skule. Mødrene prøver så godt dei kan, og eg snakkar ofte med foreldra om anna enn kost, ernæring og overvekt. Dei treng noko heilt anna i deira situasjon.

Samstundes som eg brukar tida mi på ein familie som har eitt eller fleire barn med overvekt, bankar det gjerne på døra. Utanfor står det kanskje ein elev som seier: «Eg må snakke med deg, det er kjempeviktig». «Eg har det ikkje bra, eg får ingenting til». Kanskje har dei sjølvmordstankar også.

Ofte verkar overvekt uvesentleg i den store samanhengen. Det er så mykje meir enn overvekt folk slit med. Korleis vi kan hjelpe betre enn i dag, kan gjerne diskuterast. Å arbeide skikkeleg med overvekt er tidkrevjande, og vi treng meir ressursar for å unngå at tida vi bruker på oppfølging går utover andre arbeidsoppgåver.

Som helsesjukepleiarar i skulen brukar eg mykje tid på å snakke med barn og unge om korleis dei har det. Mange fortel at dei ikkje kjenner seg gode nok. Dei er ikkje slik dei skulle ønskje dei var. Mange er svært sjølvkritiske og har det ikkje godt med seg sjølve. Kva er årsaka til det? Har vi for store krav og forventningar til kvarandre? Snakkar vi for lite saman?

Barn og unge deler tankar og kjensler med oss som dei ikkje deler med andre, korkje venner eller foreldre. Nokre likar seg sjølve så dårleg at dei har tankar om å døy. Dei kjenner på forventningar og press frå skule, foreldre, venner og trenarar. Nokre kjenner at ingen bryr seg, ingen ser eller forstår dei. Mange snakkar seg sjølv ned, fortel seg sjølve at dei er dumme og ikkje får til noko.

Vi råder dei til å snakke med sine næraste, seie noko om at forventningane er vanskelege å leve opp til. Dersom ein set ord på kjenslene sine, vert det som regel litt enklare for dei rundt å forstå.

Les også

Du er forelder, ikke en bestevenn

Mange er redde for å ikkje innfri foreldra sine ønskjer og draumar. Har ein to foreldre som er legar, kan nokre tenkje at dei også må bli legar. Unge med minoritetsbakgrunn kan kjenne på press frå foreldre om å bli noko med status. Dersom ein høyrer heime at ein må bli lege eller advokat, men ikkje har gode nok karakterar, kjenner ein seg ofte ikkje god nok.

Vi snakkar med ungdommar som engstar seg for at foreldra skal få vite at dei har drukke alkohol eller hatt sex. Vi veit om unge som har sex, men er usikre på det dei gjer fordi andre forventar at dei ikkje skal ha sex før dei finn den rette, eller har gifta seg. Vi møter unge som har forelska seg i ein med feil farge eller kjønn, dei trur i alle fall at foreldra synest det.

Barn og ungdomar som kjem frå ein del kristne og muslimske heimar, fortel at dei ofte kjenner på press om å leve på ein måte dei verken ønskjer eller klarer å leve opp til. Unge vert stressa og skammar seg når dei ikkje klarer leve opp til forventningane.

At mange barn, unge og vaksne går rundt og ikkje kjenner seg gode nok, er slik eg ser det eit samfunnsproblem. La oss senke skuldrene og skamme oss litt mindre over alt vi ikkje får til. Vi må vera litt mindre perfekte og snakke saman, då oppdagar vi kanskje at krava og forventningane ikkje er så store som vi frykta. Vi må vera rause mot oss sjølve og andre, slik får vi eit betre samfunn, trur eg.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg