Feir farsdagen saman med far din, ikkje på Facebook

Etter kvart som åra gjekk, vart eg vand med at farsdagen kom utan far. Men så kom Facebook.

FARSDAG UTAN PAPPA: Etter kvart som åra gjekk, vart eg vand med at farsdagen kom utan min far. Men så kom Facebook, eller skryteboka om du vil, og mogelegheita til å syne andre kva du har, som dei ikkje har, skriv Tora Haaland. Privat/Vegar Valde (arkiv).

Debattinnlegg

Tora Haaland
Medisinstudent

Kvart år i midten av november vert vi ausa over med farsdagstilbod både i butikk og via post. Tilbod på undikar, slips, blomar og ulike effektar med påskrifta «verdas beste pappa» lyser mot deg, sjølv når du slår på fjernsynsapparatet heime i di eiga stove. Enkelte stadar får du til og med avslag på prisen dersom du tek med deg far din ut på ein matbit på farsdagen.

Og så, når dagen endeleg er der, vert vi ausa over på Facebook. Venner og kjende, naboar, kollegaer, studiekameratar og tidlegare studiekameratar får plutseleg eit behov for å leggje ut bilete av far sin i ulike setjingar: på fisketur, på fjellet, på Snapchat, i Syden og så vidare. Og biletteksten? «Verdas beste pappa.»

Sist gong eg feira farsdagen saman med far min, var i 2004. Den gong hadde vi ikkje Facebook, og eg kunne ikkje syne til heile verda at akkurat eg hadde verdas beste pappa. Nei, då måtte eg lage kort, kjøpe gåve, bake kake og servere frukost på senga. Mykje arbeid, altså, som eg gjorde med glede for å vise pappa at eg var glad i han og sette pris på den han var.

ENDELEG: Endeleg kan eg igjen sjå fram til farsdagen og nytte meg av farsdagstilboda i butikk, på TV og per post. Og feire dagen slik den burde feirast, saman med husets far. Med frukost og kake, barnelatter og skjeggete smil, skriv Tora Haaland, her med sine barn. Privat

Les også

Når hele verden logger seg på, vil noen aller helst koble av

Året etter var ikkje lenger pappa her, og eg hadde ingen å feire farsdagen med. Likevel vart eg ausa over av dei same tilboda via butikk, TV og per post. Det gjorde vondt. Det minte meg på kva eg ikkje lenger hadde, framfor dei gode minna, over kva eg var så heldig å ein gong ha.

Etter kvart som åra gjekk, vart eg vand med at farsdagen kom utan min far. Men så kom Facebook, eller skryteboka om du vil, og mogelegheita til å syne andre kva du har, som dei ikkje har.

Kvart år når farsdagen kjem får eg gnidd det opp i trynet. At naboen, kollegaen og studiekameratar får feire dagen saman med sin «verdas beste pappa», og ikkje eg. Eg veit jo at det ikkje er meininga, men ein kan jo lure på kva som er nettopp det? Meininga. Det er ikkje lenger nødvendig å lage kort, kjøpe gåve og bake kake, no når ein kan gje eit bilete med fleire hundre «likes» i farsdagsgåve i staden. Kanskje har du til og med diska opp med frukost og kake, og latt heile verda fått vite det via Facebook. Eg kan ikkje anna enn å lure: Er det då lenger far sin dag, når DU haustar «likes» og gratulasjonar på vegner av din far?

VERDAS BESTE PAPPA: Eg er så heldig å få vere mor. Og mine barn har verkeleg verdas beste pappa, som fortener å bli sett ekstra stas på denne dagen, skriv Tora Haaland. Privat

Les også

«Sosiale medier er en evig påminnelse om hva jeg går glipp av»

Og kva med dei som ikkje tykkjer at dei har «verdas beste pappa», men som likevel blir «pressa» til å dele eit bilete eller skrive ei helsing på Facebook til han som aldri stiller opp. Det er jo liksom det ein skal gjere på farsdagen no for tida, di plikt som verdas beste dotter eller son. Eller kva med dei som er aleine, eller sjølve ikkje kan bli fedrar? Som år etter år, mellom stadig fleire forsøk på å få barn, eller finna seg nokon å få barn saman med, vert minna på det dei ikkje har og kanskje aldri får.

Eg er så heldig å få vere mor. Og mine barn har verkeleg verdas beste pappa, som fortener å bli sett ekstra stas på denne dagen. Endeleg kan eg igjen sjå fram til farsdagen og nytte meg av farsdagstilboda i butikk, på TV og per post. Og feire dagen slik den burde feirast, saman med husets far. Med frukost og kake, barnelatter og skjeggete smil. Men ikkje på Facebook. Kjærleik, omtanke og gode stunder målast ikkje i «likes».