Fylkesordføraren teier om elefanten i rommet
Han må ta eit kraftfullt oppgjer med eiga regjering og olje- og energiminister Marte Mjøs Persen.
- Jan NordøLeiar, Naturvernforbundet Nordhordland

Ja, Jon Askeland, «kraftnettet treng handling», og «fylket kan gå glipp av 22.000 nye grøne jobbar viss det ikkje gjerast noko med kraftnettsituasjonen». Så langt er vi samde etter å ha lese innleiinga på innlegget ditt i BT 3. januar.
Men etter å ha lese resten spør eg meg; kvifor nemner du ikkje elefanten i rommet? Kva skal vi med eit forsterka kraftnett når olje- og gassinstallasjonane i Nordsjøen stikk av med straumen og fører til høgare kraftprisar for fastlandsindustrien på Vestlandet?
For det er akkurat det kraftanalytikar John Brottemsmo i Kinect Energy spår i NRK same dag, der han åtvarar at sjølv om Vestlandet står for over ein tredel av den norske kraftproduksjonen, kan innbyggarane måtte betala meir enn resten av landet dersom sokkelen skal elektrifiserast. «Det er uunngåeleg om ein ikkje brukar fornuft og stansar dette i tide», uttalar Brottemsmo.
Fylkesordføraren er forankra i ei regjering som seier ja til elektrifisering av sokkelen. På miljøsida kjenner vi likevel Askeland meir som ein ihuga motstandar av monstermaster og vindturbinar. Han har dessutan vore ein ivrig ambassadør for Greenspot Mongstad og til dels produksjon av grønt hydrogen.
No forventar vi at fylkesordføraren tek eit kraftfullt oppgjer med eiga regjering og olje- og energiminister Marte Mjøs Persen, slik at den meiningslause og skadelege eksporten av straum til Nordsjøen blir stansa.
Om ikkje kan vi risikera at fjella i Nordhordland vert pepra med dei vindturbinane korkje Askeland, Mjøs Persen eller vi andre vil ha. Verst av alt er likevel at grøne jobbar på Vestlandet kan gå fløyten.
Les mer om dette temaet
Mest lest akkurat nå
Visste ikke om passregel. – Provoserer at andre betalte seg frem i køen.
Mistenker hærverk på togstasjon
Erik var i elendig form før han møtte Benedicte. Her er de på vei til bryllupet sitt.
Slik vil streik ramme Bergen: Her kan det bli stengt
– Han var en frisk og sprek ung mann
UP bøtela 30 og tok lappen fra to
BT anbefaler
Erik var i elendig form før han møtte Benedicte. Her er de på vei til bryllupet sitt.
No skal møk frå Dag Inges grisar varme opp sjukehus
Olga fikk beskjed om å flytte fra Bergen mandag morgen. I siste liten kom beskjeden som endret alt.
«Små føtter setter dype spor», sto det på en siste hilsen. Da Monica mistet sønnen, bestemte hun seg.
Mest debattert
Lege reagerer etter dødsulykke: – Kommer du i 80 og får en jernbjelke på deg, har du ikke sjanse
– Havvind i Nordsjøen kan sikre fremtiden til fiskeriene
«Fenomenet er så utbredt at det er i ferd med å bli et folkehelseproblem»
– Jeg skjønte ikke helt hva det var, for ingen sa hvor bussene skulle ta oss