Å leita etter nederlag

Kvifor blir me opphengde i det som er negativt, når det fine lyser mot oss?

Anders Totland skriv om eit av sine sterkaste barndomsminne.
  • Anders Totland
    Forfattar, Kvinnherad
Publisert Publisert
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Eg var kanskje ti eller elleve år og var ute i hagen då ein gjeng frå klassen stoppa utanfor huset vårt. Dei såg ikkje meg, men eg høyrde veldig godt kva dei sa, då ei av jentene spurde: «Må me verkeleg ha med Anders i dag òg?»

Det sette seg som ein heilt enorm klump i magen. Eg visste vel at eg ikkje var favoritten til absolutt alle, men no blei det sagt rett ut – medan eg sjølv kunne høyra det. Det brende seg fast, som eit av dei aller sterkaste minna mine frå barndommen. Kjensla av å bli mislikt, av å bli avvist.

Og det tok nesten 20 år før eg klarte å ta innover meg det som skjedde etterpå. For det var jo eit spørsmål der. Og det kom eit svar. Fleire av dei andre svara at «ja, det må me». Og så blei eg med og lot som om eg ikkje hadde høyrt noko av det som var blitt sagt.

«Det brende seg fast, som eit av dei aller sterkaste minna mine frå barndommen. Kjensla av å bli mislikt, av å bli avvist» skriv Anders Totland.

No er eg 35 år og har heilt andre føresetnader for å forstå og takla både små og store nedturar. Likevel tar eg meg i å fortsetja med det same.

I februar fekk eg e-post frå ein redaktør som hadde lese manuset mitt. Ho svara at manuset, som eg meinte var ei fiks ferdig bok (i alle fall nesten), i beste fall var ein tredjepart av det som måtte til for at denne historia skulle bli god nok.

Og så la eg det frå meg.

I dag tidleg fann eg fram e-posten igjen. Sju månader seinare las eg på nytt kva det var ho eigentleg skreiv då ho hadde lese manuset mitt. Og no var tonen ein heilt annan, sjølv om e-posten var den same.

I e-posten står det at eg har fått til å skriva ei fin historie med humor og varme, med karakterar som lesaren vil bli betre kjend med. Redaktøren skriv til og med rett ut: «Eg vil ha meir!» Og som om ikkje det var nok, avsluttar ho heile e-posten med eit kraftfullt: «Eg har trua!»

Er det ikkje rart kor opphengde me kan bli i det som er negativt, når det fine praktisk talt lyser mot oss?

Heldigvis tok det ikkje 20 år denne gongen, berre sju månader. Og no skal eg skriva. Forhåpentlegvis blir det ei fin barnebok om eit år eller to.

Publisert