Openheit om medisinprisen, takk!

Dette virvar-systemet for hemmeleghald er det uforståeleg at Ap og KrF støttar.

INGEN VEIT: Korleis kan vi vite at prioriteringane i vårt felles helsevesen er rett, når ingen veit eller får lov til å debattere legemiddelkostnadene, spør innsendar. Foto: Gorm Kallestad, NTB Scanpix

  • Kjersti Toppe
    Stortingsrepresentant for Senterpartiet, Helsepolitisk talsperson
Publisert:

I Norge blei det etter regjeringsskiftet i 2013 innført slikt hemmeleghald. Senterpartiet har ved fleire høve tatt omkamp. Vi foreslo i Stortinget seinast 5. april i år å be regjeringa fremje sak om å sikre openheit om legemiddelprisar i helsevesenet. Vi foreslo at dei regionale helseføretaka må bli pålagt det same, og at regjeringa må arbeide for openheit om legemiddelprisar også internasjonalt.

Ingen av forslaga fekk fleirtal, men blei stemt ned av regjeringspartia, Arbeidarpartiet og Kristeleg folkeparti. Det står ikkje til trugandes.

Arbeidarpartiet vil no be helseminister Bent Høie svare på korleis han vil hindre legemiddelindustrien i å utnytte inntektssystemet til sjukehusa, kan vi lese i BT 4. juni. Det er vel og bra. BT avdekkja jo sist veke korleis legemiddelkjempa Novartis overfor Ullevål universitetssykehus foreslo ein medisinavtale som både selskapet og Ullevål ville tene på, men som ville kosta samfunnet 23 millionar kroner ekstra.

Men Arbeidarpartiet må og innsjå at sidan dei aksepterer hemmeleghald av legemiddelprisar og av prisavtalane sjukehusa forhandlar fram med legemiddelindustrien, hjelper det lite å be Høie om hjelp til å unngå sjølvsagte konsekvensar av dette.

Les også

Myndighetene bestemte brått at medisinkjøp for 20 milliarder kroner kan holdes hemmelig

Arbeidarpartiet burde i denne saka stått på Sp og SV si linje. Det same hadde eg forventa av KrF. Openheit om legemiddelprisar er viktig for å sikre rettferdig prioritering av helsekroner. Korleis kan vi vite at prioriteringane i vårt felles helsevesen er rett, når ingen veit eller får lov å debattere legemiddelkostnadene?

Openheit er det viktigaste verkemiddel for å avsløre og motverke uetiske avtalar mellom legemiddelindustrien og sjukehusavdelingane. Apotekerforeningen har lenge åtvara mot at hemmelege prisar kan auka risikoen for inhabilitet og mistankar om korrupsjon. Stortinget burde starte med å sjå til våre naboland. Norges praksis med hemmeleghald skil oss ut i klassen.

SKRIVER I BT: Kjersti Toppe (Senterpartiet) Foto: Fred Ivar Utsi Klemetsen (arkiv)

Sverige og Danmark har openheit om sine legemiddelprisar. I Danmark har ein konkludert med at hemmeleghald på kort sikt vil kunne vere lønnsamt for tenestene. Men på lang sikt vil hemmelege legemiddelprisar kunne styrke leverandørane og ikkje kjøparane. I ein norsk rapport, bestilt av dei regionale helseføretaka, står det at prisane i Norge kan forventas å auke sidan legemiddelindustrien gjennom hemmeleghald får styrkja sin posisjon.

Helseminister Høie argumenterer i BT 7. mai med at : «Vi skal vere opne om legemiddelprisar der vi kan». Arbeidarpartiets stortingsrepresentant Mørland argumentere i BT 5. juni på same vis: «Så langt det lar seg gjere, skal vi ha openheit.»

Les også

En billig medisin ga eldre synet tilbake. Det ville legemiddelselskapene stoppe.

Men unnskyld meg: Anten har ein openheit om legemiddelprisar, eller ikkje. I dag har vi hemmeleghald av medisinprisar i systemet for Beslutningsforum for nye metodar, og vi har fått innført hemmeleghald av legemiddelprisar i helseføretaka, altså på alle sjukehus. Til og med sjukehusapoteka er no pålagt å ikkje røpe kva medisinen kostar. Legar kan til nød få vite prisen, men ikkje fortelje den vidare til pasientane.

Dette virvar-systemet for hemmeleghald er det uforståeleg at Ap og KrF støttar.

Det kan koste oss dyrt. Argumentasjonen for å akseptere hemmeleghald var at legemiddelprisen då ville bli lågare. Men korleis kan ein tru at legemiddelindustrien kjempar for hemmeleghald, dersom det skulle føre til at industrien taper pengar?

Det er ikkje for seint å snu. Senterpartiet vil fremje nye forslag i Stortinget om å sikre openheit om legemiddelprisar i Norge. Ved neste votering i Stortinget håpar vi at opposisjonen vil samle seg. Det kler ikkje eit sterkt, offentleg helsevesen som vårt å operere med hemmeleghald av kva medisinen kostar.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg