Forlenga bokavtale er fornuftig

Eg tenkjer først og fremst på boklesarane og forfattarane.

VIL HA INNSPEL: Eg vil understreke at formålet med å innføre ein lik fastprisperiode for nye bøker sjølvsagt ikkje er at bøkene skal bli dyrare, men å få ei ordning med meir likebehandling som er meir føreseieleg for forfattarane, skriv kulturminister Trine Skei Grande (V). Foto: Tore Meek, Scanpix

  • Trine Skei Grande
    Kulturminister (V)
Publisert:

Bergens Tidende skriv i leiaren sin 3. september at «dyrare bøker ikkje er redninga for norsk litteratur».

Eg vil understreke at formålet med å innføre ein lik fastprisperiode for nye bøker sjølvsagt ikkje er at bøkene skal bli dyrare, men å få ei ordning med meir likebehandling som er meir føreseieleg for forfattarane.

Det er ikkje snakk om ei utviding av fastprisperioden for alle bøker. I dag er det slik at fastprisperioden varer til 1. mai året etter at ei bok er gitt ut. Slik kan fastprisperioden i noverande ordning vere frå fem til seksten månadar.

Det vi vil sende på høyring er ganske riktig ein fastprisperiode på eitt år frå den datoen boka blei gitt ut.

Les også

BT på leiarplass: «Dårleg idé, Trine Skei Grande»

Det vi ønskjer å oppnå med den føreslegne endringa, er å fjerne det koordinerte prisfallet på nye titlar som vi har i dag. Med denne endringa vil salskampanjar på nye titlar bli spreidd over heile året, noko som vil vere ein fordel for forbrukarane.

Høve til ein fastprisperiode på 12 månader for alle førsteutgåver vil òg gi meir dynamikk i marknaden og styrkje konkurransen mellom bokhandlane.

Den norske litteraturpolitikken er ein suksess. Vi har innkjøpsordningar, momsfritak, fastprisordning med litteraturabonnement, skaffe- og leveringsplikt og normalkontrakt, i tillegg til stipend- og vederlagsordningar for forfattarane.

Slik legg vi til rette for at det blir skrive, gitt ut, omsett og lese eit mangfald av kvalitetslitteratur her i landet.

Denne regjeringa har nedfelt i Jeløya-erklæringa at vi ønskjer å behalde fastprisordning for bøker, men vurdere korleis konkurransen i bokmarknaden kan bli betre.

Det er difor vi vurderer vi å leggje om fastprisperioden. Eg ser fram til innspel frå bransjen og andre når vi sender framlegga på høyring.

Les også

Over 60 forfattere fra Vestlandet gir ut bok i høst

Sjølv om marknaden i dei fleste tilfelle er den beste til å regulere handel, finst det gode døme der marknadssvikt krev at det blir lagt til rette for konkurranse på andre vilkår.

Konkurranselova i seg sjølv er ei regulering av marknaden. Det kan verke som om BT ser heilt bort ifrå det.

Eg vil understreke at den norske fastpris-ordninga er langt frå eineståande i Europa. Andre land med ein sunn bokbransje har mykje lengre fastprisperiodar. Til dømes har både Spania, Frankrike og Austerrike over 2 år og Tyskland og Hellas 18 månader.

Forlaga og bokhandlane er viktige for at vi har eit mangfaldig tilbod av bøker landet rundt.

Men eg kan forsikre om at det først og fremst er boklesarane og forfattarane vi tenkjer på når vi vil høyre meiningar om desse framlegga til endring. Eg ser fram til å få innspel.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg