Skjebnetime for Nonneseter

DEBATT: Bør ikkje staden for Noregs mektigaste kvinnekloster frå mellomalderen opnast og formidlast for ein ny generasjon?

NONNESETER: Noregs største og rikaste kvinnekloster før 1350. Fred Ivar Utsi Klemetsen

  • Åslaug Ommundsen
    Professor i mellomalderlatin ved UiB, og fagleg leiar i Mellomalderklynga

Bergen forvaltar ein fantastisk kulturarv frå mellomalderen, som er med på å setje byen vår på kartet og trekkje hundretusenvis av tilreisande og til byen kvart år. Håkonshallen, Mariakirken og andre element som er att av mellomalderens rike bymiljø, er ein viktig del av Bergens sjel og avgjerande for byens identitet.

Nonneseter kloster i Bergen var Noregs største og rikaste kvinnekloster før 1350. Bygningsrestane har ei lang og rik historie også frå reformasjons- og tidleg moderne tid, som dei einaste bevarte delane av hovudbygninga for Lungegården.

Tårnfoten er truleg den eldste bevarte bygninga i Bergen, og både denne og det særmerkte kapellet («døvekirken») fortener meir fokus enn dei har fått til no, slik dei ligg som to åtskilte element etter klosterkyrkja. Bergen har eit nasjonalt ansvar for å forvalte denne arven på ein forsvarleg måte, og det bør vere premisset i saka som skal behandlast i bystyret.

Som fagleg leiar i Mellomalderklynga reagerer eg på den framstillinga av møtet 16. august som er gitt i i BT 3.12. Til møtet var ei rekke fagpersonar inviterte for å uttale seg i forhold til planane for Nonneseter. Alle uttalte seg individuelt, som ekspertar på Nonneseter, klosterhistoria og dei arkeologiske utgravingane i området. For å få betre formidling av ruinens historie var riving av fabrikken eit fagleg råd frå både universitetstilsette og NIKU, i tråd med tidlegare faglege råd og gjeldande reguleringsplan.

Mellomalderklynga skal vere eit samarbeidsorgan for dei fremste fagmiljøa innanfor mellomalderfeltet, og det er ikkje merkverdig at fagfolk kjem frå institusjonar som samarbeider gjennom Mellomalderklynga. Klyngesamarbeidet gjev gode vilkår for faglege råd og innspel, og handlar ikkje om «skjulte møte» slik ein kan få inntrykk av i BT.

Diskusjonen om Nonneseter er for viktig til å handle om ein byråds møtekalender. Spørsmålet er korleis Nonneseter på best mogleg vis kan bli ein del av det offentlege byrommet og bli ein ressurs for alle.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg