Naudrakett frå ein sjukepleiar
- Eskild HustvedtSjukepleiar og avdelingstillitsvald for Fagforbundet ved kreftavdelinga på Haukeland Universitetssjukehus


Det er haust og budsjettsesong i helseføretaka. Eller «haustens vakraste eventyr», som ein kollega sarkastisk sa. Ved sjukehusa betyr det meir kutt, meir innsparingar. Me køyrer på sparebluss frå før, og verre skal det bli.
Mellom anna tvinger regjering og storting gjennom «avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma» i sjukehusa. Berre namnet illustrerer ein total mangel på forståing av korleis sjukehusa fungerer. Intensjonen er kanskje å slanke administrasjonen. I praksis vert det ostehøvelkutt. Det vert fleire pasientar og meir å gjere for oss, men økonomien følg ikkje med. Det er ikkje mogeleg å auke bemanninga.
Me som jobbar i tenesta gjer alt me kan for at pasientane ikkje skal måtte betale prisen. Eg og alle mine kollegaer vil at pasientane skal få god og trygg behandling, kombinert med god pleie og omsorg.
Det blir vanskelegare å gjere for kvart år. Pleia og omsorga blir meir og meir pressa, dytta til sides for å få tid til den medisinske behandlinga.
Dette er ikkje mine nærmaste leiare sin feil. Det er ikkje ein gang leiinga i Helse Bergen eller Helse Vest sin feil. Dei gjer det dei kan med den ramma ein får. Dette er eit politisk ansvar.
Eg sender opp ei naudrakett, som mange har gjort før meg. Men eg er redd ansvarlege politikarar snur ryggen til, og fortset å late som ingenting. Me får vel berre springe litt fortare.
Les mer om dette temaet
Mest lest akkurat nå
Mistenker hærverk på togstasjon
Tunneler ved Nesttun stengt etter melding om brann
Utenfra likner den en hurtigbåt. Bli med inn i superfartøyet.
Erik var i elendig form før han møtte Benedicte. Her er de på vei til bryllupet sitt.
Visste ikke om passregel. – Provoserer at andre betalte seg frem i køen.
Meklingen i oppgjørene for stat og kommune fortsetter på overtid
BT anbefaler
Erik var i elendig form før han møtte Benedicte. Her er de på vei til bryllupet sitt.
No skal møk frå Dag Inges grisar varme opp sjukehus
Olga fikk beskjed om å flytte fra Bergen mandag morgen. I siste liten kom beskjeden som endret alt.
«Små føtter setter dype spor», sto det på en siste hilsen. Da Monica mistet sønnen, bestemte hun seg.