Me må tørre å erkjenne at problemet finst

Arbeidet Kjell Magne Bondevik sette i verk mot mobbing bør følgjast opp.

TRYGGLEIK: Når mobbeofferet ikkje har mogelegheit til å forsvara seg, bør det vera eit tryggleiksnett som vareteke dei involverte, slik lova krev, meiner Kristina Vaktskjold Hamre (KrF). Privat

  • Kristina Vaktskjold Hamre
    3.-kandidat for Vestland KrF

Samfunnet er ikkje perfekt. Det finst urett og mykje anna som ikkje er bra, deriblant mobbing. Eg har tru på at det er mogeleg å gjera samfunnet betre, det er derfor eg ønskjer å bidra i politikken.

Samfunnet blir ikkje betre om me lét som om det er perfekt, og skubbar det som er vanskeleg til side. Dagen blir ikkje betre om me erstattar mangel på gode relasjonar, med «likes» i sosiale media.

Kortvarig nyting kan kjennast tilfredsstillande i augneblinken, men så snart nytinga er over vil ubehag som ikkje er handtert kunne sige fram igjen. Då gjeld det å ta eit oppgjer, tørre å setje fingeren i jorda, og erkjenna.

Me ynskjer alle eit samfunn utan mobbing, men for å kunne få eit samfunn utan mobbing må me tørre å erkjenne at det finst, og at det er eit problem. Når det er gjort kan situasjonen handterast, forbetrast og følgjast opp.

Det er over femten år sidan dåverande statsminister Kjell Magne Bondevik (KrF) viste sitt tydelege engasjementet mot mobbing. Han var ein føregangsmann for arbeidet, og løfta fram at politikarane kontinuerleg må følgje dette opp.

Han sa blant anna: «Mobbeproblemet er for meg eit verdispørsmål som dreier seg om menneskeverd og likeverd.»

Han rette merksemda mot mobbing i skulen og mobbing i arbeidslivet, og han vektla at ein ikkje skal undervurdera betydninga av kampanjar og offentleg debatt i arbeidet mot mobbing.

Sjølv sette i verk han fleire kampanjar; «null toleranse for mobbing i skulen», og «jobbing mot mobbing» i arbeidslivet. Vi vil halde trykket oppe og styrkje arbeidet mot mobbing. Målretta arbeid mot mobbing fungerer.

Mobbing blir av Dan Olweus (1993) definert som ein situasjon der ein person, eller fleire, gjentatte gongar over tid vert utsett for negative handlingar frå ein eller fleire andre personar på ein slik måte at den som vert ramma har vanskeleg for å forsvare seg mot angrep.

Mobbing kan vise seg i opne angrep, men den kan også vere meir indirekte, ved at offeret for eksempel vert sosialt utstøytt. Mobbing kan ta mange former, men angrepa er systematiske og vedvarande og offeret opplever seg forsvarslaus ovanfor dei negative handlingane. Forskinga er klar og tydeleg, mobbing følgjes av mange negative konsekvensar, og kan for den enkelte gi både fysiske og psykiske helseplager. Om mobbinga får fortsette vert den gjerne både hyppigare og meir alvorleg. Derfor er handtering av mobbing heilt sentralt både i skulen og i arbeidslivet.

Arbeidet Bondevik sette i verk bør følgjast opp. Etter at han, med fleire, sette dette i fokus, vart det større merksemd om kor stort samfunnsproblem mobbing faktisk er. I 2017 vart det vedteke nye lover som gjeld mobbing i skulen, her er det klare instruksar for korleis ein mobbesituasjon skal handterast.

Men verksemder treng òg system for å handtere mobbing. For at desse systema skal vere levande, bør arbeidsgjevar og tilsette sjølve utvikla lokal handlingsplan for handtering av mobbing, i tråd med arbeidsmiljølova. Når handlingsplanar vert utvikla internt kan det sikre eigarskap og forplikta alle dei tilsette. Nyleg har Kari Einarsen med fleire (2017) publisert ein vitskapeleg artikkel som viser at ein prosedyre for handtering av mobbing i seg sjølv kan redusere førekomsten av mobbing.

Dermed vil utvikling av ein handlingsplan ikkje berre vere eit verktøy som blir teken i bruk når det oppstår ein mobbesituasjon, men utviklinga av handlingsplanen kan i seg sjølv førebygge mobbing.

Så vil nok nokon sei: «Enda meir byråkrati, enda meir system som skal følgjast opp.» Mennesket lever ikkje i eit vakuum, men er avhengig av kvarandre, og samfunnet er avhengig av oss. Me lever i eit miljø, og me er miljøet me lever i på same tid. Me sameksister, det eine utelukkar ikkje det andre. Me treng ein god balanse mellom sosialismen og individualisme.

Det er i dette skjeringspunktet at vår politikk skil seg ut. Å etablera byråkratiske system som vert balansert i dette skjeringspunktet, vil eg seie er god politikk. Når offeret ikkje har mogelegheit til å forsvara seg, bør det vera eit tryggleiksnett som ivaretek dei involverte, slik lova krev.

Politikarar, skuleeigar og arbeidsgjevar bør opparbeide seg eit sunt og sant tilhøve til omgrepet mobbing, og erverve seg kunnskap om handtering av mobbing. Det er eit stort politisk ansvar å jobbe mot mobbing, og med kunnskap og forståing kan ein bli betre i stand til å spørje etter, støtte og korrigere denne samfunnsutfordringa. Vår verd vert aldri perfekt, men den kan verte betre. Me må halda eit konstant fokus på å arbeidet mot mobbing, med mål om å skape eit varmare samfunn!

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg