Eit lite døme på at stoppeklokke ikkje høyrer heime i omsorg

DEBATT: Kommunen rekna ut tida for å hjelpe brukaren på do, tørke og kle på igjen. Så gjorde dei frådrag i tildelt tid for minutta brukaren sat på doskåla.

LANGT UNNA: Vi er langt unna målet om verdige omsorgstenester når kommunen er mest oppteken av kor lenge det er kontakt mellom rumpe og doring, skriv pasientombod Lisa Refsnes. Foto: NTB scanpix (illustrasjonsfoto)

  • Lisa Refsnes
    Pasient- og brukarombod i Sogn og Fjordane, konstituert ombod i Hordaland
Publisert:

Hjelpetilbodet til personar fødd med utviklingshemming har den siste tida vore i søkelyset. Heldigvis har dei fleste pasientar og pårørande gode erfaringar i møte med helsetenestene. Pasientomboda vert i hovudsak kontakta av dei som opplever svikt eller misnøye. Omboda sine erfaringar er difor ikkje ein tilstandsrapport om helsetenestene. Men våre erfaringar er viktige for å tydeleggjere risikoområder og for arbeid med kvalitetsbetring.

I oktober 2017 publiserte Helsetilsynet sin rapport «Det gjelder livet», som handla om tilsyn med kommunale helse- og omsorgstenester til personar med utviklingshemming. Rapporten påviste omfattande og til dels alvorleg svikt. Mange stader var tenestene utilstrekkelege og lite individuelt tilpassa. Det vart mellom anna vist til mangelfull brukarmedverknad og informasjon. Pasientomboda deler erfaringane til Helsetilsynet på dette området.

Pasientombod Lisa Refsnes Foto: Privat

Det er i all hovudsak foreldre eller verje til både vaksne og unge personar med utviklingshemming som kontaktar oss i slike saker. Dei melder om manglande eller ikkje fungerande koordinator, mangelfull plan for tiltak, stor bruk av vikarar, ufaglært personell, lite informasjon og lite medverknad.

I nokre saker vert tenester gitt som kollektive tiltak til ei heil brukargruppe utan høve til individuell tilpassing. Vi møter brukarar og pårørande som må kjempe for å få på plass daglegdagse ting som dei fleste av oss tek for gitt. Vi møter slitne pårørande.

Nokre saker får eit tragikomisk preg. Ei av mine saker gjaldt spørsmål om kor mykje hjelp ein kommune skulle gje ved toalettbesøk. Kommunen hadde rekna ut tid til assistanse for å hjelpe brukaren på do, til å tørke brukaren etter toalettbesøket, og hjelpe personen med å kle på igjen. Kommunen hadde så gjort frådrag i tildelt tid for dei minutta brukaren sat på doskåla.

Som ein ser, er dette eit tidsreknestykke som er umogleg å gjennomføre i praksis. Manglande tenestetilbod måtte pårørande dekke opp.

Personar med utviklingshemming og deira pårørande har krav på forsvarlege og verdige helse- og omsorgstenester. Vi er langt unna denne målsetnaden dersom tenesta er mest oppteken av kor lenge det er kontakt mellom rumpe og doring.