Tvang vernar barn i faresona

«Marie», som no er død, rømte 47 gongar dei to åra ho budde i Vestlundveien. Ho var plassert på tvang.

TVANG: Det er på tide å ta eit skritt tilbake og opne opp for ein meir utforskande diskusjon om bruk av tvang i institusjonsbarnevernet, skriv innsendar. Foto: NTB Scanpix

  • Monika Alvestad Reime
    Førsteamanuensis Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap Høgskulen på Vestlandet
Publisert:

Vi fryktar tvang for mykje i institusjonsbarnevernet. Nokre gongar er tvang heilt naudsynt – særleg for dei tyngste tilfella.

I løpet av våren 2018 blei to barnevernsinstitusjonar i Bergen for ungdom med alvorleg rus – og åtferdsproblematikk stengt. Den siste, Vestlundveien Ungdomssenter, etter ordre frå statsråden. Stengingane kom etter fleire oppslag i media som dokumenterte alvorlege tilhøve for ungdommane som budde der, blant anna knytt til rusing, rømming og liten vaksenkontroll.

Monika Alvestad Reime Foto: Privat

«Marie», som no er død, rømte 47 gongar dei to åra ho budde i Vestlundveien, ifølgje historia i Dagbladet Magasinet 14. april 2018 om «Barna som ikke ble vernet». Nokre gongar var ho vekke inntil tre veker. Ho rusa seg kraftig og vanka i tunge rusmiljø. Marie var plassert på tvang. I samband med stenginga av Vestlundveien Ungdomssenter vart det sett ned ei ekstern granskingsgruppe. I rapporten er ein kritisk til at ingen på eit tidlegare tidspunkt stilte spørsmål ved om drifta var forsvarleg. Det vert til dømes peika på at det var underleg at det i løpet av halvanna år berre vart skrive to tvangsvedtak ved institusjonen.

Les også

Jenten som vekket oss

Til samanlikning vart det ved sju tilsvarande institusjonar skrive 1223 tvangsrapportar i same periode. I tvangsrapportane skal alle tiltak som innskrenkar ungdommane sin fridom førast opp. Døme på dette er rusmiddeltesting og restriksjonar knytt til å bevege seg fritt utanfor institusjonen.

I Vestlundveien var ungdom med svært alvorleg rusproblematikk plassert, men ein nytta seg ikkje av dei mogelegheiter institusjonane har til å forhindre rusing og rømming. Kvifor? Kanskje fordi ein har mista nyansane og openheita i diskusjonane omkring bruken av tvang og barnas rettigheiter på dette feltet.

RAPPORT: I Fylkesmannen sin tilsynsrapport om «Glassjenta» som kom i 2016, vert det lagt vekt på at tvang berre heilt unntaksvis skal brukast på barn. Foto: Jarle Aasland (arkiv)

Dei seinare åra har det skjedd store endringar i forståingar knytt til bruk av tvang ovanfor barn med utfordrande åtferd. Medverknad har vorte eit honnørord og eit sjølvsagt gode, og tvang eit vonde. Bruk av tvang vert jamvel sett i samanheng med manglande kompetanse hjå dei tilsette i barnevernsinstitusjonane. Særleg to aktørar har vore sentrale i etableringa av denne forståinga av tvang: Fylkesmannen og Forandringsfabrikken.

I Fylkesmannen sin tilsynsrapport om «Glassjenta», som kom i 2016, vert det lagt vekt på at tvang berre heilt unntaksvis skal brukast på barn. I rapporten vert det poengtert at institusjonar som nyttar mykje tvang kan få problem med godkjenning, og hyppig bruk av tvang vert kopla saman med manglande kompetanse om traumebevisst omsorg.

Dette er ei metode som har vorte svært populær i barnevernet dei siste åra. Metoden legg vekt på å forstå barnet med utgangspunkt i barnets forhistorie og opplevde traume. Vestlundveien Ungdomssenter var ein av institusjonane som skulle nytte denne metoden. Forandringsfabrikken er den andre av aktørane som har bidrege til at bruk av tvang har blitt meir og meir forstått som eit vonde.

Forandringsfabrikken er ei gruppe med barn og unge med brukarerfaring som har hatt stor påverknad for utforming av både hjelpetilbod og lovverk innanfor barnevernsfeltet dei siste åra. Dei meiner at barnevernet i staden for å bruke tvang, må samarbeide med barnet og byggje sitt arbeid på kjærleik og omsorg. Forandringsfabrikken samarbeider tett med mange barnevernsinstitusjonar, slik dei også gjorde med Vestlundveien Ungdomssenter.

Les også

Lykke til med livet ditt, Ida

Forståinga av tvang som eit vonde, går hand i hand med forståinga av at ein i størst mogeleg grad skal følgje barna sine ynskjer. I tilsynsrapporten om «Glassjenta» heiter det at medverknad må bli til samarbeid med barnet, og at barnevernet må grunngi dersom barnets ynskjer ikkje vert følgt.

På denne måten gir Fylkesmannen sterke signal til dei tilsette om å «følgje barnet», med ei fagleg grunngjeving om ein ikkje gjer det. Om ein derimot «følgjer» barnet, krev det ingen fagleg grunngjeving.

Ut ifrå det ein kan lese om Vestlundveien Ungdomssenter, ser det ut som dei tilsette i for stor grad har følgt barnet. Å hjelpe dei mest utsette barna, er ei utfordrande oppgåve som reiser mange spørsmål av både normativ, moralsk og fagleg karakter. I kvardagen må dei tilsette balansere mange krav og omsyn, blant anna til tryggleik, omsorg, beskyttelse og medverknad.

Dette er grunnleggjande menneskerettar, men kan vere vanskeleg å handtere fordi dei også er motsetningsfulle. Arbeidet vert ikkje mindre vanskeleg når tilrådingar til korleis ein skal handtere desse dilemma og spenningar i arbeidet kjem frå mange hold og aktørar som vanlegvis ikkje har hatt som oppgåve å gje faglege råd til korleis arbeidet skal utførast.

Les også

Marcus (21) har selv slitt gjennom oppveksten. Nå jobber han for å hjelpe andre.

På få år har tvangsbruk vorte eit absolutt vonde, og igjen står ein med traumebevisst omsorg som skal løyse alle problem. Det gjekk tydelegvis ikkje så bra i Bergen, og diverre synast det å vere dei tilsette som vert sitjande igjen som syndebukkar. I ein uttale til Dagbladet 28. juni 2018 seier regionsdirektør i Bufetat, Øistein Søvik, at granskingsrapporten viser at dei tilsette ikkje har fått god nok opplæring, og ikkje har hatt eit godt nok felles fagleg grunnlag å jobbe på.

Altså leggjast «skulda» for dei kritikkverdige forholda på dei tilsette sin manglande kompetanse. For meg ser det ut som dei tilsette berre har følgt tilrådingane frå Fylkesmannen. Dei har nytta tvang i minst mogeleg grad, og dei har prøvd å forstå barna og følgje barna slik som prinsippa i traumebevisst omsorg gir retningsline til. Dei har samarbeidd tett med Forandringsfabrikken og til og med fått ros for arbeidet dei har gjort med å vareta barnets rettar til deltaking og samarbeid.

Likevel gjekk det så gale, og det er dei tilsette som sit igjen med ansvaret. Dei tilsette sjølv seier til granskingsgruppa at dei opplever eit misforhold mellom arbeidsmåten dei er pålagt å følgje, og behova dei opplever i kvardagen knytt til mogelegheiter for å bruke tvang. Men dei gjorde heilt sikkert så godt dei kunne i tråd med dei oppfatningane av tvang og barnets medverknad som dominerer i dag.

Bruk av tvang kjem i strid med barnets rett til medverknad, men treng ikkje nødvendigvis å vere eit vonde som vitnar om manglande kompetanse. Nokre gongar kan tvang vere heilt naudsynt for å gi barn i krise den tryggleik og beskyttelse som dei har rett på, og vareta omsyn til barnets liv og helse. Såleis kan bruk av tvang like gjerne vitne om høg kompetanse og gode faglege vurderingar, men det er ei forståing av tvang og medverknad som har vorte nærast tabu dei siste åra. Det er på tide å ta eit skritt tilbake og opne opp for ein meir utforskande diskusjon om bruk av tvang i institusjonsbarnevernet.