Vi prestar skal ikkje dømma

PRESTEROLLA: Vi skal alltid hugsa på at det er menneske vi har med å gjera, menneske med kampar du ikkje ser, liv du ikkje kjenner, skriv sokneprest Marita Bjørke Ådland. Privat

Debattinnlegg

Marita Bjørke Ådland
Sokneprest i Slemmestad og Nærsnes og medlem i Oslo kvinnesaksforening

Vivian Skaten Nesse har 25. juni eit innlegg i BT om utsegn soknepresten i Fusa har kome med: «Hva er det som får kvinner til å drepe sine barn?»

Som prest kjenner eg behov for å kommentera dette.

Å vera prest er å vera prest for alle. Alle som kjem til kyrkja, som kjem til deg, som kjem til det rommet kyrkja er; eit rom for heile livet. For gleder vi deler, for sorger vi ber på aleine, for det andre veit, og det andre ikkje veit.

«Alle kjempar ein kamp som du ikkje veit noko om. Ver snill. Alltid.» Slik er det kjente uttrykket som eg som prest ber med meg heile tida.

Les også

Bakgrunn: Prest skriver at kvinner «dreper sine barn»

Sjølvsagt klarer eg ikkje å vera snill heile tida. Men i min tanke er dei alltid med meg, desse orda. Slik at framferda mi ikkje skal vera dømmande. Slik at dei som kjem i kyrkja, kjenner at dei ikkje går ut med større bør enn dei kom inn med. Slik at andre ikkje skal måtta stå til ansvar for mine unyanserte utsegn.

Eg jobba ein sommar som prestevikar i Fusa, og eg veit at det er eit heilt strålande kyrkjelydsliv i der. Det er sikkert nokon der som er einige i det du skriv, men det er også heilt sikkert mange som synest det er trist at presten deira skriv slikt.

Det er sikkert nokon i kyrkjelyden som har tatt abort. Er du også deira prest? Kvifor dømmer du så hardt, kvifor bruker du slike ord?

Eg ser ikkje bort frå at me, om me hadde snakka sakleg om det, er ganske einige i at abort er ein i utgangspunktet uønskt utgang på eit svangerskap.

Dette handlar difor ikkje eigentleg om ditt syn på abort, men om korleis du opptrer som prest.

Som prestar skal vi utfordra, vi kan oppfordra til samtale, nyanserte diskusjonar, og vi viser kvar dag at vi kan leva saman i kyrkja med ulikt syn på mange ting.

Men vi skal ikkje dømma. Det er heldigvis ikkje vår jobb. Og vi skal alltid hugsa på at det er menneske vi har med å gjera.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg