Tørrfisk i elva og gift i kjellaren

Julematen i 2022 er nesten like god som han var tidleg på 1950-talet.

Å skaffe tørrfisk var første steg i eit av innsendaren sine første juleminne frå barndomen i Vaksdal.
  • Kåre Ness
    Lindås
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Førjulstid tidleg på 1950-talet. Tørrfisk til bløyt i elva! Dette er eitt av mine første minne om jul og julemat heime på Eidsland.

Far skaffa alltid tørrfisk frå byen i god tid før den store høgtida. So gjekk han til elva med fisken. Der fekk julemiddagen liggja i bløyt ei vekes tid i krystallreint, iskaldt rennande vatn og festa til ein trestamme på elvebreidda med tau.

Stundom fraus det til, og far måtte hogga hol i isen for å finna att fisken. Eit år var julematen vekke, og vart aldri meir spurd.

Kåre Ness har blitt «julepensjonist» i godt vaksen alder.

Som oftast gjekk det fint. Når fisken var passeleg mjuk, henta far han heim. Det var tid for luting i den store sinkstampen i kjellaren, same stampen som me ungane bada i om laurdagane. Men no måtte me halda oss på avstand, for dette var tidspunktet då far henta fram den gulbrune, firkanta flaska med daudinghovud på etiketten.

«GIFT» sto det med stor skrift. Skummelt og farleg, og ikkje til å forstå for oss små at det måtte gift til for å laga julemat. Men me leit på far at det måtte vera slik. Han doserte lut og vatn og visste akkurat kor lenge fisken skulle ligga.

Julaftan tok mor kommandoen. Lutefisken måtte vera fast og fin når han kom på bordet. Dette kunne ho. Potetene var store og runde, dampande varme og utan skal. Bondesmøret, det gode gule saltsprengde bondesmøret, låg på fint fat og godgjorde seg.

Snart skulle smør og poteter knaast med gaffelen! På enden av bordet var det gjort plass til ein stor stabel heimelaga flatbrød steikt på bakstehella over den store vedkomfyren i kjellaren. Og so var det Perle og Bruse julebrus attåt.

I vaksen alder lærde Kåre Ness at det fanst mange måtar å servere lutefisk på.

I heile barndommen trudde eg at dette var einaste måten å eta lutefisk på. Det kom som eit realt sjokk då eg vart gammal nok til å få kjærast og svigerfamilien diska opp med lefser og sennep til lutefisken. Poteter var det ikkje snakk om.

Det gjekk mange år før eg tok slik ein «uskikk» for god fisk. Seinare lærde eg at det finst knapt grenser for korleis ein matrett kan lagast til.

No er eg so gammal at eg overlét alt av juleståk til dei andre. Ein slags julepensjonist er eg visst vorten. Det går greitt, for heilt av seg sjølv, utan at eg lyftar ein finger, vert det minst tre omgangar med lutefisk.

I dag er det serieprodusert fabrikklutefisk som ligg på tallerkenen. Ved sida av bognar det med erter, kålrabistappe og andre stappar, tjukk sennep, rikeleg med feitt, og beiken i bitar. Og so er det øl og akevitt attåt.

Fisken har garantert ikkje lagt til bløyt i rennande elve-vatn. Flaskene med daudinghovud har neppe nokon sett sidan 1960-talet.

Jau visst er det godt også i 2022. Ubegripeleg godt. Nesten like godt som på tidleg 1950-tal.

Denne teksten er blant bidraga til BTs skrivekonkurranse «Vi som lager jul». Les fleire av bidraga på bit.ly/btjul22.

Publisert: